Det som foregår her, korleis ein bruker det, ligg tettast på hjarta til alle arkitektar. Å sjå korleis det blir brukt. Det har jo absolutt blitt som vi har tenkt.
Opne gluggane og sjå ut

På biblioteket i Alexandria har folk samlast til alle tider for å utveksla ideear og få nye inntrykk.
Når menneske møtest kan det koma nye idear som gjer at folk kan få eit betre liv. - Der alle tenkjer likt, tenkjer ingen, heiter eit gamalt ord. Vi skal til Alexandria i Egypt.
Eit essay av seniorrådgjevar Håvard Kleppa som jobbar i kommunikasjonsavdelinga i Norad.
I biblioteket i Alexandria, som er så langt meir enn ein bygnad, har folk utveksla idear i tusenvis av år. Slik også i haust. Då møttest menneske frå kultur, akademia, kunst, politikk, arkitektur og konfliktløysing nokre dagar i den historiske byen.
Ei litt annleis historie dette altså. Om elementer av historier sett saman til ei forteljing. Som ikkje er lineær. Som tar i seg utveksling av idear, og også om kva dette er for slags samling. Litt om biblioteket. Litt om workshops og lause samtalar. Og mykje om kvinner som arbeider for fred.

I oktober blei arrangementet «Rethinking Rebuilding» halde i biblioteket i Alexandria.
I mai 2025 lanserte Snøhetta-stiftinga «Rethinking Spaces for Dialogue» i Operaen i Oslo i samarbeid med Norad. Og i oktober 2026 «Rethinking Rebuilding» i Alexandria.
Kjetil Trædal Thorsen er ein av grunnleggjarane av Snøhetta. Arkitektfellesskapet fekk sitt internasjonale gjennombrot med biblioteket i Alexandria og har sidan skapt bygg og møteplassar over heile verda.
– Å sette i gang prosessar som betyr noko langt utover deg sjøl er fabelaktig. Dette huset er jo gitt til nokon andre. Vi har berre vore eit slags verktøy på vegen dit. Vi har gitt det frå oss, og andre drar inn og overtar og bruker det. Bygningen er bare skallet, sier Thorsen.

Møteplass
Konkurransen om å lage det nye biblioteket i Alexandria starta i 1989. Praktbygnaden stod ferdig i 2002. Noreg støtta blant anna realiseringa av steinmuren på bygget. Den inneheld skriftteikn frå tusenvis av språk. Steinmuren var utvikla av norske kunstnarar og lokale steinhoggarar. Kjetil peikar og viser.
– Nesten alle i verda vil finne noe dei kjenner igjen på denne veggen. Sjå der, det ser som ser ut som ein mann som står på knea nesten, med armane ned. Det er ein hieroglyf frå Nubia. Og - der ser vi arabisk, syrisk, sanskrit, bokstaven Å. Det er ein heil serie av forskjellige teikn frå heile verda, samla frå bibliotek rundt omkring. Vi satte det saman til eit fullstendig kunstnerisk uttrykk. All verdas kunnskap er samla her inne, seier han.

Steinveggen på biblioteket i Alexandria inneheld skriftteikn frå heile verda.
I dag er biblioteket ein samlingsstad for alle slags folk. Særleg frå Alexandria, men dagleg kjem folk frå heile verda. Ein symbiose av ulike uttrykk og inntrykk.
– Kulturelt har biblioteket vore heilt avgjerande for Alexandria. Og i perioden opp mot den arabiske våren dreiv dei trening i sosiale medier her. Folk visste at dei kunne samlast på Tahirplassen, dei visste kva som skulle skje. Og no er vi inne i ei anna tid med sine problematiske temaer, seier Kjetil.
Kvinner og fred
Noreg har lenge prioritert arbeid med kvinner, fred og sikkerhet. Kvinner må vere med tidleg i dialogprosessar under og etter konflikt, meiner desse kvinnene. Men agendaen er under press. Det er få reelle fredsforhandlinger som finn stad og fredsavtaler som kjem på plass.
– Det er mogleg å byggje opp att tilliten i samfunnet når ein arbeider målretta og satsar på noko meir enn fine ord. Det må vere noko konkret som folk kan sjå, kjenne, oppleve og leve i. Difor meiner eg at arkitektur, design og trygge møteplassar kan skjerme folk frå kaoset utanfor og gi rom for opne samtalar. Dette har eg sjølv opplevd i Somalia, seier Ilwad Elman.

