Berekraftsmåla
Mål 4: God utdanning

Det er vanskeleg å se føre seg utvikling om ikkje befolkninga får tilgang til utdanning

Noreg speler ei leiande rolle i The Global Partnership for Education (GPE). Det globale partnarskapet for utdanning har som mål å få 25 millionar fleire barn på skulebenken og utdanne 600.000 fleire lærarar.

For å nå berekraftsmåla treng vi godt leiarskap. Ei utdanna befolkning har gode føresetnader for å stemme fram og å vere gode leiarar

Utdanning er noko av det viktigaste for at land skal utvikle seg, og nøkkelen til å jobbe seg ut av fattigdom, mot betre helse og auka likestilling i samfunnet.

Berekraftsmål 4 handlar ikkje berre om at alle unge i verda skal få høve til å gå på skule, men òg at dei får gode lærarar og kvalitet i undervisninga – heile vegen frå barneskulen til universitetet eller ei yrkesutdanning. Utdanninga skal vere relevant for arbeidslivet.

Kvifor er utdanning så viktig?

Når folk får utdanning, har dei betre føresetnader for å delta i demokratiet og påverke avgjerder som påverkar livet og levekåra deira. Innbyggjarar med god utdanning har òg eit betre grunnlag for å stemme fram gode leiarar og vere gode leiarar.

Vidare er kunnskap ein grunnstein for nye idear og løysingar – teknologiske, medisinske og økonomiske – som kan bringe utviklinga vidare.

I tillegg er utdanning eit viktig steg på vegen til frigjering, innverknad og økonomisk sjølvstende for kvinner som lever i land med låg grad av likestilling.  Der jenter får gå på skule, er det òg færre barneekteskap og tenåringsgraviditetar. Og unge kvinner får den kunnskapen dei treng for å ta kontroll over sine eigne liv.

Pandemien har vist kor sårbart utdanningssystemet er

Før koronapandemien gjekk ni av ti barn i verda på skulen. Særleg har delen jenter på skulebenken auka. Dette er ein enorm framgang sidan 1990-talet. Denne framgangen må vi no kjempe for å halde fast i. Pandemien har vore eit stort tilbakeslag, og mange millionar barn i utviklingsland er enno ikkje tilbake på skulebenken.

100 millionar barn frå 1.–8. klasse har no dårlegare lesekunnskapar enn det FN definerer som eit minimumsnivå. Det utgjer nesten ti prosent av alle barna i verda i den aldersgruppa. Og sannsynlegvis vil pandemien få store negative langtidseffektar: Talet på barn som ikkje fullfører grunnskulen, vil auke.

Eitt virus er alt som skal til for å gje millionar av barn dårlegare livsutsikter. Dette viser kor viktig det er å byggje sterke utdanningsinstitusjonar.

Eit felles løft for utdanning

Noreg speler ei leiande rolle i The Global Partnership for Education (GPE) og har sidan 2011 bidrege med meir enn 3 milliardar kroner til initiativet.

Det globale partnarskapet for utdanning har som mål å få 25 millionar fleire barn på skulebenken og utdanne 600.000 fleire lærarar. Målet er ikkje berre at barn i utviklingsland byrjar på skulen, men òg at dei faktisk lærer å lese og rekne – med god kvalitet på undervisninga.

Partnarskapet består av 50 utviklingsland, gjevarland, multilaterale organisasjonar, privat sektor og frivillige organisasjonar. Føremålet med arbeidet er òg å bidra til å utvikle og stø opp om utviklingslanda sine eigne planar for utdanningssektoren.

Dette er eit av fleire initiativ Noreg og Norad stør for å bidra til at utviklingsland når berekraftsmål nummer fire om god utdanning for alle.  Vi stør òg sivilsamfunnsorganisasjonar og FN-organisasjonar (Unicef og UNESCO), som jobbar hardt for at alle barn i verda skal få skulegang.

Vidare er Norad og Noreg engasjerte i nyskapande prosjekt som bidreg til «digital inkludering»  for å gje fleire skulebarn i verda tilgang til ny teknologi og digitalt undervisningsmateriale. Dette har vist seg å vere spesielt viktig under koronapandemien. 

Publisert 19.07.2024
Publisert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024