Bærekraftsmålene
Mål 14: Livet i havet

Plast og ulovleg fiske trugar livet i havet

Vietnam og Namibia er blant landa som har fått mykje ut av norsk fiskeribistand. Med den nye fiskerilova av 2004 har Vietnam auka inntekter, hindra overfiske og minska forureining.

Alt liv på jorda er avhengig av havet. Temperaturen, straumdraga, fiskane og alt livet under vatn gjer det mogleg for oss menneske å leve og ande over vatn. Likevel driv vi rovfiske og kastar fleire tusen tonn skadeleg plast i havet kvar dag.

Meir enn halvparten av oksygenet vi pustar inn, kjem frå havet. Temperaturen, straumdraga, kjemien og alt livet i havet påverkar dei globale systema som gjer det mogleg å leve på jorda. Sjølv om vi veit kor viktig livet under vatn er, held vi menneske fram å forureine, øydeleggje og utarme dei marine ressursane.

Vi bruker havet som ei søppeldynge

Kvart sekund hamnar 250 kilo plast i havet. Det vil seie 8 millionar tonn plast i året. Havet har alltid vorte brukt som ein søppelplass. Dei store mengdene plast har etter kvart vorte eit enormt problem.

Plast er eit anvendeleg produkt som kan brukast til mykje nyttig. Men han forsvinn ikkje. Kvar plastbit som endar i havet, blir med tida broten i mindre delar, og desse blir verande i havet. All plasten påverkar fugl, fisk og andre artar som livnærer seg av havet.

Ulovleg fiske

Det er vanskeleg å berekne omfanget av overfiske på grunn av ulovleg fiske. Men i land med dårleg styresett og mykje korrupsjon er risikoen stor for at det skjer mykje ukontrollert og ulovleg fiske.

Dei som driv ulovleg fiske, er ofte del av internasjonale organiserte kriminelle nettverk der også narkotika, slavearbeid, menneskehandel, våpensmugling og skattesvindel inngår.

Noreg har gått i bresjen for ein avtale om hamnestatskontroll mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske. Avtalen inneber at styresmaktene kan inspisere og også avvise fartøy som ønskjer å ilandføre fisk.

Norad samarbeider òg med den internasjonale politiorganisasjonen Interpol. Dei hjelper politistyresmaktene i utviklingsland i å etterforske ulovleg fiske og annan kriminalitet knytt til det. Korrupsjon, til dømes i form av falske fiskelisensar, er ein del av dette biletet. Dette bidreg til at kriminelle får fiske, og seriøse fiskeriaktørar blir taparar.

Openheit, som til dømes at aktørar som får fiskelisensar blir offentleggjorde, er viktig for å redusere korrupsjon.

Norsk fiskeribistand 

Noreg, som leiande fiskerinasjon, veit mykje om korleis ein fiskerisektor skal drivast. 54 av dei fattige landa i verda har kystlinje mot havet. Mange land kan derfor ha nytte av norsk teknologi og kunnskap innan fiskeri.

Noreg har hjelpt land med kunnskap om fiskeri i mange år. Vårt aller første bistandsprosjekt, som vart innleidd i 1952, var fiskeribistand. Med åra har denne typen bistand utvikla seg vidare, og Noreg hjelper no fleire land.

Vietnam og Namibia er blant landa som har fått mykje ut av norsk fiskeribistand. Med den nye fiskerilova av 2004 har Vietnam auka inntekter, hindra overfiske og minska forureining. Og Namibia er på verdstoppen når det gjeld fiskeriforvalting, ifølgje ein rapport frå WWF.

Elles har Norad eit eige forskingsfartøy, RV Dr. Fridtjof Nansen, som er dedikert til arbeid i utviklingsland. Vidare har Noreg store årlege oppsamlingsaksjonar av tapte fiskereiskapar i eigne havområde. 

Fiskeribistand er eit døme på at Noreg overfører meir enn berre pengar til utviklingsland. 

Publisert 19.07.2024
Publisert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024