Kronikk: Spikeren i kista for berekraftsmåla?

– Berekraftsmåla er verd å kjempe for. Skal dei nåast, må det ei massiv mobilisering til, skriv Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad.
Av Bård Vegar Solhjell, Direktør, Norad
Berekraftsmåla er verd å kjempe for. Skal dei nåast, må det ei massiv mobilisering til.
Statsleiarane i verda vart samde om berekraftsmåla i 2015. Måla var ambisiøse, men fullt moglege å nå. I dag er vår, Norad si, vurdering at dei er umoglege å nå utan ei massiv mobilisering. Finansieringsgapet er for stort.
Du har sett ho? Rundinga i 17 fargar, éin for kvart mål, som finst på brosjyrar, pins og offisielle dokument frå FN og ei rekkje regjeringar.
Berekraftsmåla er den felles arbeidsplanen i verda mot 2030. 17 mål om å avskaffe fattigdom, redusere forskjellar og kjempe mot miljøproblem, saman. Dei var ei nyvinning då dei kom i 2015, og skapte stor entusiasme både i Noreg og internasjonalt.
Det var særleg tre ting ved berekraftsmåla som var annleis enn tidlegare mål og avtalar, og det signaliserte ei endring i korleis vi ser verda – og arbeider saman.
- Gjeld alle land
For det første: Der tusenårsmåla, som FN vart samde om frå år 2000–2015, berre gjaldt utviklingsland, gjeld berekraftsmåla alle land.
Tusenårsmåla var viktige og bidrog til utvikling. Men dei var òg uttrykk for eit ganske gammaldags tankesett om at berre utviklingslanda treng å utvikle seg. Og at rike land i nord tek ansvar for å hjelpe dei. Berekraftsmåla gjeld alle land, alle må rapportere på dei.
Som tidlegare statsminister Erna Solberg uttrykte det så presist: «Vi er alle utviklingsland i møte med berekraftsmåla, og alle land har område som må forbetrast.»
- Breie former for menneskeleg utvikling
For det andre: Berekraftsmåla gjeld ikkje berre sosial og økonomisk framgang, men òg klima og natur, demokrati og menneskerettar, fred og samarbeid. Måla gjekk altså frå å utrydde økonomisk fattigdom til også å inkludere dei breiare formene for menneskeleg utvikling. Slik kan ein seie at dei følgde opp arven frå Brundtland-kommisjonen frå 80-talet og presenterte eit meir heilskapleg syn på utvikling.
- Som ein klassisk dugnad der alle må bidra
For det tredje: Tradisjonelle, internasjonale avtalar regulerer forholdet mellom statar. Berekraftsmåla gjeld oss alle. Stat og kommune, skular og barnehagar, private bedrifter, organisasjonar og akademia, ja, også du som les dette innlegget. Dei er dermed meir som ein klassisk dugnad, der alle må bidra, enn ein juridisk bindande avtale mellom statar.
Men i dag, åtte år etter at berekraftsmåla vart vedtekne, er røynda brutal mot dei håpefulle måla.
Den største matkrisa i moderne historie
Allereie før 2020 hadde veksten bremsa opp internasjonalt. Så kom covid-19. Vi har opplevd ein pandemi som sette utviklinga langt tilbake.
Russland har invadert Ukraina, og med det bremsa utviklinga ytterlegare og har lagt endå ei stor oppgåve på internasjonal utviklingsfinansiering.
Klimaendringane fører allereie til store konsekvensar for folk og jordbruk i form av lågare produktivitet og vekst – særleg i dei fattigaste landa.
Heile 345 millionar menneske er no truga av akutt matmangel, ifølge matvareprogrammet til FN (WFP). Det er ein auke frå 200 millionar før pandemien og er den største matkrisa i moderne historie.
Ny rapport
Talen om tala er klar, òg om resten av tiåret: I ein rapport av fagdirektør Lars Loe har Norad sett nærare på tala. Dei blir lagde fram på Norad-konferansen tysdag.
