Om Bistand
FN sine berekraftsmål

Berekraftsmåla

Berekraftsmåla er eit resultat av forhandlingar mellom medlemslanda i FN. Noreg har teke aktivt del i arbeidet.

Dei 17 berekraftsmåla i FN blir førande for norsk utviklingspolitikk fram mot 2030.

Ekstrem fattigdom skal utryddast. Sosiale forskjellar skal jamnast ut. Klimaendringane skal bremsast.

Medlemslanda i FN har vedteke 17 globale felles mål for ei berekraftig utvikling dei neste 15 åra.

Dei nye berekraftsmåla ser miljø, økonomi og sosial utvikling i samanheng.

Erstattar tusenårsmåla

Berekraftsmåla erstattar tusenårsmåla som vart vedtekne i år 2000.

Tusenårsmåla har vore ein suksess. Dei har mobilisert til felles innsats mot fattigdom og for utvikling.

Ekstrem fattigdom har vorte halvert. Ni av ti barn går no på skule. Millionar av malaria- og HIV/AIDS-relaterte dødsfall har vorte hindra.

Fleire av tusenårsmåla har vorte vidareførte i berekraftsmåla.

Nye utviklingstrekk

Breidda av berekraftsmål gjenspeglar endringane verdssamfunnet har gått gjennom sidan 2000.

Maktforholdet mellom nord og sør, og aust og vest er annleis.

Nord og vest har opplevd finansielle kriser. I sør og aust har det vore ei positiv økonomisk utvikling. Verda går samtidig gjennom utfordringar knytte til klimaendringar, aukande forskjell og sosial uro.

Alle desse dimensjonane av berekraftig utvikling blir inkluderte i berekraftsmåla: miljø, økonomi og sosial utvikling. På denne måten tek den nye berekraftsagendaen i større grad tak i årsakene til fattigdom enn det tusenårsmåla gjorde.

Det blir viktig å styrkje offentlege institusjonar, godt styresett og stabilitet. Dette er grunnleggjande strukturar for fattigdomsnedkjemping og berekraftig utvikling, spesielt i sårbare samfunn.

Den nye agendaen stadfestar at det framleis er eit behov for eit høgt bistandsnivå. Samtidig anerkjenner han at det òg er nødvendig å utnytte andre og større kapitalstraumar.

Ifølgje Verdsbanken sine analysar må vi gå frå å snakke om milliardar til å snakke billionar (engelske trillionar) dersom verda skal klare å finansiere dei nye måla. 

Finansiering for utvikling

I Addis Abeba i Etiopia vart den tredje konferansen for finansiering for utvikling halden i juli 2015.  Der vart det semje om eit rammeverk for å finansiere berekraftig utvikling. Dokumentet stør opp under dei nye berekraftsmåla.

Betre politiske og økonomiske vilkår nasjonalt og internasjonalt er avgjerande for å lykkast, slår dokumentet fast. Det viser at det mellom anna må leggjast meir vekt på likestilling for å styrkje den økonomiske veksten i eit land. 

Finansiering for utvikling-konferansen la òg fram nokre sentrale tiltak for å få nok midlar til arbeidet.

Meir skatt gjennom pålitelege skattesystem, stansing av ulovleg kapitalflukt og nedkjemping av korrupsjon blir trekte fram.

Skatt for utvikling er eitt døme på norsk bistand som bidreg til dette.

Norad leier òg eit internasjonalt nettverk av korrupsjonsjegerar.

Gjeld alle land

Måla er ikkje berre ein plan for utviklingslanda. Dei er mynta på innanrikspolitiske forhold i alle land.

Den nye agendaen er tydeleg på kva rammevilkår som må liggje til grunn for at ein skal lykkast med dette arbeidet.

Han peikar på at demokrati, godt styresett og ein rettskultur er avgjerande for berekraftig utvikling. Måla tek sikte på å realisere menneskerettane for alle.

Bodskapen er at ingen skal etterlatast: No one will be left behind.

Demokratisk prosess

Alle dei 193 landa i FN har fått ta del i utforminga av berekraftsmåla.

Tusenårsmåla vart laga av tilsette i FN-systemet, med utgangspunkt i alt vedtekne forpliktingar. Berekraftsmåla har til forskjell vorte til gjennom mellomstatlege forhandlingar.

Sivilsamfunnsorganisasjonar og privat næringsliv har òg bidrege. 

Verdsomfattande meiningsmåling

Generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon, ønskte at berekraftsagendaen mot 2030 skulle vere den mest inkluderande utviklingsprosessen i verda. My Word-undersøkinga er eit døme på dette.

My World var ei verdsomfattande spørjeundersøking som vart gjennomført før utforminga av berekraftsmåla. Undersøkinga samla inn mykje data på kva slags problem som opptek folk globalt. Spørjeundersøkinga har vorte utført både på nett og via fråkopla kanalar via FN.

Resultata frå My World-undersøkinga er fritt tilgjengelege. Ein interaktiv statistikkportal gjev svara frå over åtte millionar menneske. Resultata viser at mykje er likt mellom landa. Forskjellane er små mellom menn og kvinner.

Utdanning går igjen i undersøkinga som det temaet flest framhevar som det viktigaste for seg sjølv og eigen familie.

Svara frå undersøkinga hadde direkte påverknad på utforminga av berekraftsmåla på høgaste nivå.

Klimafokus

Gjennom den nye agendaen har verda sett seg mål om å ta klima- og miljøomsyn. Dette omfattar industri, landbruk, byar og energi.

Under klimatoppmøtet COP21 i Paris i 2015 vart alle landa i verda samde om å halde den globale temperaturauken godt under 2 gradar samanlikna med før-industrielt nivå, og å arbeide for å halde temperaturauken under 1,5 gradar.

17 berekraftsmål

 

 

Publisert 01.05.2024
Publisert 01.05.2024
Oppdatert 01.05.2024
Oppdatert 01.05.2024