Kronikk: Når mottakarland ikkje gjer som vi vil

Vi har gitt milliardar av kroner i bistand til land som handlar heilt motsett av det som var intensjonane våre. Og verdiane våre. Kva gjer vi?

Av Bård Vegar Solhjell Direktør, Norad
I Uganda er det vedtatt ei lov som kan gi dødsstraff for homofili.

I Sudan kjempar to krigsherrar mot kvarandre og øydelegg infrastrukturen i landet.

I Afghanistan regjerer Taliban og saboterer skular og helsesystem bistand har bidratt til å bygge opp.

Desse tre er sentrale norske bistandsland. Vi har gitt milliardar av kroner i bistand, og no handlar dei heilt motsett av det som var intensjonane våre.

Og verdiane våre.

Noreg gav 381 millionar til Uganda i fjor i bilateral bistand. I tillegg kjem støtte via FN, Verdsbanken og andre. Og naturlegvis er det svært bekymringsfullt at landet handlar heilt på tvers av haldninga Noreg har når det gjeld homofile sine rettar og behov for vern.

Er det ikkje berre å seie stopp og kutte bistanden?

Legitimt å stille krav

Jo, meiner Sex og Politikk, ein organisasjon som driv med seksualundervisning.

– Ei regjering som så tydeleg gjer forholda verre for si eiga befolkning kan ikkje fortsette å ha klippekort på norsk bistand, sa leiaren Tor-Hugne Olsen til Panoramanyheter.no.

Nei, meiner Digni, ein paraplyorganisasjon for misjonsorganisasjonar og kyrkjesamfunn som driv bistand.

– Det meste av norsk bistand til Uganda går gjennom multilaterale organisasjonar eller sivilt samfunn, ikkje til ugandiske myndigheiter. Det er dei alle mest sårbare som blir ramma dersom Noreg kuttar i bistanden, skreiv Digni i eit debattinnlegg i Panorama Nyheter.

Spørsmålet er heilt naturleg å diskutere i ein så tilspissa situasjon. Når ein gir bort pengar til eit land, er det heilt legitimt å stille krav, legge til vilkår og med kraft og tyngd forlange å få vite kva som eigentleg skjer. Det norske

Stortinget har løyva pengane pengar på vegne av det norske folk.

Likevel: få land er perfekte og svært få når opp til Noregs standard når det gjeld menneskerettar og styresett. Det er også svært usikkert kva verknad det får om ein avsluttar bistand som ei form for straff, om vi oppnår noko i det heile.

Lang historikk

Bistand og brot på menneskerettane har vore ei problemstilling heilt sidan bistand kom på dagsorden på 1960-talet. Spørjetimen i Stortinget har ofte vore ein arena for slaga om bistand bør avsluttast eller ikkje.

Midt på 1980-talet var det ei rekkje graverande menneskerettsbrot i borgarkrigen på Sri Lanka. I 1985 blei statsminister Kåre Willoch utfordra på om ikkje bistanden kunne brukast til å betre situasjonen.

Willoch svarte: – Den norske bistanden til Sri Lanka vil fortsette. Eit eventuelt brot i bistanden no vil berre gjere situasjonen verre for dei menneska vi prøver å hjelpe. Etter uroa dei siste vekene, har dei økonomiske og sosiale problema på Sri Lanka blitt endå større.

Her var Willoch i tråd med det som har vore rådande tenking i norsk utanrikspolitikk. Reaksjonar på menneskerettsbrot skulle skje direkte til myndigheitene og ikkje via bistand. Dialog er alltid viktig og uskuldige skal ikkje bli ramma.

Nok er nok nokre gongar

At uskuldige blir ramma er svært ofte tilfelle når politikk blir driven per bistand. Eit døme er «gag rule»-politikken frå Trump-administrasjonen og tidlegare republikanske presidentar i USA. Den la inn forbod mot å gi bistandspengar til alle organisasjonar som i det heile tatt nemnde ordet abort. Evaluering har vist oss at det ikkje førte til færre abortar i fattige land. Truleg heller til fleire og farlegare abortar.

Men nokre gongar er nok nok. Det rette kan vere å sette ned foten.

Det skjedde i Zimbabwe i 2000. Då bestemde Stoltenberg 1-regjeringa seg for å stoppe utbetalingar til myndigheitene i landet. Dette skjedde etter lang tid med politisk vald og trakassering av opposisjonen. Noko av bistanden blei tatt opp igjen, men då gjennom organisasjonar og FN-systemet.

I 2019 blei det norskdominerte Amazonasfondet i Brasil frose, etter at president Jair Bolsonaro avsette styret og starta meir hogging av regnskogen. Fondet blei opna att i januar i år, etter at Lula da Silva vann valet, – blant anna på å stoppe avskoginga.

Bistanden til Uganda blei stoppa i 1972, under Idi Amins regime. Ein av grunnane var at tryggleiken til bistandsarbeidarane var i fare. Fleire år seinare, i 1990, braut Kenya dei diplomatiske forbindelsane med Noreg og med norsk bistand. Årsaka var den norske haldninga til opposisjonelle Koigi Wa Wamwere frå Kenya. Altså eit døme på ei omvend problemstilling: givaren gjer ikkje som mottakarlandet vil.

Bistand er store pengar og dermed freistande som verkemiddel for å oppnå noko. På førjulsvinteren i 2000 var spørsmålet i Stortinget om norsk bistand kunne få misjonæren Trond Berg ut av fengsel i Nepal. Talspersonen frå Utanriksdepartement meinte at det ville vere uheldig å blande bistandsmiddel inn i andre land sine rettsprosessar. Det skjedde ikkje, og Trond Berg blei uansett lauslaten kort tid etter.

Målet for bistand

Dialog er eit noko utslite omgrep innanfor den utanrikspolitiske agendaen. Ikkje desto mindre viktig og rett. For ei utsett gruppe er det sjeldan ein fordel at ein bistandsgivar forlèt skuta.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim understrekar nettopp dette i sin kommentar til det som skjer i Uganda.

Ho poengterer at representantar for skeive i Uganda ikkje vil at bistanden skal kuttast fordi det vil ramme dei gruppene som no treng hjelpa aller mest. Dei hevdar òg at bistandskutt kan gjere det endå farlegare å leve som homofil i Uganda, viss dei får skulda for at Vesten kuttar bistanden, seier ho.

Det er altså ikkje noko fasitsvar på kva som er den rette reaksjonen når mottakarland ikkje gjer som vi vil. Sjølvsagt må det finnast grenser for kva ein skal akseptere, samtidig er det viktig å halde tunga rett i munnen og innsjå kva ein oppnår og kven som blir ramma.

Og hugse målet. Bistandens formål, vedteke av Stortinget er å avskaffe fattigdom og bidra til velstand i utviklingsland, ikkje å sikre at alle land i verda følgjer verdiar og synspunkt vi er samde i. Til det må vi først og fremst bruke andre verkemiddel.

Kronikken er også publisert her på Altinget, 10.06.2023

Publisert 15.06.2023
Sist oppdatert 15.06.2023