Heller enn ei verd fri for ekstremfattigdom peikar trendane no mot nærare 600 millionar ekstremfattige i 2030. Det er berre ein svak nedgang frå noverande nivå. Det er ein reell fare for at alvorlege fattigdomsutfordringar ikkje berre vil halde fram til utpå 2030-talet, men mykje lenger.
Då måla vart vedtekne i 2015, vart det berekna at fattigdomsmålet kunne nåast med ein økonomisk vekst i BNP pr. innbyggjar på 4 prosent pr. år. Det var ambisiøst, men ikkje meir enn at det svarte til gjennomsnittleg vekst i utviklingsland frå 2000–2010. No viser utrekningar at det er nødvendig med ein vekst på nærare 10 prosent pr. år. Det er, dessverre, fullstendig urealistisk.
I tillegg har langt fleire land problem med å finansiere eiga utvikling. Dei siste ti åra har delen fattige land med problem med å betale ned på statsgjeld, eller høg risiko for å få det, auka frå 27 prosent til 56 prosent.
Med andre ord: Det går svært dårleg med berekraftsmål nummer 1: å utrydde ekstrem fattigdom.
Kva så med klima?
Utsleppa går som kjent ikkje ned i det tempoet som trengst for å nå globale klimamål.
Utslepp av klimagassar er dessutan ekstremt skeivt fordelte. Dei er 33 gonger høgare i høginntektsland pr. innbyggjar enn i låginntektsland. Dei siste tiåra har utsleppa av klimagassar særleg auka i mellominntektsland, ikkje minst i Kina.
I utviklingsland og framveksande økonomiar krevst det ein årleg vekst i grøne energiinvesteringar på over 25 prosent om ein skal nå målet om eit nullutsleppssamfunn. Dei siste åra har den årlege veksten vore 3 prosent.
Med dette som bakteppe ser framtida unekteleg dyster ut. Det er sju år til 2030, som er fristen for å nå berekraftsmåla. Vi har sett nærare på kor mykje pengar som trengst for å nå måla.
Prislappen avheng av kor mange av dei nesten 140 låg- og mellominntektslanda med 6,5 milliardar menneske vi inkluderer. Vi kjem lett fram til eit finansieringsbehov på 1000 milliardar dollar når vi fokuserer på dei fattigaste landgruppene. Det er her behovet er størst og finansieringsevna minst.
Framtida ser unekteleg dyster ut
Ein sentral del av løysinga ligg i å auke den internasjonale bistanden kraftig. Det internasjonale pengefondet (IMF) peikar på at dersom FN sitt mål om bistand på 0,7 prosent av nasjonalinntekta i gjevarlanda vart realisert, ville det innebere noko over ei dobling av samla global bistand. Det svarer til ein auke i storleiksorden 230 milliardar dollar, som i stor grad vil gå dit han trengst mest.
Dette åleine er ikkje nok. Vi må i tillegg bruke bistandspengar så godt som mogleg. Derfor arbeider vi i Norad mykje med å sikre at politiske vedtak blir omsette til ein bruk av midlar som gjev best mogleg resultat.
Meir og betre bistand
Norsk bistand er god – ved å bruke kunnskap systematisk kan vi gjere han endå betre.
Meir og endå betre bistand kan utløyse vekst i det som må til for sjølvfinansierande framgang – private investeringar. Bistand som gjev sterkare og meir stabile statar, vil auke privat investeringsvilje.
Når bistand blir brukt til å avlaste risiko for private investorar, er målet å mobilisere mange gonger større private bidrag. Nye samarbeid mellom privat og offentleg sektor kan derfor vere effektivt om dei faktisk mobiliserer meir kapital.
Berekraftsmåla er verd å kjempe for. Dei representerer ein arbeidsplan verda er samd om, og ein vilje til betring og utvikling. Skal dei nåast, må det ei massiv mobilisering til.