Berekraftsmåla
Mål 5: Likestilling mellom kjønna

«Du som kvinne kan ikkje tillate deg å jobba innanfor byggfaget»

Slike utsegner gjev stadig fleire tanzanianske kvinner blaffen i.

Sjå videoen: Ingeniør er eit mannsyrke i Tanzania. Difor sette den norske ambassaden i Tanzania i 2010 i gang eit program med månadleg økonomisk støtte til kvinnelege ingeniørstudentar. Det har verka; talet på kvinnelege ingeniørar i Tanzania er meir enn dobla sidan programmet kom i gang.

50 % av kvinnene i verda er i lønt arbeid. For menn er det same talet 75 %. Om alle kvinner i arbeidsfør alder hadde jobba, ville dei skapt verdiar tilsvarande 12 billionar kroner, nesten like mykje som bruttonasjonalproduktet i Kina. Det anslår UNIDO, FN-organisasjonen for industriell utvikling.

Framgang, men ikkje nok

Verda har vorte ein betre stad for kvinner, ifølgje enkelte av indikatorane FN bruker. Til dømes er mykje oppnådd i kampen mot kjønnslemlesting og barneekteskap, og det er nesten like mange jenter som gutar i skulen.

Likevel har vi ein lang veg å gå før alle former for kjønnsdiskriminering er historie. Framleis er kvinner underrepresenterte innan utdanning, på arbeidsmarknaden og i maktposisjonar. Kvinner fyller berre 25 % av ministerpostane i verda og leiarstillingar. 

Samtidig kastar vald og trakassering ein mørk skugge over livet til millionar av kvinner. Ei av tre kvinner i verda har opplevd fysisk og/eller seksuell trakassering før dei fyller 15.

Alle vinn på meir likestilling

Likestilling er ikkje berre etisk forsvarleg: Når kvinner blir haldne ute av arbeidsstyrken, går vi glipp av viktige inntekter, kompetanse og gode idear.

I mange utviklingsland kan fleire kvinner i arbeidslivet vere nøkkelen til eit høgare bruttonasjonalprodukt, skatteinntekter – og ikkje minst eit meir rettferdig og likeverdig samfunn.

Utdanning, arbeid og haldningsendring er nøkkelord

Utdanning for jenter er viktig av mange grunnar. Ein grunn er at dei lærer å kjenne rettane sine, og at dei i større grad blir i stand til å ta kontroll over eige liv. Jenter som går på skule, giftar seg seinare, dei får barn seinare, dei blir betre rusta til arbeidslivet, og dei blir i framtida betre stand til å gje sine eigne barn eit sunt og godt liv.

Fattigdom er gjerne tett knytt til diskriminerande lover og sosiale normer. Mange kvinner er økonomisk avhengige av partnaren sin. Dette fører til ein skeiv maktbalanse i heimen og i samfunnet. Med ein gong kvinner får moglegheita til å tene sine eigne pengar, vil dei få meir innverknad, både i heimen og samfunnet. Og dei vil i større grad vere i stand til å kome seg ut av eit valdeleg ekteskap eller undertrykkande relasjonar.

Gjennom arbeidet vårt med likestilling og kvinnerettar er målet å sørgje for at kvinner får lik rett til økonomiske ressursar, høve til å eige jord og like moglegheiter til leiande stillingar.

For å nå berekraftsmål 5 må alle land vedta lover og føre ein politikk som sikrar kvinner sine rettar og vernar mot kjønnsbasert vald og overgrep. I tillegg må vi jobbe for å endre seigliva haldningar!

Kvinner i Tanzania utfordrar gamle kjønnsrollemønster

Noreg og Norad stør jenter i utviklingsland på veg inn i mennene sitt domene. I mange land er til dømes ingeniøryrket dominert av menn, spesielt innanfor bygg og anleggsbransjen.

For ti år sidan var berre fire prosent av alle ingeniørar i Tanzania kvinner. Bistandsprogrammet Structured Engineers Apprentice Programme har bidrege til ei dobling i talet på kvinnelege ingeniørar i landet, mellom anna gjennom stipend til studiar og praksisordningar.

Ein positiv tilleggseffekt er at dei kvinnelege ingeniørane utfordrar kjønnsroller i mannsdominerte sektorar i samfunnet. Dei er gode rollemodellar og opnar dører for kvinner som kjem etter dei.

Publisert 19.07.2024
Publisert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024