Berekraftsmåla
Mål 9: Industri, innovasjon og infrastruktur

Veg legg til rette for berekraftig utvikling

Ein føresetnad for å nå dei fleste av berekraftsmåla i FN.

Video: Noreg har gitt hjelp til utbygging av straumnettet til og på øya Pemba, utanfor Tanzania. Dette har ført til eit betre liv for kvinnene på øya, som no har tilgang til straum både heime og på sjukehuset.

Infrastruktur er skjelettet i samfunnet. Og gode vegar er blodårene. Eit fungerande samfunn må ha vegar, jernbaner, hamner, vass- og avløp, vatningssystem i landbruket, kraftforsyning og telekommunikasjon. Og all denne strukturen må organiserast på ein god måte.

For å byggje ein solid infrastruktur og fremje ei inkluderande og berekraftig industrialisering i alle land i verda treng vi kloke hovud – og menneske som tør å tenkje utanfor boksen for å finne og utvikle nye løysingar.

Derfor er innovasjon, forsking og vitskap nøkkelord for å nå dette målet. Vi må finne nye måtar å auke potensialet i ulike land for utvikling og vekst. Kvart enkelt land må prøve å utnytte ressursane sine og industrien sin mest mogleg effektivt og berekraftig, samtidig som vi samarbeider internasjonalt for å utveksle erfaringar, dele kunnskap, vise fram gode løysingar og sikre at alle har tilgang til ny og nyttig teknologi.

Mål 4 om god utdanning er tett knytt til dette målet. 

God infrastruktur heng saman med det aller meste

Pemba er ei øy utanfor fastlandet i Tanzania. Dei 390.000 innbyggjarane mangla veg, og fekk straumen sin frå eit slite dieselaggregat. Dette stod i vegen for økonomisk vekst. Då Noreg støtta utbygging av vegar og energiforsyning på øya, fekk det store verknader.

Prosjektet viser korleis betre vegar har ringverknader som strekkjer seg utover rein økonomisk verdi.

Kvinnehelsa fekk eit oppsving på øya i tida då infrastrukturen vart bygd ut på Pemba. Tidlegare måtte kvinnene bruke oksekjerrer på humpete vegar for å kome seg fram. Gravide kvinner nådde ofte ikkje fram til sjukehusa i tide.

Dette viser korleis god infrastruktur legg til rette for utvikling innanfor alt frå økonomi til helse.

Publisert 19.07.2024
Publisert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024