Mat nok til alle

I Zambia har meir enn 70.000 småbrukarar klart å doble avlingane sine ved å leggje om til eit meir klimasmart landbruk – med norsk støtte.
Eitt av ni menneske går skrubbsvoltne til sengs kvar kveld, sjølv om det eigentleg finst mat nok til alle i verda. Etter mange års positiv utvikling, har talet på menneske som svelt, auka - mykje på grunn av klimaendringar, konfliktar og økonomiske nedgangstider.
Meir enn 820 millionar menneske i verda svelt, opplyser FNs organisasjon for ernæring og landbruk (The State of Food Security and Nutrition in the World, tal frå 2018). Det svarer nesten til eitt av ti menneske, eller seks gonger befolkninga i Russland. Og dette sjølv om det – enn så lenge – blir produsert mat nok til alle i verda.
Medan vi i delen vår av verda kastar altfor mykje mat og mange slit med fedmeproblem, er problemet i andre delar av verda at maten som blir produsert, ikkje når fram til dei som treng han aller mest.
Barn blir verst ramma
Målet handlar ikkje berre om å utrydde svolt, men også å førebyggje feilernæring. Kvart år døyr tre millionar barn under fem år av svoltrelaterte sjukdomar. I tillegg døyr fleire av sjukdomar dei elles ville overlevd, om det ikkje var for underernæring, som diaré og meslingar.
Og rundt 150 millionar barn under fem år lir av hemma fysisk og kognitiv utvikling, såkalla stunting, fordi kroppen har fått for lite eller feil ernæring i løpet dei tre første leveåra. Risikoen for at eit barn skal døy av svolt, er størst i Afrika, heile sju gonger større enn i Europa.
Krig, ekstremvêr og økonomisk tøffe tider er hovudårsakene
Krig, konflikt, klimaendringar og økonomiske nedgangstider undergrev arbeidet mot svoltproblema. Og talet på ekstreme klimarelaterte katastrofar er dobla sidan byrjinga av 1990-talet. Dette har gått hardt utover landbruket og mattryggleiken i mange land. Lange tørkeperiodar er spesielt øydeleggjande for bøndene sine avlingar.
2020 var eit vanskeleg år. Økonomien i både rike og fattige land vart ramma på måtar ingen kunne føresjå. FN-prognosar tilseier at talet på underernærte i verda vil auke med mellom 83 og 132 millionar menneske som følgje av pandemien.
Ny og berekraftig teknologi er vegen ut av svoltproblema
For å oppnå mattryggleik er vi avhengige av å ta i bruk teknologi som effektiviserer og tilpassar landbruket eit stadig meir uføreseieleg klima. Auka produksjon av mat må gå hand i hand med vern av naturen og økosystema. Småbønder, fiskarar og andre som driv med småskala og klimatilpassa matproduksjon, fortener derfor støtta vår.
For å sikre jamnare fordeling kan kvar og ein av oss ta ansvar for å redusere matsvinn og kjøpe eller lage mat som er produsert på berekraftig vis.
Målet er å utrydde alle former for svolt og underernæring innan 2030. Det handlar om å sikre at alle overalt i verda har nok mat av god kvalitet til å leve eit sunt liv. Norad jobbar med svolt- og matrelaterte prosjekt over heile verda, som til dømes i Zambia.
Bønder i Zambia vernar skogen og doblar avlingane sine
I Zambia har meir enn 70.000 småbrukarar klart å doble avlingane sine ved å leggje om til eit meir klimasmart landbruk – med norsk støtte.
Zambian Conservation Farming Unit har lært bøndene å dyrke meir på mindre areal. Med nye metodar blir avlingane mindre påverka av endra klimatiske forhold, og risikoen for feilslåtte avlingar blir redusert. Utgiftene til drivstoff, gjødsel og sprøytemiddel blir òg reduserte.
Med klimasmart landbruk er det heller ikkje nødvendig å rydde så mykje skog som tidlegare. Det er ein vinn-vinn-situasjon som bidreg til auka mattryggleik i landet, nedkjemping av svolt og feilernæring, vern av skog og betre økonomi for bøndene.