Vanessa Nakate kjem til Norad-konferansen: Klimaaktivistar og toppfolk frå FN og Verdsbanken til Norad- konferansen Human|Nature

Den unge klimaaktivisten Vanessa Nakate frå Uganda er ei markant stemme i klimadebatten med kraftfulle utfordringar til leiarane i verda på FN sine klimatoppmøte dei tre siste åra og gjennom internasjonal presse. No kjem ho til Oslo for å delta på Norad-konferansen og utfordre Noreg på kva vi kan gjere. Ho er grunnleggjar av rørsla Rise up Climate Movement og stod òg i spissen for kampanjen for å redde regnskogane i Kongo.

Er vi menneske i ferd med å øydeleggje vårt eige eksistensgrunnlag, eller klarer vi å snu om og løyse klima- og naturproblema vi sjølve har bidrege til?  Dette er det store spørsmålet under Norad-konferansen i år. 

Internasjonale ekspertar, politikarar, klimaaktivistar og toppfolk frå FN og Verdsbanken møtest i Oslo for å diskutere løysingar på dei store utfordringane for vår tid. Norad er vertskap. 

– Paradoksa er mange. Vi er avhengige av naturen. Likevel forbruker vi naturen på ein måte som trugar vår eiga framtid. Og dei rike forbruker ressursane på jorda på kostnad av dei fattige. Samtidig er det dei fattige som betaler den høgaste prisen for klimaendringane, seier Norad-direktør Bård Vegar Solhjell.

Klimaendringane har alt gjeve katastrofale utfall. Tørke, skogbrannar, orkanar og flaum rammar dei fattigaste landa hardast. Kva skal til for at vi kan skape ei tryggare framtid der mennesket kan leve i pakt med naturen? Og korleis skal vi finansiere framtida i skuggen av krig, konflikt og pandemi? 

På konferansen blir det presentert ny forsking og fagkunnskap som kastar lys over korleis klimaendringane rammar fattige og rike land ulikt, kva det vil koste å nå berekraftsmåla i FN og kva tiltak og løysingar verda no treng.  Det blir fagleg input, samtalar og politisk debatt. 

Du møter mellom anna:  

  • Vanessa Nakate, ung klimaaktivist frå Uganda. Ho er ei markant stemme i klimadebatten med kraftfulle utfordringar til leiarane i verda på klimatoppmøte og gjennom internasjonal presse. Vanessa Nakate er grunnleggjar av rørsla Rise up Climate Movement, stod i spissen for kampanjen for å redde regnskogane i Kongo og har talt på klimatoppmøte i FN dei tre siste åra. No kjem ho til Oslo for å delta på Norad-konferansen og utfordre Noreg på kva vi kan gjere.
  • Wanjira Mathai, kenyansk miljøforkjempar og aktivist. Ho er administrerande direktør for Afrika og globale partnarskap i World Resources Institute, og dotter av Nobelprisvinnar Wangari Mathai.
  • Mari Elka Pangestu, Managing Director of Development Policy and Partnerships i Verdsbanken. Pangestu er professor i internasjonal økonomi og ein anerkjend ekspert på ei rekkje globale spørsmål. Ho har over 30 års erfaring frå akademia, internasjonale organisasjonar og styresmakter og har tidlegare vore både handelsminister og minister for reiseliv og kreative næringar i Indonesia.
  • Amina J. Mohammed, visegeneralsekretær i FN. Ho er tidlegare miljøvernminister i Nigeria og var, som spesialrådgjevar for Ban-ki Moon, sentral i arbeidet med berekraftsmåla i FN. Mohammed deltek på videolenkje.
  • Gina Gylver, leiar Natur og ungdom. Har i løpet av snart ti år som miljøaktivist markert seg som ei tydeleg stemme i klima- og naturverndebatten i Noreg. Ho er ein av seks unge aktivistar som klaga Noreg inn for den Europeiske menneskerettsdomstolen i samband med ny oljeboring i Barentshavet.
  • Lucas Chancel, professor og direktør ved anerkjende World Inequality Lab (driven saman med Thomas Piketty). Chancel kjem til Norad-konferansen for å presentere ein ny forskingsrapport som dokumenterer den enorme forskjellen i klimaavtrykk mellom fattige og rike, og også kor ulikt konsekvensane av klimaendringane rammar.
  • Yuen Yuen Ang, professor i politisk økonomi ved Johns Hopkins University i Baltimore. Ho har blant anna gjeve ut boka “How China Escaped the Poverty Trap”, som i 2017 vart kåra til ein av dei beste bøkene det året av Foreign Affairs, og ho er kåra til ein av dei "100 Most Influential Academics in Government" av Apolitical.
  • Svein Tore Holsether, administrerande direktør i Yara og president i NHO.
  • Amar Battaharya, økonom og professor ved London School of Economics. Har leidd ekspertgruppa som utarbeidde ein FN-rapport til klimatoppmøtet i Egypt om internasjonal finansiering til utviklingsland og framveksande økonomiar for å nå berekraftsmåla. No kjem han til Norad-konferansen for å presentere funna i Noreg for første gong. 

Tid: Tysdag 31. januar 09.00–15.00 

Stad: Latter på Aker Brygge, Holmens gate 1 

Les meir og meld deg på konferansen her: NORADKONFERANSEN 2023

 

Publisert 09.01.2023
Publisert 09.01.2023
Oppdatert 08.10.2024
Oppdatert 08.10.2024