Kritisk vassmangel i Gaza

Flere mennesker gåt på en støvete vei. I bakgrunnen ser det telt og ødelagte bygninger.

Noreg gir 25 millionar kroner til UNICEF frå den humanitære reserven for å halde oppe kritiske tenester for vatn, sanitær og hygiene i Gaza.

Den humanitære situasjonen i Gaza er svært alvorleg. Det er svært vanskeleg å få tak i reint vatn. Over 63 prosent av innbyggjarane må klara seg med mindre enn seks liter vatn per dag. 

Når eit menneske har mindre enn 10 liter vatn per dag, er det rekna som kritisk lågt nivå. Rundt 20 liter er ofte sett som eit minimum for å dekkje grunnleggjande behov som drikke, matlaging og enkel hygiene. 

Samtidig er humanitære aktørar under stort press på grunn av store øydeleggingar, avgrensa tilgang og stort behov for pengar. 

– Tilgang til reint vatn er avgjerande for å hindre sjukdom og verne liv og helse. Med dette bidraget kan UNICEF halde oppe livsviktige tenester for vatn og sanitær for menneske som er i ein svært vanskeleg situasjon, seier Martin Samuelsen, leiar for seksjon for humanitær innsats. 

Nærbilde av en voksen mann med brunt hår.

Martin Samuelsen er leiar for seksjon for humanitær innsats. 

Skal sikre vatn og avfallshandtering 

UNICEF har ei sentral rolle i arbeidet med vatn, sanitær og hygiene i Gaza, og koordinerer innsatsen på dette området. Organisasjonen fungerer òg som provider of last resort, som betyr at UNICEF tek ansvar når andre aktørar ikkje kan levere nødvendige tenester. 

Det norske bidraget skal mellom anna gå til distribusjon av vatn, drift av kritiske WASH-tenester og handtering av fast avfall. Innsatsen vil bidra til å halde oppe tenester for rundt 1,6 millionar menneske i Gaza. 

WASH betyr water, sanitation and hygiene – på norsk: vatn, sanitær og hygiene. 

Det handlar om: 

  • vatn: tilgang til reint og trygt drikkevatn 
  • sanitær: toalett, avløp og trygg handtering av avfall 
  • hygiene: handvask, såpe og tiltak som hindrar smitte og sjukdom 

UNICEF har eit akutt behov for 33,6 millionar amerikanske dollar, tilsvarande 311 millionar kroner, for å kunne halde oppe vassleveransar, avfallshandtering og andre kritiske WASH-tenester fram til januar 2027.  

Finansieringa av desse livsviktige tenestene, inkludert drivstoff til WASH-anlegg og avfallshandtering, var brukt opp ved utgangen av august. 

Kritiske behov 

Transport av vatn med tankbilar har blitt ei livline for store delar av folket i Gaza, inkludert 1,1 millionar barn. Samtidig er vassforsyninga under sterkt press, og aukande mengder avfall og dårlege sanitærforhold aukar risikoen for sjukdom og andre folkehelseproblem. 

– Behova er akutte, og det er viktig å sikre at kritiske tenester kan haldast oppe. Samtidig må den humanitære innsatsen på sikt knytast tettare til rehabilitering og gjenoppbygging av vatn- og sanitærinfrastruktur, seier Samuelsen. 

Norsk støtte til UNICEF blir vurdert som særleg relevant fordi organisasjonen både har stor operativ kapasitet og ei sentral rolle i koordineringa av WASH-innsatsen i Gaza. 

Tildelinga er gjort i samråd med Noregs representasjonskontor i Palestina. 

Les òg saka: Livreddande hjelp i Gaza 

Publisert i dag
Publisert i dag
Oppdatert i dag
Oppdatert i dag