Måla gjeld alle, og alle må bidra

Samarbeid er nøkkelen til å nå det viktigaste målet i verda - berekraftsmåla.
Samarbeid er eit heilt sentralt nøkkelord for å nå det viktigaste målet i verda. Vi må samarbeide over landegrenser og på tvers av sektorar. Kvar og ein av oss kan og bør bidra.
Berekraftsmåla er ein felles global plan for korleis vi skal prioritere innsatsen fram mot 2030 for å kjempe mot fattigdom, redusere forskjell og bremse klimaendringane.
For å lykkast med berekraftsmåla er det heilt nødvendig å samarbeide over landegrenser og på tvers av ulike sektorar i samfunnet. Styresmakter, næringslivet, sivilsamfunnet, akademia og andre aktørar må spele på lag for å oppnå berekraftig utvikling.
Kvar og ein kan vi òg bidra med store eller små endringar og tiltak i liva våre.
Korleis få pengar nok til å nå måla?
Landa i verda er nøydde til jobbe godt saman for å lykkast med berekraftsmåla. Her ligg òg ei av dei store problemstillingane: Kven skal betale? Og korleis skal det skje?
Prislappen på å lykkast med berekraftsmåla er eit tal av ein storleik dei færraste av oss klarar å forhalde oss til. Å oppnå berekraftsmåla er berekna til å koste 1400 milliardar dollar kvart år fram mot 2030.
Overføring av kunnskap og teknologi
Bistandsarbeidet har endre seg mykje dei siste tiåra. Til dømes speler pengeoverføringar ei mindre viktig rolle. Bistanden bidreg no meir med tiltak som kan gje nytte over lengre tid.
Overføringar av kunnskap skjer gjennom samarbeid mellom norske institusjonar og liknande institusjonar i utviklingsland.
Den norske skatteetaten samarbeider til dømes med skatteinstitusjonar i andre land for å byggje opp gode skattesystem. Det fører til auka skatteinntekter, som kan brukast på mellom anna utdanning og helsevesen.
Her er nokre døme på norske bistandsprogram med utgangspunkt i kunnskaps- og teknologioverføring:
- skatt for utvikling
- olje for utvikling
- fisk for utvikling
- energibistand
- likestilling for utvikling
Felles for desse programma er at dei fokuserer på fagområde der Noreg har mykje erfaring. Det blir jobba mykje med institusjonelle rammeverk som lover, reglar og system, alltid i tett samarbeid med lokale organisasjonar, institusjonar og bedrifter.
Skatt og kamp mot korrupsjon
Korrupsjon er på mange måte ein global "kreftsvulst". Derfor tok Noreg i 2005 initiativ til eit globalt nettverk av korrupsjonsjegerar. Dei stør kvarandre i det risikofylte arbeidet. Dei deler erfaringar frå etterforsking, avsløring og påtale av korrupsjonssaker. Og dei diskuterer korleis ein skal førebyggje korrupsjon, ulovleg kapitalflukt, kvitvasking og hemmeleghald.
Næringsliv og jobbskaping
Utanlandske investeringar frå privat sektor er fleire gonger større enn den samla bistanden verda yter til låginntektsland. Slike investeringar er heilt avgjerande for å skape økonomisk vekst, arbeidsplassar og redusert fattigdom. Men i krisetider går slike investeringar ofte ned.
Nye partnarskap mellom styresmakter, privat sektor og bistandsaktørar har dei seinaste åra kome stadig høgare på agendaen.
Mange næringslivsaktørar har dei siste åra engasjert seg i arbeidet for berekraftig utvikling på ein heilt annan måte enn tidlegare. Det finst mange gode døme her:
Nokre bidreg med å skape nye løysingar for å fremje fornybar energi, andre bidreg til ei berekraftig utvikling av landbruket, medan andre igjen bidreg med nye digitale løysingar på mange viktige felt.
Halde oppe bistandsnivået
Berekraftsmåla handlar altså ikkje berre om bistand. Likefullt understrekar mål 17 kor viktig det er at rike land framleis lever opp til bistandsforpliktingane sine.
0,7 prosent av bruttonasjonalinntekt til bistandsføremål er framleis eit internasjonalt mål for OECD-landa. Og minst 0,15–0,20 prosent skal gå til dei minst utvikla landa.