Om Bistand

Kva er bistand?

I Noreg blir omgrepet «bistand» hovudsakleg brukt om offentlege ressursar som skal stø og byggje opp under sosial og økonomisk utvikling i fattige land. Det er svært mykje som kan tolkast inn under dette føremålet, og blant bistandsgjevarar er det ofte ulike meiningar om kva som gjev utvikling, når og korleis. Derfor har OECD sin  utviklingskomité, «Development Assistance Committee» (DAC) – eit forum for gjevarland, der også Noreg er medlem - sett ein internasjonal standard for kva som kan reknast som bistand eller «Official Development Assistance» (ODA), som er den internasjonale nemninga for bistand.

Ifølgje DAC-definisjonen er bistand støtte i form av pengar, materiell, aktivitetar eller tenester (ekspertise/kompetanse) som har som hovudmål å bidra til økonomisk og sosial utvikling (å auke velferda) i eitt eller fleire utviklingsland (låg- eller mellominntektsland). Lista over land som kan få ODA, blir oppdatert kvart tredje år, og land som har vore høginntektsland samanhengande i tre år, går ut av lista.

Så lenge bistanden er i tråd med føremålet (økonomisk og sosial utvikling) og innanfor dei geografiske rammene (utviklingsland), er det opp til gjevarlandet å fastsetje tematikk, kanal, tiltak og budsjettvolum. Sidan skipinga av OECD sin utviklingskomité i 1960 har derfor svært mange og svært ulike innsatsområde, sektorar, prosjekt og initiativ vorte del av internasjonal bistand. Ulike satsingsområde og skiftande tematisk fokus kan vere utslag av nye kriser eller utviklingstrekk i fattige land, eller nye idéar og kunnskap, eller politikk, i gjevarlanda. I dag rommar til dømes ODA alt frå vass- og sanitærinnsats, til innsatsar for reduksjon av klimautslepp, til garantiordningar for private investeringar i fattige land, demokrati- og institusjonsstøtte og dessutan vern av sårbare grupper og minoritetar. Enkelte område, som til dømes militære innsatsar kan ikkje rapporterast som bistand, sjølv om dette har som føremål å verne fred og stabilitet i utviklingsland.

Generalforsamlinga i FN vedtok i 1970 ein resolusjon som sette som mål at alle rike land - innan 1975 – skulle nå eit bistandsvolum tilsvarande 0,7 prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI) i landet. Medan Sverige, Nederland, Noreg og Danmark nådde dette målet allereie i 1980, har gjennomsnittet i DAC aldri overstige 0,4 prosent. Noreg har lenge hatt eit mål på tvers av ulike regjeringar om å gje éin prosent av BNI til bistand.

Eit viktig prinsipielt skilje innanfor ODA går mellom den langsiktige utviklingsbistanden og humanitær naudhjelp. Førstnemnde bistandsform skal sikre langsiktig økonomisk vekst og fattigdomsreduksjon og her har gjevarland eigne politiske og/eller fagleg grunngjevne prioriteringar som ideelt sett bør harmonere med dei politiske prioriteringane i samarbeidslandet (mottakarlandet). Den humanitære bistanden er derimot kortsiktig og behovsstyrt og skal ideelt sett implementerast upartisk og uavhengig av prioriteringane til nasjonale styresmakter. 

Publisert 06.08.2024
Publisert 06.08.2024
Oppdatert 06.08.2024
Oppdatert 06.08.2024