Fleire har tilgang til mobiltelefon enn toalett

Mange kan sende sms. Langt færre kan gå på do.
Ting du kanskje ikkje visste om «problemet mange ikkje liker å snakke om».
Tenk deg eit liv utan reint vatn? Du får sjeldan sløkt tørsten og har verken vatn til å koke mat eller vaske deg …
Tre av ti menneske i verda har ikkje tilgang på reint drikkevatn. Endå fleire manglar toalett og ordentlege sanitære forhold. Fleire millionar døyr kvart år av sjukdomar dei får på grunn av skitent vatn og dårlege hygieniske forhold. Mangel på toalett er den største enkeltårsaka til infeksjonar i verda.
Og det er barn som blir hardast ramma. Kvart 20. sekund døyr eit barn av sjukdomar som kjem av mangel på reint vatn og dårlege sanitære forhold.
Meir enn berre noko ein drikk
Vi tenkjer kanskje på vatn som noko vi hovudsakleg drikk, men drikkevatn utgjer berre ein liten del av det totale vassforbruket i verda. Vatn er som kjent kjelda til alt liv, og avgjerande for å produsere mat og andre varer som er uunnverlege i eit godt kvardagsliv. I mange utviklingsland står til dømes vatning for over 90 prosent av ferskvassforbruket.
Slik fordeler ferskvassforbruket seg globalt:
- 70 prosent blir brukt til kunstig vatning i landbruket
- 20 prosent blir brukt i industrien
- 10 prosent går til bruk i private hushald
Og toalett er ikkje sjølvsagt – for milliardar av menneske er det ein luksusartikkel. Som ein illustrasjon på denne situasjonen finst det langt fleire mobilbrukarar enn toalettbrukarar. Av dei 7 milliardane i verda menneske har 6 milliardar tilgang til mobiltelefon; berre 4,5 milliardar har tilgang til toalett eller latrine.
Det finst vatn nok til alle, men ...
Økonomi, manglande infrastruktur og svake statlege institusjonar står i vegen for at alle skal få tilgang til vatn. I tillegg fører befolkningsvekst og klimaendringar til at vassmangelen aukar fleire stader.
Derfor er det viktig at vi vernar dei drikkevasskjeldene vi har, og investerer i nye vass- og sanitæranlegg i regionane der desse manglar – slik at alle i verda får tilgang på reint vatn og toalett innan 2030.
Kampen mot korrupsjon sikrar innbyggjarane reint vatn
Kirkens Nødhjelp har i mange år arbeidd med å sikre tilgang til reint vatn til alle i Tanzania, med støtte frå Norad og Utanriksdepartementet. Tilgang til vatn er nemleg ein menneskerett!
Då Kirkens Nødhjelp starta arbeidet sitt, mangla annankvar innbyggjar i landet tilgang til reint drikkevatn. I mange tilfelle var årsaka korrupsjon i dei lokale vassverka.
Organisasjonen har bidrege til medvitsgjering og opplæring av lokalbefolkninga, slik at dei sjølve kan overvake offentlege utbetalingar, leggje press på styresmaktene og sikre at offentlege midlar faktisk blir brukte til beste for alle – som å sikre innbyggjarane tilgang til lokale vasskjelder.
- Les meir: Innsyn sikrar retten til vatn