Palestina: 65 000 elevar tilbake på skulen trass ekstreme forhold

Utdanning har alltid vore kjernen i oppdraget til UNRWA.
Midt i krisa i Gaza har UNRWA fått 65 000 elevar tilbake på skulen, og gir fjernundervisning til 280 000. Forholda barna og lærarane lever under er ekstremt vanskelege.
Trass i øydelagde skular, mangel på drivstoff og eit utdanningssystem i ruinar, klarer UNRWA å gi opplæring til hundretusenvis av barn i Gaza og på Vestbreidda. UNRWA er FN-organisasjonen for palestinske flyktningar i Midtausten.
- Les også saka: Kva går den norske humanitære Palestina-bistanden til?

Lærarane i Gaza står i første linja i krigen.
Konflikten påverkar framleis livet til millionar av palestinske flyktningar. Samstundes står UNRWA i ei av dei mest alvorlege humanitære og institusjonelle krisene i historia si.
– I fleire tiår har UNRWA vore ei livline for palestinske flyktningar i Gaza, på Vestbreidda, i Jordan, Libanon og Syria. No prøver dei å halde utdanningssystemet i gang i eit av dei mest krevjande og farlege områda i verda, seier Erik Abild, direktør for humanitær innsats i Norad.

Erik Abild, avdelingsdirektør for for humanitær og helhetlig innsats.
Skulebygg i ruinar –undervisninga held fram
Følgjene for utdanninga i Gaza er dramatiske. Frå hausten 2023 og fram til våpenkvila i 2025 stod nesten alle barn utan eit reelt skuletilbod.
Mange skular er heilt øydelagde, andre blir brukte som tilfluktssenter eller ligg i militære soner. I Nord-Gaza blei åtte UNRWA-skular rivne berre i løpet av januar og februar 2026.
Likevel har UNRWA klart å sikre
- at 65 000 elevar er tilbake i undervisning i mellombelse lokale
- at 280 000 elevar no får fjernundervisning gjennom digitale plattformer og materiell for sjølvstudium

Retten til utdanning: Mellombelse klasserom blir fylte av elevar som er ivrige etter å lære.
Digitale løysingar held undervisninga i gang
Det digitale systemet for fjernundervisning blei utvikla på kort tid under pandemien. Over 280 000 elevar brukar dei godkjende læringsmodulane, og sjølv midt i krigen har 93 prosent gjennomført eksamen.
I 2025 starta UNRWA eit intensivt opplæringsprogram der elevane kan ta to skuleår gjennom tre komprimerte læringssyklusar. Dette er eit viktig grep for å ta igjen tapt undervisningstid og gi håp for ei betre framtid.
– Desse barna lever med djupe traume mellom ruinane. Utdanning er framleis avgjerande for å gje dei tilbake eit verdig liv, vern og håp, seier Philippe Lazzarini, tidlegare generalsekretær for UNRWA.

Philippe Lazzarini var tidlegare generalsekretær for UNRWA.
Lærarar i første linje
UNRWA har gjennom alle år vore tett knytt til palestinske lokalsamfunn gjennom helsetenester, sosialtenester, drift av skular og ungdomsprogram.
Men utdanning har alltid vore kjernen i oppdraget: Å gi barn og unge høve til å utvikle seg, til å kunne ha eit verdig liv.
– Å lære å lese og skrive, å gå på skulen er ei motvekt til fortvilinga og traumene som barna i Gaza opplever, seier Lazzarini.
Lærarane i Gaza arbeider under eit ekstremt press. Mange har sjølve mista familie, heim eller kollegaer. Likevel held dei fram med å undervise, anten fysisk eller digitalt. Dei førebur timar, rettar oppgåver, gir rettleiing og ekstra støtte, og har kontakt med familiane, sjølv når forholda er svært vanskelege.
Av omsyn til tryggleiken kan dei ikkje la seg intervjue.
– Dersom utdanningssystemet bryt saman, står ein heil generasjon barn i fare for å miste retten til utdanning, og dermed eit viktig fundament for å bidra til å byggje samfunnet rundt seg. Derfor er arbeidet til UNRWA så viktig. Og derfor er internasjonal støtte ein føresetnad for at undervisninga kan halde fram, seier Erik Abild, direktør i Norad for humanitær innsats.

100 millionar kroner til UNRWA
Frå 2026 overtok Norad ansvaret for den humanitære støtten til UNRWA frå Utanriksdepartementet. 10. mars 2026 underteikna Norad og UNRWA ein to-årig avtale for støtte til palestinske flyktningar.
I 2026 får UNRWA 100 millionar kroner til dette arbeidet. I tillegg støttasr Noreg UNRWA med kjernestøtte på 175 millionar kroner i året i perioden 2026–2027.
I Gaza aleine har omlag 70 prosent av innbyggjarane flyktningstatus og høyrer inn under mandatet til UNRWA. Totalt har UNRWA ansvaret for å følge opp 5.9 millionar palestinske flyktningar på Vestbreidda inkludert Aust-Jerusalem, Gaza, Jordan, Libanon og Syria.
UNRWA har nær 16 000 tilsette berre i Palestina. Dei står for om lag 40 prosent av alle primærhelsetenester i Gaza, 30–40 prosent av vassdistribusjonen og viktige sanitærtenester. Dette er tenester som i praksis held lokalsamfunn i live, sjølv når krisa råkar breitt.
Sidan krigen starta i 2023, har situasjonen blitt stadig meir alvorleg. Ifølgje UNRWA er meir enn 72 000 palestinarar drepne sidan oktober 2023, og 391 av de døde var tilsette i UNRWA.
Bodskapen frå UNRWA til verda er enkel og tydeleg:
– Ikkje sjå vekk. Invester i retten til utdanning i dag, elles vil vi alle betale prisen for ein tapt generasjon i morgon. Vidare internasjonal støtte er heilt avgjerande for å hindre at ei heil generasjon går tapt.
- Les også saka: Livreddande hjelp i Gaza