Bistand siden 1952
Bistand sidan 1952
Det statlege bilaterale utviklingssamarbeidet starta med Stortinget si oppretting av Fondet for hjelp til underutvikla land i juni 1952. Fondet vart òg kalla Indiafondet. Ein føresetnad for å opprette fondet, var at det i tillegg til offentleg finansiering, skulle få pengar frå innsamlingar og gåver.
Samarbeid med India
Den første bilaterale bistandsavtala vart underteikna i oktober 1952 mellom India, FN og Noreg. Gjennom dette samarbeidsprosjektet med den indiske regjeringa, støtta Noreg helsearbeid og fiskerisektoren i Kerala på sørvestkysten av India. Formålet med hjelpa var «å yte et bidrag til å fremme det indiske folks økonomiske og sosiale velferd».
Samarbeidet skulle etter kvart omfatte tre indiske delstatar med bistand til utvikling og modernisering av fiske, fiskefagskoler, lokal fiskeforedlingsindustri, båtbyggerier, hamneutbygging og verkstadar samt eit forsyningsanlegg for vatn, ein røyrfabrikk og eit helseprosjekt.
I 1972 overtok India drifta av prosjektet. Dei samla norske løyvingane til prosjektet utgjorde 111,5 millionar kroner. Indarane bidrog sjølv med rundt 120 millionar.
Utviklingshjelpa utvidast
Ved inngangen til 1960-tallet vart det klart at Norge sitt samla engasjement i utviklingshjelpa skulle aukast. Verksemda vart etter kvart utvida til nye land i Asia og i Afrika.
I stortingsvedtak av 8. februar 1962 vart Fondet for hjelp til underutvikla land avløyst av Norsk Utviklingshjelp. Dette skulle vere ein frittståande statleg institusjon med eige styre, som administrativt låg under Utanriksdepartementet (UD).
I januar 1963 underteikna representantar for fire nordiske land ei avtale om felles nordisk bistand til Tanzania. I april same år vart Det norske Fredskorpset oppretta, og i desember kom den første gruppa av norske fredskorpsdeltakarar Uganda.
Norad vert til
Frå 1968 vart administrasjonsforma igjen lagt om, og Norad, eit frittståande direktorat under UD, vart oppretta. Direktoratet skulle jamfør instruksen «trekke opp planer for anvendelse av Norges samlede offentlige bistand til utviklingslandene og for samordning av denne bistanden».
Den engelske nemninga for Norad er Norwegian Agency for Development Cooperation.
Delt ansvar
Fram til 2004 var forvaltinga av norsk bistand delt mellom UD og Norad.
Direktoratet hadde ansvaret for den langsiktige bilaterale bistanden, medan UD hadde ansvaret for forvaltinga av bistand via dei internasjonale organisasjonane som FN, Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet - den multilaterale bistanden - samt naudhjelp og humanitær bistand.
Frå 2004 vart ansvaret for alle ambassadar med bistandsoppgåver flytta frå Norad til UD. I april 2004 overtok UD òg forvaltinga av stat-til-stat-samarbeidet, medan Norad skulle vere ein fagetat og det sentrale fagmiljøet for evaluering, kvalitetssikring og resultatformidling av norsk bistand. Norad forvalta òg tilskot til sivilsamfunn, næringsliv og høgre utdanning.
I 2017 overførde Utanriksdepartementet ei rekkje oppgåver til Norad. Innan helse og utdanning fekk Norad ansvar for betydelege forvaltingsoppgåver og styreverv i utvalde organisasjoner og fond. Norad fekk òg ansvar for omfattande deler av løyvingane til klima, miljø, energi, mattryggleik og klimatilpassa landbruk. Kunnskapsbanken blei etablert i 2018.
Norad har frå august 2024 fått ansvar for å forvalte enno meir av bistandsbudsjettet, mellom anna naudhjelp og humanitær bistand, globale tryggleiksspørsmål, menneskerettar og store delar av FN-støtta. Norad har òg fått ansvar for all forvaltings- og bistansfagleg rådgjeving innan utviklingssamarbeid og ansvar for forvaltingssystem, rettleiarar og opplæring knytt til forvalting av tilskotsmidla.