Berekraftsmåla

Vi må verne heimen vår: Jorda

SDG15

Sjå for deg at Oslomarka vart hogd i løpet av nokre veker. Millionar av menneske opplever at lokalt plante- og dyreliv forsvinn i rekordfart - utan at dei får høve til å påverke raseringa.

Kvart minutt mistar verda ti fotballbaner med regnskog. I kampen mot klimaendringane er regnskogen ei av dei viktigaste slagmarkene.

Dei årlege utsleppa frå avskoging svarer til dei årlege utsleppa frå alle bilane i verda. Skogane er nemleg eit gigantisk karbonlager; tre tek til seg CO2 og gjev oss rein luft tilbake. Å verne regnskogane bidreg derfor til å bremse globale klimaendringar.

Dei fleste av oss bur på land; - heimen vår må bevarast!

Berekraftsmål 15 omfattar ikkje berre regnskog, men alle former for liv og økosystem som er på jordoverflata. Det handlar om at vi må verne, rette opp att og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvalting, kjempe mot ørkenspreiing, og stanse og reversere landdegradering.

Det dreier seg òg om det biologiske mangfaldet i verda, om å ta vare på det fantastiske plante- og dyrelivet vårt. Truga artar må vernast frå å døy ut, og naturområde må vernast frå øydelegging.

I tillegg er mattryggleik og rettane til urfolk andre viktige grunnar til å sørgje for ein berekraftig bruk av naturressursane våre. På den eine sida er respekt for kulturen og tradisjonane til urfolk eit viktig argument. Samtidig bidreg urfolk som bur i regnskogområde, til å halde oppe økologi- og artsmangfald, og til overvaking av skogen. Fleire samarbeider med lokalt politi og varslar ifrå dersom dei ser inntrengjarar som ønskjer å bruke naturressursane ulovleg.

Bistand til Zambia vernar ville dyr og gjev økonomisk utvikling

I South Luangwa Valley i Zambia kan du treffe elefantar på veg gjennom resepsjonen i hotellet. Det kunne du ikkje for 30 år sidan.

Noreg har gjeve bistand til South Luangwa Valley for å verne dei ville dyra som bur der, og samtidig hjelpe dei lokale bøndene i området og hindre snikjakt. Mange vaktarar vart rekrutterte frå landsbyane rundt, og bøndene har fått støtte til å tilarbeide og selje dei lokale produkta sine.

Her kan du sjå ein av verdas største baobab- og ibenholtskogar, med ville løver, elefantar og leopardar tett innpå. Sidan 2005 har turismen vakse i området, prosjektet har vorte finansielt berekraftig og norsk bistand trengst ikkje lenger i området.

Publisert 19.07.2024
Publisert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024