– Høgare utdanning er ei føresetnad for utvikling

Kvifor støttar Noreg høgare utdanning i utviklingsland? Seniorrådgjevar i Norad, Tor Øyvind Rand, forklarer.
Høgare utdanning er avgjerande for at land skal kunne byggje sterke samfunn og bli mindre avhengige av bistand. Difor støttar Noreg høgare utdanning i utviklingsland.
– Skal eit land byggje opp helsetenester, utdanne lærarar, utvikle næringsliv, styrkje offentleg forvaltning og produsere ny kunnskap, trengst det menneske med solid utdanning og fagmiljø som varer over tid, forklarer Norads utdanningsekspert Tor Øyvind Rand.
Tor Øyvind Rand er seniorrådgjevar i seksjon for utdanning og forsking i Norad. I denne filmen forklarer han bistand til høgare utdanning.
Målet med norsk bistand til høgare utdanning er ikkje berre at enkeltpersonar skal få ein grad, men at land skal få betre universitet, forskingsmiljø og institusjonar. Når fleire kan ta utdanning i heimlandet eller i eigen region, er sjansen større for at kompetansen blir verande der behova er størst.
– Høgare utdanning er ikkje luksus. Det er ein føresetnad for utvikling, understrekar Rand.
På sikt handlar dette om å gjere land betre i stand til å løyse eigne utfordringar – med eigne fagfolk. Lærarar, sjukepleiarar, ingeniørar og leiarar trengst i alle samfunn, og dei blir forma gjennom utdanning.
Støtte til sør-sør-samarbeid
Norsk støtte går mellom anna til samarbeid mellom universitet og fagmiljø i sør, ofte i partnarskap med norske universitet og høgskular. Målet er å bidra til betre undervisning, meir relevant forsking, meir solide utdanningssystem, og godt styresett generelt.
Auka kompetanse blant vitskapleg tilsette ved universiteta er ein nøkkel til å styrkje kvaliteten i undervisninga. Difor blir utdannings- og forskingsstipend til fakultetstilsette ved universitet i sør prioriterte. Gradene blir tekne der, men kan inkludere opphald i Noreg.
– Støtte til høgare utdanning er støtte til samfunnsbygging, sjølvstende og varig utvikling, poengterer Norads utdanningsekspert.