Ilwad Elman frå Somaila snakkar om korleis arkitektur kan binde folk saman og skjerme folk frå kaos.
Ilwan Elman bur i Mogadishu og flytta tilbake til Somalia for 16 år sidan for å leie Elman Peace Center. Det blei starta av foreldra hennar og organisasjonen jobbar målretta for at unge menneske skal få kontroll over eige liv.

Vi gir hjelp som reddar liv.
– Vi hjelper unge med å leggje frå seg våpena og vende tilbake til eit sivilt liv gjennom avvæpning, rehabilitering og støtte. Dei skal kunne leggje bort geværet og ta fram pennen. Vi oppretta det første krisesenteret for kvinner. Vi utfordrar skadelege tradisjonar og normer og arbeider for betre offentleg politikk. Saman med styresmaktene og internasjonale partnarar jobbar vi for at mål og prinsipp skal bli forankra i lover og reglar. Slik kan vi halde dei ansvarlege til ansvar og førebyggje nye brot på menneskerettane, seier Ilwad.
Rabab Baldo er også frå Sudan. Ho er tilknytta kvinnenettverket Karama og har brukt 30 år av livet sitt som fredsaktivist. Mennene i heimlandet hennar og på det afrikanske kontinentet er redde for å sleppe til kvinner, seier ho:
– Eg trur det grunnleggjande handlar om makt. Nokre menn er redde for å miste makta og fordelane dei tradisjonelt har hatt. Men dei ser ikkje at det å gi kvinner meir makt ikkje er eit tap for menn. Det er ein sjanse til å byggje politiske system som inkluderer fleire, representerer fleire og fungerer betre.
Og med glimt i augo proklamerer Rabab Baldo at kan bli den neste presidenten i Sudan. Om ho berre hadde blitt høyrt:

Og kven veit? Kanskje den neste presidenten i Sudan blir ei kvinne! Kanskje det blir meg.
– For vi har mykje arbeid framfor oss om vi skal rydde opp i dette rotet! Vi treng ein ny politisk kultur der alle er likeverdige borgarar og har like sjansar, der dei som har makt, blir haldne ansvarlege, der mangfald blir verdsett, og der alle får vere med på å ta avgjerder. Og kanskje er det nettopp difor dei er redde for at kvinner skal ta leiinga!
Ho har stått i kampen lenge. Dersom ho reiser tilbake til landet sitt er det truleg rett i fengsel.
Flyktning men ikkje offer
Frå Sudan kjem også Nada Fadol. Ho flykta sjølv i 2015. No hjelper ho andre flyktingar frå heimlandet sitt. Kvinner med åleineansvar for mange barn. Kvinner som får høve til å stabla ei meining med livet på beina igjen.

Flyktningar er ikkje offer. Dei er menneske som kan skape endring. Dei har mykje å bidra med.
Og med denne innstillinga får ein ting gjort. Legen som ikkje kunne noko om humanitært arbeid sette i gong.
– Med litt hjelp frå oss klarer desse kvinnene seg lengre. Dei har små sjansar i det ordinære arbeidslivet. Dei får lite helsehjelp. Men med litt læring får dei trua tilbake på at det går an å få det til, smiler Nada Fadol.
Over 5000 familiar frå Sudan er hjulpne til no. Nada starta i det små saman med tanta og mora og ein symaskin. Først med språkhjelp til barn som flykta frå Syria. Deretter handverksverksemder og skjønnhetssalongar i tre egyptiske byar.
Uverdige liv
– Vi har opplevd arbeidet med å byggje opp att Palestina, særleg Gaza, i over ti år no. Etter kvar krig har delar av Gaza blitt bygde opp att. Men så kjem den neste krigen og øydelegg alt, og vi er tilbake der vi starta, er den brutale beskjeden frå Layali Zahran.
Zahran arbeider for den einaste organisasjonen i Palestina for kvinner med nedsett funksjonsevne, Stars of Hope Society.

