Sudan: Ser framover midt i krisa

Kvinne sitter innendørs og holder opp flere tråder i hånden. Hun har på seg et mønstret sjal, og bak henne er en lys vegg.

Midt i den største humanitære krisa i verda held arbeidet med langsiktige tiltak fram. NRC Flyktninghjelpa legg til rette for at Hanaa og andre kvinner kan få større makt over eige liv.

Krigen i Sudan er inne i det fjerde året. Nesten 34 millionar menneske treng naudhjelp. Samtidig handlar hjelpearbeidet ikkje berre om det akutte, men også om å gi menneske høve til å skape inntekt og handlingsrom i kvardagen.  

– Det er ei god kjensle å kunne produsere noko og få eigne pengar ut av det. Då kan eg ein dag kjøpe det eg vil ha utan å måtte seie: «Gi meg pengar, eg vil gjere det og det», seier Hanaa Yousif Mohammed Abdullah.  

Hanaa er frå Gedaref søraust i landet. Byen har omlag 400 000 innbyggarar og er tradisjonelt ein handelsby, særleg kjent for sesamfrø-auksjonane, og byen har den største kornmarknaden i landet.  

Nærbilde av en kvinne som trer en tråd gjennom et nåløye. Ansiktet hennes er uskarpt i bakgrunnen.

Hanaa Yousif Mohammed Abdullah har fått opplæring i lærhandverk og har starta eiga verksemd.

– Når du har di eiga inntekt, får du fridom til å bestemme over ditt eige liv – kva du vil kjøpe, kva du vil prioritere, og korleis pengane skal brukast, seier Hanaa. 

Hanaa er utdanna biolog, men i fleire år gjekk ho mellom ustabile jobbar og lite skjedde. Gjennom opplæring i lærhandverk i prosejktet Intiji Litnahdi fekk ho ein ny start. No byggjer ho opp ei lita verksemd heimanfrå – og har fått både inntekt, sjølvtillit og ei fornya tru på framtida. 

– Det viktigaste for meg er at eg får tilbake kapitalen eg har investert, og i tillegg litt forteneste. Verdien i lærarbeidet ligg ikkje berre i pengane, men i at eg har laga noko med mine eigne hender. Eg drøymer om å produsere i store mengder, saman med eit team som kan jobbe med meg. Då kan vi nå eit større marknad og få høgare inntekt, og utvikle verksemda vår vidare. 

Flere håndlagde vesker står i forgrunnen utendørs, mens en kvinne sitter i bakgrunnen.

Hanaa sel vesker i lær.

Prosjektet Hanaa er tilknytta, er drive av NRC Flyktninghjelpa med norsk støtte. 70 små bedrifter og oppstartsverksemder har fått støtte. Støtta vart gitt gjennom kontanttilskot basert på forretningsplanar utarbeidde i fellesskap. 

– Eg oppmuntrar alle kvinner: Alle bør ha noko dei gjer med hendene sine. Det er ikkje vanskeleg å lære slikt arbeid, og det er mykje betre enn å sitje utan arbeid eller berre gå rundt og sladre. Slik får vi bruke tida vår betre, seier Hanaa.  

Flyktninghjelpa har også fleire andre prosjekt i Sudan som fekk støtte frå Noreg i 2025:  

  • POWER – program for ungdomsleiarskap og motstandskraft 
  • Målretta kontantstøtte i Sør-Darfur til sårbare hushald 
  • Utdeling av e-kupongar for landbruksutstyr og såvarer til 650 hushald i 12 lokalsamfunn 

Flyktninghjelpa støtta grupper av fordriven ungdom med små gruppetilskot i kontantar opp til 5 000 amerikanske dollar kombinert med rettleiing. Rettleiinga handlar om arbeidslivskunnskap, leiarskap, målsetjing og sosial tryggleik. 

Utvalde grupper fekk også tilskot til teknisk og yrkesfagleg utdanning og opplæring.  

Støtta gjorde det også mogleg for kvinner i område som er vanskelege å nå, å starte små verksemder og tene eigne pengar.  

Gjennom programmet blei det også etablert eit ungdomsnettverk som rapporterer direkte til departementet for ungdom.  

Meir enn 9 millionar menneske i Sudan er internt fordrivne. Krig og konflikt, mangel på nær sagt alt gjer livet særs utfordrande.  

Utdanning til barn på flukt 

Utdanningsprogrammet i Goz Al Salam-leiren i Kosti-området i delstaten White Nile er for barn i skulealder, først og fremst jenter og gutar mellom 6 og 14 år. Mange av barna har opplevd konflikt og flukt, og fleire viser tydelege teikn på psykososiale belastningar. I leiren er det mangel på skikkelege lokale, det er trongt – og borna har hatt lange avbrot i skulegangen sin dei siste tre åra.  

En stor gruppe barn og noen voksne er samlet i et telt, og mange rekker hånden i været. Bildet viser en aktivitet eller undervisningssituasjon med høy deltakelse.

Mange av barna i Goz Al Salam-leiren har opplevd konflikt og flukt.

Programmet skal gi barna eit tilbod om læring ved å opprette trygge læringsstader i nærmiljøet. Barna får struktur, vern og rutinar, i tillegg til grunnleggjande psykososial støtte og vidare hjelp ved behov. Denne måten å arbeide på passar godt med dei overordna prioriteringane i hjelpearbeidet, kor trygge læringsmiljø og psykososial støtte til barn som er ramma av konflikt, står sentralt. 

Utdanningsprogrammet er viktig fordi det ikkje berre handlar om læring. Det gir også barna ein tryggare og meir stabil kvardag. Dei får rutinar og støtte tilbake, noko som er ekstra viktig når konflikt og flukt har ført til store avbrot i skulegangen. 

To menn står i et telt, og mannen i forgrunnen snakker med hendene samlet foran seg og har NRC-logo på t-skjorten. Flere personer står i bakgrunnen og lytter.

Flyktninghjelpa er til stades i Goz Al Salam.

Det kjem framleis fleire menneske til Kosti og Goz Al Salam. Flyktninghjelpen melder at folketalet i  Goz Al Salam har auka med meir enn 3 000 personar sidan byrjinga av mars 2026. Det betyr at det no bur om lag 30 000 menneske der.  

Situasjonen er framleis svært vanskeleg, og behova er store. Det er lite plass i leiren, og det manglar framleis husly, mat og andre nødvendige varer. Tenestene for vatn, sanitær og hygiene er også under stort press og klarer ikkje å halde tritt med alle dei nye som kjem. Dette legg ekstra press på dei få fasilitetane som finst.

Norsk støtte til Sudan 

Noreg gir mykje bistand til Sudan, og har meir enn dobla den humanitære og langsiktige støtta etter krigsutbrotet.  

I 2026 har Noreg sett av 470 millioner kroner til humanitær og langsiktig bistand til Sudan. Støtta går til naudhjelp, trygging og mat, for det meste gjennom FN, Røde Kors, norske organisasjoner og lokale partnarar. Og - til langsiktig innsats for fred og demokrati, kvinner, mattryggleik og levekår.  

Noreg bidrar også i nabolanda som er hardt råka av krigen. 

Katrine Nkoyo Øverland fra Norads seksjon for humanitær innsats forklarer den alvorlige situasjonen i Sudan og hvorfor behovene for hjelp er så store.

Publisert i går
Publisert i går
Oppdatert i går
Oppdatert i går