Berekraftsmåla
Mål 3: God helse og livskvalitet

God helse til alle krev ekstra smarte løysingar

Gode, moderne helsetilbod stiller krav til bruk av moderne teknologi. Med støtte frå Norad har Universitetet i Oslo utvikla eit revolusjonerande datasystem for helseinformasjon, som er i bruk i 60 utviklingsland.

Helsestatusen i verda ser betre ut enn nokon gong. Men den siste kneika mot toppen kan òg bli den hardaste.

Dei siste tiåra er det gjort enorme framsteg innan global helse. Fleire barn overlever sine fem første leveår, færre mødrer døyr i barsel, vi har vunne viktige sigrar i kampen mot sjukdomar som tidlegare kravde millionar av liv – og vi lever alle lenger!

Likevel døyr framleis unødvendig mange av sjukdomar som malaria, meslingar, tuberkulose, og diaré. Dette er sjukdomar som eigentleg kan kurerast med rett medisinsk behandling eller førebyggjast med vaksinar, myggnetting eller tilgang til reint vatn. 

Nøkkelen til å nå berekraftsmål 3 er å byggje betre helsesystem som sikrar alle innbyggjarar tilgang til grunnleggjande helsetenester og medisinar. Støtte til forsking er òg essensielt. Koronapandemien viser tydeleg kor viktig nettopp forsking og internasjonalt samarbeid er for å kjempe mot smittsame sjukdomar og andre helseutfordringar.

God framgang gjev fare for tilbakegang

Norad – på lag med andre land og organisasjonar – bidreg med betydeleg støtte til å forbetre helsesystema i dei fattige landa i verda.

Samtidig går ofte helsebistanden betydeleg ned så fort eit land har ei positiv utvikling og blir definert som eit mellominntektsland. Men dersom helsetilbodet blir svekt, er det fare for at landa fell tilbake til låginntektsnivå. Norad bidreg med støtte for at desse landa skal kome seg over denne «kneika» i overgangen til å bli eit mellominntektsland.

Noreg gjev støtte for å etablere og stabilisere helsesystem

Global Financing Facility for Every Woman, Every Child (GFF) er eit av fleire internasjonale helsefond Noreg stør og er pådrivar for. Fondet fokuserer på smart bruk av helsebistand for land i overgangsfasen, med spesielt fokus på å betre helsetilbodet for gravide, nybakte mødrer og barna deira.

Målet er å utvikle nye innovative løysingar og bidra til kunnskapsutveksling. Både styresmakter, internasjonale organisasjonar og næringslivet er engasjerte gjennom GFF, for å skape robuste helsesystem i utviklingsland.

Vi må sikre at kunnskapen blir der han trengst

Utveksling av kunnskap og kompetanse inneber ein risiko for hjerneflukt. Høgt kvalifisert helsepersonell er etterspurt over heile verda. Det kan vere ei utfordring å motivere dei beste helsearbeidarane til å bli igjen i heimlanda sine – der det er aller størst behov for kompetansen deira. Derfor har Noreg òg vore pådrivar for ein felles internasjonal avtale om ikkje å drive aktiv rekruttering av helsepersonell frå fattige land.

Norsk datasystem har spelt ei viktig rolle under covid-19

Gode, moderne helsetilbod stiller krav til bruk av moderne teknologi. Med støtte frå Norad har Universitetet i Oslo utvikla eit revolusjonerande datasystem for helseinformasjon, som er i bruk i 60 utviklingsland.

Health Information Systems Programme registrerer innsatsen til helsepersonell og gjev ei oversikt over drifta til helsestasjonar og sjukehus, medisinar i hyllene og om folk blir friske. Dette er avgjerande for å prioritere riktig og sikre alle innbyggjarar tilgang på helsetenester.

Under covid-19 har datasystemet frå Noreg bidrege til at mange utviklingsland har respondert raskt og effektivt på pandemien – ved ei systematisk registrering av smitta, sjuke og døde, kor mange som får sjukehusbehandling, talet på respiratorar tilgjengelege, og så vidare.

Publisert 19.07.2024
Publisert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024