Elever titter inn i skolestua

Utdanning og forsking

Utdanning er ein grunnleggjande menneskerett og ein føresetnad for berekraftig utvikling og inkluderande økonomisk vekst. Samstundes gjer forsking det mogleg å løyse store samfunnsutfordringar. Norad arbeider difor med heile utdanningsløpet – frå grunnopplæring og fag- og yrkesopplæring til høgare utdanning og forsking.

Elev i blå skuleuniform rekkjer opp handa i klasserom med fleire elevar framfor tavle.

Dette støttar den norske utdannings- og forskingsbistanden

Målet med bistanden på utdannings- og forskingsfeltet er å sikre at alle barn får kvalitetsutdanning og at høgare utdanning og forsking bidreg til samfunnsutvikling.