Jordskjelvet i Colombia: 60 millionar kroner frå internasjonale nødhjelpsfond

265 menneske er melde omkomne, om lag 500 er sakna og meir enn 3 500 er skadde etter jordskjelvet som råka vestlege Colombia 10. august. Nødhjelpsfonda til FN og Røde Kors går inn med til saman 60 millionar kroner.

Jordskjelvet hadde ein styrke på 7,4 og hadde episenter nær San José del Palmar i Chocó. Tusenvis av bustader er råka, og viktig infrastruktur er skadd. Tilgangen til helsehjelp, vatn, straum og kommunikasjon er òg forstyrra fleire stader. 

Den colombianske regjeringa har erklært nasjonal katastrofesituasjon og sett i verk nasjonale mekanismar for katastroferespons.  

Oversiktsbilete av redningsarbeidet i Pereira etter jordskjelvet som råka vestlege Colombia.

Tid er avgjerande 

Røde Kors- og Røde Halvmåne-rørsla sitt nødhjelpsfond DREF og FN sitt nødhjelpsfond CERF har frigjort pengar til den akutte humanitære responsen. 

DREF har frigjort éin million sveitsiske franc, om lag 11,7 millionar kroner. CERF har løyvd 5 millionar amerikanske dollar, om lag 52 millionar kroner. Til saman har dei to fonda dermed mobilisert over 60 millionar kroner. 

– I ei akutt krise er tid heilt avgjerande. Derfor støttar Noreg fleire fond som gjer at hjelpearbeid kan starte raskt, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust. 

Utviklingsminister Åsmund Aukrust (Ap)

Rask støtte gjennom DREF 

Gjennom DREF-tildelinga skal Colombia Røde Kors gi humanitær hjelp til rundt 5 000 familiar, som svarar til om lag 15 000 menneske.  

Pengane skal mellom anna gå til helsehjelp, vatn, sanitær og hygiene, kontantstøtte og mellombels husly. Hjelpa skal gjennomførast i samarbeid med Colombia sitt nasjonale system for katastroferisikohandtering. 

DREF gjer det mogleg for Colombia Røde Kors å setje i gang raskt, basert på eigne vurderingar av kva som trengst. 

– Når eit jordskjelv råkar, kan behova oppstå på få timar. DREF gjer det mogleg å få finansiering raskt til nasjonale Røde Kors-foreiningar som allereie er til stades og kjenner behova på bakken. Det er eit godt døme på korleis fleksibel finansiering kan gjere humanitær respons raskare og meir lokalt forankra, seier Martin Samuelsen, seksjonsleiar i seksjon for humanitær innsats. 

Martin Samuelsen er seksjonsleiar i seksjon for humanitær innsats i Norad.

Også FN mobiliserer midlar 

FN sitt nødhjelpsfond CERF har samstundes løyvd 5 millionar amerikanske dollar til den humanitære responsen. 

Pengane skal gjere det mogleg for FN-organisasjonar og partnarane deira å gi livreddande hjelp, mellom anna i form av mat, husly, grunnleggjande hushaldsartiklar og helsehjelp. 

CERF-midlane skal utfylle hjelpearbeidet til styresmaktene og bidra til at hjelpa når menneske med dei største behova. 

Leiting etter overlevande mellom samanraste bygningar etter jordskjelvet i Cali 10. august 2026.

Noreg bidreg til begge fonda 

Noreg er ein av dei største bidragsytarane til DREF og står for om lag sju prosent av finansieringa. Noreg er òg ein av dei største givarane til CERF og finansierer om lag ti prosent av fondet. 

Den norske støtta bidreg dermed til at Røde Kors- og Røde Halvmåne-foreiningar og FN-organisasjonar kan reagere raskt når katastrofar råkar. 

– Noreg er ein av dei største givarane til både DREF og CERF. Når desse fonda kan mobilisere pengar raskt etter ein katastrofe, ser vi i praksis verdien av fleksibel humanitær finansiering. I ei akutt krise kan nokre timar og dagar vere avgjerande for menneske som treng hjelp, seier Samuelsen. 

Publisert i dag
Publisert i dag
Oppdatert i dag
Oppdatert i dag