Foto: Espen Røst

Dette er Nansen-programmet for Ukraina

Натисніть тут для версії українською мовою

Nansen-programmet for Ukraina er eit norsk sivilt og militært støtteprogram på 75 milliardar kroner for perioden 2023–2027. Fordelinga mellom sivil og militær støtte blir vedteken årleg i tråd med ukrainske behov. I 2023 vart om lag 19,9 milliardar kroner utdelte frå Nansen-programmet; 8,9 milliardar kroner i sivil og humanitær støtte, og 11 milliardar kroner i militær støtte.  

Programmet har som mål å bidra til at Ukraina kan bestemma over eiga framtid, verna territoriet sitt og befolkninga si frå russiske angrep, halda oppe samfunnskritiske funksjonar og redusera menneskeleg liding. Vidare skal programmet bidra til å byggja opp att eit trygt og fritt Ukraina. 

Det er ukrainske behov som ligg til grunn for den norske støtta. Støtta blir koordinert med ukrainske styresmakter og internasjonale partnarar. Norad forvaltar den norske sivile og humanitære støtta i Nansen-programmet, som i hovudsak blir kanalisert gjennom avtalar med etablerte og internasjonalt anerkjende organisasjonar med dokumentert leveringsevne, god kapasitet og gode kontrollsystem. 

Situasjon og bakgrunn 
Russlands angrep på Ukraina 24. februar 2022 er eit tidsskilje for Europa og ein alvorleg trussel mot internasjonal fred og tryggleik. Eit samla Storting står saman i fordømminga av Russlands krigføring i Ukraina. Noregs forplikting gjennom Nansen-programmet stadfestar for det ukrainske folket og det internasjonale samfunnet at Noreg står ved Ukrainas forsvarskamp og suverenitet i det lange løp.  

I Nansen-programmet for Ukraina er det eit tydeleg skilje mellom militær og sivil støtte. På vegne av Utanriksdepartementet forvaltar Norad den sivile og humanitære støtta, medan Forsvarsdepartmentet har ansvar for den militære støtta.  

Den sivile støtta prioriterer bidrag til å halda oppe sivil infrastruktur og støtte til ukrainske styresmakter for å ivareta kritiske samfunnsfunksjonar, samt humanitær innsats.

Konsekvensane av Russlands krigføring er så omfattande at det vil ta mange år å byggja opp att landet. Ukraina vil derfor ha behov for internasjonal støtte i lang tid. For å leggja til rette for best mogleg bruk av norske midlar er Nansen-programmet for Ukraina både fleksibelt og langsiktig. Prioriteringar i Nansen-programmet for dei kommande åra vil bli fremja for Stortinget i dei årlege budsjettproposisjonane. 

Den sivile og humanitære støtta gjennom Nansen-programmet for Ukraina støttar også innsats i naboland som er ramma av konsekvensane av krigen, med særleg fokus på Moldova. 

Noregs totale engasjement for Ukraina femnar breiare enn dette programmet. Til dømes blir ikkje kjernestøtte til FN-organisasjonar, sivilsamfunnspartnarar og internasjonale finansinstitusjonar dekka av midlar frå Nansen-programmet.

For meir informasjon

For spørsmål relatert til programmet, ta kontakt med Norads Avdeling for Nansen-programmet for Ukraina

 
Publisert 17.01.2024
Sist oppdatert 17.01.2024