Layali Zahran jobbar for organisasjonen Stars of Hope Society.
– Folk har mista alt. Absolutt alt. Under den siste krigen tusenvis av menneske i Gaza fått nedsett funksjonsevne. Mange er i sjokk og strevar med å akseptere den nye situasjonen. Vi må gi dei hjelp og støtte til å akseptere at livet har endra seg. Dei var legar, ernæringsfysiologar, lærarar og kunstnarar. No står dei i ein situasjon som er heilt ukjend for dei. Dei veit ikkje kva dei skal gjere, eller om dei framleis kan bruke kunnskapen og utdanninga si. Situasjonen er svært samansett og vanskeleg å oppsummere i eit par setningar, seier Zahran.
Når gjenoppbygginga ein dag startar ber Zahran om at desse menneska, som har fått liva sine fullstendig endra til det verre, blir høyrde:
– Gaza er staden med flest menneske med amputerte armar eller bein i verda. Menneske med funksjonsnedsetjingar har rettar, og dei må bli høyrde – særleg når vi skal byggje opp att. Når så mange har funksjonsnedsetjingar, må både tenestene og infrastrukturen vere tilgjengelege for alle. Politikk, strategiar og planar må òg ta omsyn til menneske med funksjonsnedsetjingar. Dei må vere inkluderte i alt.
Gjenoppbygging og forsoning
Arrangementet Rethinking Rebuilding for gjenoppbygging av kunnskap, tillit og samfunnsliv etter krise kom i stand gjennom eit samarbeid mellom Snøhetta-stiftinga, Humane Urbanism, Den norske ambassaden i Kairo og Norad.

Også i fredsprosessar snakkar vi om design eller arkitektur for sjølve prosessen.
– Ikkje berre dei umiddelbare målsettingane, som våpenkvile og utveksling av gislar og fangar, eller å få slutt på valden. Men også sjå litt lenger fram korleis ein skal få til bærekraftig fred, seier Erik Berger Husem, den norske ambassadøren til Egypt.
Han trekker også fram kor vesentleg det er å ha kvinner med i slike prosessar
– Kvinner blir ofte ikkje høyrde og ikkje inkluderte. Kvinner er ikkje med å bestemme i fredsforhandlingane. Veldig ofte er dei ikkje blant dei politiske leiarane eller i det militære. Då er det viktig å designe ein fredsprosess med perspektivet til kvinner. Den marginaliserte stillinga kvinner har frå fra før blir gjerne forsterka under ei konflikt. Og dei blir oversett også når ein skal finna løysingar for varig fred, seier ambassadør Husem.
Noreg og Egypt har 90 år med bilateralt samarbeid, og gjennom ei samling som denne vel ein å sjå framover. Kunnskap, læring, gjenoppbygging med mennesket i sentrum.

- Er du portal eller korridor? Gruppearbeid om det abstrakte og det konkrete på biblioteket i Alexandria.
Menneske i sentrum
Koss bustadområde blir bygd opp att etter katastrofe, kven som er med i utforminga er avgjerande for tillit og sameksistens. Slik blir arkitekturen menneskeleg. Ingen bumiljø er vellukka utan at menneska er med i utforminga. Heller ikkje når bustadsområde skal byggast opp etter krig og kriser.
Rethinking. Rebuilding. I møte mellom menneske kjem ideane. Og ulike uttrykk får tankane i sving. Workshops med tema som «Er du ein portal eller er du ein korridor?»
Eller kva med å vandre rundt i historiske Alexandra, utanfor praktbygget. Med arktitektstudentar og andre som bruker sanseinntrykka gjennom skisseblokker og leire.

