Hvordan jobber Norad mot misbruk og korrupsjon i bistanden?

I bistanden er det risiko. Bistanden går ofte til dei mest sårbare områda i verda: Dei fattigaste landa, land i krig og konflikt, land med skjøre styresett og svake institusjonar. Faren for korrupsjon er høg.
Derfor er kontroll på pengane så viktig.
Noreg har nulltoleranse for korrupsjon og anna økonomisk misbruk. Pengar som ikkje går dit dei skal, er med på å stanse utviklinga og øydeleggjer fellesskapet.
Mesteparten av norsk bistand er forvalta i Norad. Dei viktigaste mottakarane er internasjonale organisasjonar som FN og Raudekrossen-rørsla, sivilsamfunnsorganisasjonar, styresmakter i partnarland i det globale sør og i aukande grad også til private verksemder. Norad reduserer risiko og førebyggjer faren for misbruk i alle prosjekt. Heilt frå før eit prosjekt startar til det sluttar fylgjer Norad opp og kontrollerer kva pengane går til.
Kvalitet og risiko
Norad vurderer grundig både organisasjonen og prosjektet før eventuell tildeling og har krav til system og kontroll. Vi ser mellom anna på:
- Fagkunnskap og kjennskap til landet eller området
- Kapasitet og økonomistyring
- Forholdet partnaren har til sine eigne samarbeidspartnarar
- Risikoreduserande tiltak
Vi vurderer òg risikovurderinga til søkjaren, og kva som må gjerast for å redusere risiko. Dersom risikoen er høg, kan vi stille strengare krav i avtalen.
Søkjarar må ha etiske retningsliner som oppfyller standardane til Norad.
Krava har blitt tydelegare dei seinare åra.
Rapportering og kontroll
Ein partnar som har fått støtte skal rapportere jamleg på resultat, risiko og bruk av pengar.
I avtalane står det at Norad kan krevje pengar tilbake dersom det skjer alvorlege brot på vilkåra.
Norad følgjer opp prosjekta gjennom dialog, møte og eventuelle prosjektbesøk. For prosjekt over 100 000 kroner krev vi alltid revisjon.
Norad tar også stikkprøvar. Då testar vi om rutinane for kontroll faktisk fungerer i praksis. På den måten kan vi oppdage svikt eller feil.
Når ein avtaleperiode er over, må partnaren levere sluttrapport, og ofte ei evaluering.
Gode og dårlege erfaringar blir brukte til å lære og forbetre framtidige prosjekt.
Mistanke om misbruk
Alle som får norske bistandspengar, har plikt til å varsle umiddelbart dersom dei mistenkjer at pengar ikkje går til det dei skal. Det same gjeld ved mistanke om seksuelle overgrep, utnytting eller trakassering. Internasjonale organisasjonar som FN har ansvar for å fylgje opp slike saker sjølve.
Norske styresmakter kan òg få mistanke gjennom vanleg oppfølging eller stikkprøvar. Nokre gonger kjem det varslar direkte til Norad eller Utanriksdepartementet.
Norads internrevisjon behandlar alle varslar som kjem til varsling@norad.no og gjennom Norads varslingsteneste. Internrevisjonen vurderer om det kan vere snakk om misbruk av pengar gjennom Norad, og gjennomfører i mange tilfelle eigne granskingar.
Varsling og sanksjonar
Når Norad opprettar ei varslingssak, vurderer vi alltid om vi bør stanse vidare utbetalingar til prosjektet for å hindre at meir pengar går tapt.
Pengar som ikkje er brukte i tråd med avtalen, skal alltid betalast tilbake.
I tillegg kan Norad seie opp avtalen, eller stille krav om at partnaren rettar opp feil for å få vidare støtte.