CERF – nødhjelpsfondet til FN

Når ei krise oppstår eller blir verre, er det viktig å få hjelpa raskt fram. Menneske i akutt naud kan ikkje vente.

Det tek tid å lage nye avtalar og skaffe pengar. Difor har FN eit globalt nødhjelpsfond som heiter CERF – Central Emergency Response Fund.  

Fondet gjer det mogleg å setje i gang livreddande humanitær hjelp raskt. Givarane betaler inn til fondet på starten av året slik at pengane allereie er tilgjengelege når ei krise skjer. 

Fondet har to hovudoppgåver: 

  • å gi rask finansiering når ei ny krise oppstår, eller når ei krise brått blir verre 
  • å støtte alvorlege kriser som får for lite internasjonal merksemd og finansiering 

Slik bidrar CERF både i nye katastrofar og i langvarige kriser som står i fare for å bli gløymde. 

Hjelper der behova er størst 

CERF gir pengar til livreddande innsats gjennom FN-organisasjonar. Midla går mellom anna til mat, helsehjelp, reint vatn, behandling mot underernæring, vern av sivile og anna naudsyn hjelp. 

FN-organisasjonane samarbeider ofte med internasjonale og nasjonale humanitære organisasjonar som arbeider i de kriserammede områdene. Slik bidrar CERF til å få ressursar raskt fram til menneske som treng hjelp. 

Sidan fondet skal kunne reagere raskt og prioritere alvorlege og underfinansierte kriser, kan pengane gå dit behova er størst – ikkje nødvendigvis dit mediemerksemda er størst. 

Føre var  

CERF er òg ein viktig global finansieringsmekanisme for anticipatory action, eller varslingsbasert innsats. Det betyr at humanitære aktørar set i verk tiltak før ein varsla katastrofe eller anna farleg hending råkar, basert på varsling og førehandsdefinerte tersklar.  

Det kan til dømes vere å gi kontantstøtte før ein venta syklon, støtte bønder før ein varsla tørke eller førebu evakuering før ei venta flaumhending. Ved å handle før ein katastrofe råkar, kan ein redusere skade og liding og hindre at humanitære behov veks.  

I november 2025 truga to tyfonar Filippinane. CERF ga seks millionar amerikanske dollar like etter at alarmen gjekk. Det gjorde at partnarane kunne gjere klar husly, kontantar og mathjelp på førehand. Over 1,5 millionar menneske vart evakuerte før tyfonane nådde land. Det viser at tidleg innsats reddar liv. 

CERF har dei siste åra trappa opp støtta til denne typen innsats og er i dag ein av dei største globale finansieringsmekanismane for varslingsbasert humanitær innsats. 

Noreg blant dei som gir mest 

Noreg er ein av dei største givarane til CERF og gir om lag 450 millionar kroner kvart år. I tillegg har Noreg ein representant i det rådgjevande styret som er med på å påverke prioriteringane i fondet.  

Gjennom støtta til CERF er Noreg med på å gjere det mogleg for FN å reagere raskt når menneske blir råka av konflikt, svolt eller naturkatastrofar.  

Noreg støttar òg dei ulike FN-organisasjonane direkte. Slik finansiering er viktig for at organisasjonane skal ha kapasitet og beredskap til å kunne reagere når kriser oppstår.  

Del av eit større humanitært finansieringssystem 

CERF er éin av fleire finansieringsmekanismar som skal bidra til at humanitær hjelp når fram til dei som treng det mest.  

CERF vart oppretta av FNs generalforsamling i 2006. CERF er nødhjelpsfondet til generalsekretæren i FN, og det blir forvalta av FNs kontor for samordning av humanitær innsats (OCHA). 

CERF-finansiering er som regel kortvarig og skal bidra til å sette i gang humanitære innsatsar raskt når ei krise oppstår eller blir verre. CERF må difor sjåast i samanheng med mellom anna kjernestøtte til FN-organisasjonar, FNs humanitære landfond (Country-Based Pooled Funds), og meir langsiktig og fleksibel støtte til internasjonale humanitære organisasjonar.  

CERF og dei humanitære landfonda har ulike roller: 

  • CERF er et globalt fond og gir rask finansiering til FN-organisasjonar for å skalere opp humanitær respons i nye og forverra kriser. Støtten sørger for å få mat, medisiner og utstyr raskt frem til området som er råka av krise  
  • Dei humanitære landfonda  styres på landnivå og finansierer innsatsen til de best plasserte humanitære organisasjoner. Landfondene har en særskilt rolle i å finansiere lokale organisasjoner.  

Desse ordninganene opererer i samanheng, slik at ressursane blir brukte mest mogleg strategisk og utfyller kvarandre.  

CERF viktig når tida er knapp  

Dei humanitære behova i verda er større enn nokon gong, samstundes som ressursane er under press. 

Då er det ekstra viktig med ordningar som gjer at hjelpa kan komme raskt fram dit og bli brukt der ho trengst mest. 

CERF er utvikla nettopp for å kunne gi FN-organisasjonane rask finansiering i nye og forverra kriser, og  i alvorlege kriser som ikkje får nok internasjonal finansiering. 

Når Noreg støttar fondet, bidreg vi derfor til at FN har ein mekanisme som kan mobilisere ressursar raskt når menneske blir råka av krig, katastrofar eller svolt og å få livreddande hjelp fram når tida er knapp. 

Publisert i dag
Publisert i dag
Oppdatert i dag
Oppdatert i dag