Styring av Norad og styringsdokument
Norad er eit direktorat som rapporterer til Utanriksdepartementet (UD) og Klima- og miljødepartementet (KLD). Våre oppgåver er forankra i Hovedinstruks for Norad og årlege tildelingsbrev frå departementa.
Utanriksdepartementet (UD) har overordna administrativt og budsjettmessig ansvar for Norad. UD har ansvar for styring av Norad i alle saker med unntak av klima- og skogsatsinga som Klima- og miljødepartementet (KLD) styrer.
Norad sitt ansvar, oppgåver og myndigheit er forankra i Hovedinstruks for Norad. I årlege tildelingsbrev gir departementa Norad dei økonomiske rammane, prioriteringar og fullmaktar for året og set òg krav om rapportering.
Avdeling for evaluering jobbar etter ein eigen instruks for evalueringsverksemda og rapporterar til UD og KLD. Evalueringsverksemda flyttar i 2025 til Norec.
Styringsdokument
- Hovedinstruks for Norad
- Instruks for evalueringsvirksomheten i norsk bistandsforvaltning
- Tildelingsbrev
- Norads strategi, bokmål – Norad sin strategi, nynorsk
- Norads strategi, engelsk