Grønare bistand

Blomst

Grønare bistand

Norad har sett ambisiøse mål for klima og miljø – både for eiga verksemd og for bistandsmidla vi forvaltar. Innan 2030 skal Norad halvere utslepp frå eiga verksemd i tråd med 1,5 gradersmålet i Parisavtalen. Norad er sertifisert etter ISO 14001-standarden for miljøleiing, som nyttast for å styre påverknaden som verksemder har på miljøet. Norad har i tråd med denne, vedteke ein miljøpolicy, sett tydelege miljømål og utarbeidd ein eigen handlingsplan for grønare bistand.

«Vårt mål er at klima og miljø skal integrerast i alt arbeid vi gjer, og vere førande for utvikling av nye partnarskap og initiativ», heiter det i Norad sin strategi mot 2030. «Vi skal systematisk integrere klima og miljø på prosjekt- og porteføljenivå og tydeleg leggje vekt på dette i dialog med samarbeidspartnarar. Vi vil jobbe for å vere leiande i det offentlege Noreg som ein grøn etat.»

Publisert 12.07.2024
Publisert 12.07.2024
Oppdatert 12.07.2024
Oppdatert 12.07.2024