Behova er enorme, og det er heilt avgjerande at humanitær bistand kjem raskt inn.
Livreddande hjelp i Gaza

Feltsjukehuset i Rafah blir drive av Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC), Palestinsk Røde Halvmåne og med støtte frå 15 nasjonale Røde Kors- og Røde Halvmåne-foreiningar. Norges Røde Kors spelar ei sentral rolle.
Meir medisinsk utstyr kjem inn i Gaza. Med norsk støtte oppgraderer Røde Kors feltsjukehuset i Rafah. Behova for naudhjelp vil vere omfattande i lang tid.
– Trass i våpenkvila blir mange menneske drepne og skadde i kampar og åtak. Mange av dei såra blir behandla ved feltsjukehuset som blir drive av Røde Kors, seier Erik Abild, avdelingsdirektør for humanitær innsats i Norad.

Feltsjukehuset i Gaza har vore i drift i to år, og var meint å vere mellombels. No blir sjukehuset utvida frå 60 til 72 plassar. Det blir drive av Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC), Palestinsk Røde Halvmåne og med støtte frå 15 nasjonale Røde Kors- og Røde Halvmåne-foreiningar. Norges Røde Kors spelar ei sentral rolle.
Monica Thallinger er lege ved sjukehuset:
– Eit barn kom inn i sist veke, uidentifisert, kanskje rundt 12 år. Barnet var hardt skadd etter ein bombeeksplosjon med store skadar i ansiktet og i hovudet. Vi gjorde alt vi kunne i over ein halvtime. Men vi klarte ikkje å redde barnet. Det var heilt hjarteskjerande. Det påverka oss alle kor tungt det er å sjå barn halde fram med å døy som følgje av denne krigen som vi ikkje veit når tar slutt.
Monica Thallinger er lege ved feltsjukehuset i Rafah. Høyr henne fortelje om kvardagen som lege i Gaza.
Sjukehuset har vore i kontinuerleg drift sidan mai 2024. I praksis er det no eit heilt nytt feltsjukehus som blir sendt inn for å oppgradere og utvide sjukehuset.
Noreg har støtta sjukehuset med i alt 97 millionar kroner sidan 2023. I tillegg har Røde Kors bidrege med eigne middel.
- Sjå oversikt: Hva går den norske humanitære Palestina-bistanden til?
– Feltsjukehuset har vore med på å redde mange liv. At vi no investerer i fornying og vidare drift, handlar både om ansvar overfor pasientane og overfor helsepersonellet som jobbar under ekstremt vanskelege forhold kvar einaste dag, seier generalsekretær i Norges Røde Kors, Grete Herlofson.
Livsviktig og eineståande
Sidan opninga har feltsjukehuset gjennomført meir enn 11 300 kirurgiske inngrep, over 250 000 konsultasjonar, medverka ved meir enn 1 200 fødslar og gitt eit omfattande tilbod innan mellom anna akuttmedisin, barnehelse, fødselsomsorg, fysioterapi og blodoverføringar. I dag er dette det einaste fullt fungerande sjukehuset i det sørlege Gaza, og poliklinikken fungerer samstundes som det einaste primærhelsetilbodet i Rafah-området.

På feltsjukehuset til Røde Kors i Rafah reddar legar liv.
Roger Alcock var lege ved sjukehuset før og etter våpenkvila. Den røynde legen har aldri opplevd meir liding enn i Gaza. Les nettsaka: – Vanskeleg å fatte kor skada barna er
Etter våpenkvila hausten 2025 har talet på masseskadar gått noko ned, men behovet for spesialisert behandling, oppfølging av kroniske lidingar, rehabilitering og planlagd kirurgi er stort.
– At færre pasientar kjem inn med akutte krigsskadar, betyr ikkje at behova er mindre. Tvert imot ser vi no konsekvensane av langvarig mangel på helsehjelp. Mange lever med ubehandla sjukdomar og skadar som krev oppfølging over tid, seier Grete Herlofson.
Avgrensa tilgang
Arbeidet med rehabilitering og utviding er avhengig av løyve til innførsel av medisinsk utstyr og materiell. Totalt omfattar oppgraderinga 25 lastebilar, over 400 pallar og meir enn 4 000 einskildkomponentar. Restriksjonar på humanitær tilgang til Gaza gjer at tiltaka må gjennomførast gradvis, etter kvart som løysingar blir godkjende og materialar blir tilgjengelege.