Uttrykk og inntrykk i bustadområde like utanfor bilblioteket i Alexandria.
Eller «The art of Prepositions» som viser oss korleis vi relaterer oss til omgjevnadaneavhengig av om vi er under, over, ved, inni, utanpå eller mellom. Korleis preposisjonane formar liva våre.
Bistand i endring
Gunvor Wittersø Skancke er seksjonsleiar i Norad, og lar seg begeistra av steinmuren ho ein gong var med å løyve pengar til:
– Det er fantastisk å sjå resultatet av det som ein gong var ei bitteliten investering frå Norad for mange år sidan med opplæring av steinhoggarane. Her står eg og tenkjer på heile prosessen med biblioteket, med verdsarven, med samarbeid med Snøhetta.
For ja, no melder tankane seg snart om kva dette har med bistand å gjere. Om å tenke nytt.
– Dette handlar om korleis vi må tenke nytt om gjenoppbygging, og at vi samlar kulturforvaltarar, privat næringsliv, akademia, mange aktørar i diskusjonar utanfor dei tradisjonelle seminarromma om korleis vi kan jobbe vidare. Om kvinnelige fredsbyggarar, som er her. Som får nye ideear til forsoning og oppbygging, seier Skancke.

Gunvor Wittersø Skancke i Norad og Kjetil Trædal Thorsen i Snøhetta om kva bistand kan vere.
Og Thorsen følger på – her, ved steinmuren på biblioteket i Alexandria
– For oss i Snøhetta har Norad aldri vore den største bidragsytaren, men den strategisk viktigaste. For alltid når Norad har vore med, så har det utløyst vesentlig større tenking. Strategisk på riktig punkt, på riktig tidspunkt, tidlig, kjørt inn, og da følger det andre med. Norske bistandspengar må brukast strategisk og målretta. Spydspiss, sprøyte, injeksjon, og så forløyser vi noe heilt anna og mye større.
Er det slik bistanden skal vere framover, Gunvor W. Skancke?
– Ikkje all bistand kan fungere slik, men det er en viktig retning. Vi kan gjere grunnarbeidet, analysere, og så litt pengar. Stille med garantiordningar som igjen gjer at private investorar tør å satse. Dette kjem meir og meir i bistanden. Pengane vi har nå, er altfor lite sett opp mot behova i verda. Men - det finnst andre pengar som er mykje større, og det er nettopp det norsk bistand jobbar med, korleis bistanden verkar katalytisk for å tiltrekke seg andre pengar. Vi ser det same i FN, det samme i Verdsbanken.
– Ja, altså eg elskar jo den tendensen, kjem det spontant frå Kjetil. For eg meiner det er slik midlene skal brukast. Eg meiner det er det som er forsvarlig overfor det norske publikum å seie: Vi er ikkje dei største bidragsytarane, men strategisk viktigast for alt anna som skal skje. Katalysatorar.
Kjetil Trædal Thorsen seier at Snøhetta-stiftinga heller ikkje har store pengar, men at dei prøver å gjera ting på ein annan måte, i andre retningar enn berre politikk. Litt på tvers av bunker med papir. Kva skjer når du har ein film, når du har ein dans, når du har arkitektur, når du har kunst? Kva skjer når du samlar desse menneska i eit rom?
Dilemma og ulike perspektiv
Og slik kan ein filosofere og diskutere når møteplassane ligg der. Dilemmaene, kompleksiteten, rolla til kultur. Kultur som brubyggar, kultur som bistand. Identitet og samkjensle.
Rethinking. Rebuilding. Som eit omkved går tittelen på samlinga i Alexandria. I eit konfliktfylt område, i eit Egypt som har store spenningar, med ein nabo i sør som heiter Sudan, som opplever den største humanitære krisa i verda.

Utsikten frå strandpromenaden i Alexandria kan gi nye tankar og idear.
«Når alle tenker likt, tenker ingen særlig mye», sa den amerikanske forfattaren og kommentatoren Walter Lippman. Men å bryne meiningane sine, ha ulike perspektiv og livserfaringar, tørre å seie dei høgt gir meining også i vår tid med siloar og ekkokammer og likes. Og ikkje minst skjøna at meiningsmotstandarar også til tider kan ha rett.
Lurer du fortsatt på kva dette handlar om? Kva slags historie dette er? Fint. Håpar du har fått fleire spørsmål i hodet. Og nokre nye tankar. Opne gluggane. Sjå ut.