Akvakultur

Vietnam har lange tradisjonar innanfor akvakultur. Dei har òg eit potensial for auka produksjon på ein meir miljømessig gunstig måte. Noreg har støtta forsking og utvikling innanfor oppdrett i Vietnam sidan 1998.
I mange utviklingsland representerer oppdrettssektoren eit stort potensial for næringsutvikling, økonomisk vekst og mattryggleik.
Hausting av fisk frå havet nærmar seg ei grense for maksimalt uttak globalt.
Oppdrettssektoren er no den raskast veksande matproduserande sektoren. Han bidreg i dag med nesten halvparten av matfisken i verda.
Potensialet for akvakultur i enkeltland avheng av mange faktorar. Gode institusjonar og godt regelverk er ein føresetnad for berekraftig utvikling av sektoren.
Miljøproblem
Den enorme ekspansjonen i akvakultur internasjonalt har bidrege til fleire miljøproblem. Dette inkluderer avfall, rømming, spreiing av akvatiske sjukdomar og forbruk av medisinar og kjemikalium.
Det er stor internasjonal merksemd rundt fiskevelferd og fiskesjukdomar. Oppdrettarane kan oppleve store tap dersom anlegga deira blir utsette for sjukdom. Små produsentar er gjerne meir utsette for tap dersom ein sjukdom spreier seg.
Negative miljøpåverknader og dårleg fiskehelse kan få store konsekvensar. Norsk støtte har fokus på å gjere denne næringa mindre sårbar overfor slike risikomoment.
Norsk akvakulturekspertise
Interessa aukar frå utviklingsland som ønskjer hjelp til å etablere ein eigen oppdrettsindustri.
Noreg hjelper til med å utvikle oppdrettsindustrien på ein berekraftig måte.
Sjølv om artane i norsk akvakultur er ikkje relevante i dei aller fleste utviklingslanda, er likevel eit godt regelverk, metodar for diagnose, forskingsmetodar, genetikk, fôr-utvikling, og andre forskingsbaserte metodar og kunnskap viktige verktøy. Noreg kan hjelpe til med kompetanse på desse felta.
Det er viktig å ha eit aktivt forhold til desse problema. Noreg har utvikla regelverk, metodar og retningslinjer for å redusere miljøpåverknadene.
Kva gjer Noreg?
Norsk bistand til akvakultur bidreg gjennom multilaterale organisasjonar, stat-til-stat-samarbeid, ikkje-statlege organisasjonar og kommersielt næringslivssamarbeid.
Fokuset har i dei seinare åra vore retta mot Afrika. Ghana, Egypt er ein stor produsent, og fleire land har ambisiøse mål for havbruksnæringa. Fisk for utvikling har støtta prosjekt, særleg retta mot småskalaprodusentar i Madagaskar, Tanzania og Zambia.
Akvakultur er i dag eit viktig område for samarbeid med mellom anna Indonesia, Kina, Mosambik og Cuba.
Mange fattige i desse landa er avhengige av akvakultur som leveveg.
Under er nokre døme på norsk bistand til akvakultur:
- Gjennom FAO stør vi sårbarheitsanalysar av akvakultur ved klimaendringar i ulike regionar i verda.
- Støtte til FAO for å utvikle eit system for å betre fiskehelse, lokalt, regionalt og internasjonalt. Eit slik rammeverk skal gje klare råd til kva ein gjere for å hindre spreiing av sjukdomar, handtere utbrot av sjukdomar for å minske tap for oppdrettarar. Dette blir gjort både ved å hjelpe styresmakter i land med å utforme regelverk og å byggje kapasitet hos produsentar.
- WorldFish har fått kjernestøtte frå Noreg. Organisasjonen arbeider mellom anna for å betre mattryggleiken frå havbruk. Dette inkluderer utviklinga av nye produksjonsmetodar, berekraftig fôr og avl av nye og lokale artar.
- Norad stør mange initativ som bidreg til å utvikle ei berekraftig akvakulturnæring. Mellom anna forskings- og utdanningsprosjekt som styrkjer høgare utdanning og universitet, i både Aust- og Vest-Afrika (gjennom NORHED).
- Miljøkartlegging i samband med val av lokasjon.
- Etablering av rammeverk, lover og reguleringar.
- Selskapet for Norges Vel har fått støtte til utvikling av akvakultur i Aust-Afrika. Fokus har vore på Madagaskar. I Aust-Timor stør vi utvikling av småskala akvakultur i innlandet gjennom den norske ambassaden i Jakarta.
- Mange offentlege aktørar innan akvakultur overfører raskt kunnskap og ny teknologi til lokale fiskebønder. Støttemidlane Norad har på næringsutvikling, har bidrege til utvikling av akvakultur, betre fôr og fôrtilgang, og til medisinar. Fiskebønder og andre næringsutøvarar har òg fått opplæring som ein del av støtta.