Eit energieventyr: 60 år med samarbeid med Nepal

image

Gjennom eit godt og langt samarbeid har norsk bistand bidrege til framsteg innanfor fornybar energiproduksjon, styrkt kompetansen på vasskraft, lagt til rette for betre rammevilkår for investeringar og gjeve auka tilgang på moderne energi i Nepal. Norad lanserer rapport og annonserer framhaldet av samarbeidet.

Rapporten 60 Years of Energy Cooperation tek for seg samarbeidet med Nepal. I føreordet trekkjer utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim fram at Nepal i dag i stor grad kan lene seg på eigne ressursar når det gjeld utvikling, bygging og drift av vasskraft.

– Utan tilgang til energi er det inga økonomisk utvikling. Utnytting av vasskrafta i Nepal og andre fornybare ressursar, som også tek sosialt og miljøomsyn, er viktige føresetnader for ei sosialt inkluderande økonomisk utvikling, seier Tvinnereim i føreordet i rapporten.

Kapasitetsbygging og kunnskapsutvikling har stått sentralt i den norske innsatsen.

– Sjølv om Noreg har samarbeidd med Nepal om energi i 60 år, er mesteparten av arbeidet gjort av Nepal sjølv. Det har resultert i at endå fleire har tilgang på elektrisitet og kan lage mat på ein trygg måte, og ha tilgang til alt frå medisinsk utstyr til internett, seier leiar for energiseksjonen i Norad, Mina Weydahl.

Sidan byrjinga av samarbeidet har Nepal bygd ut energiproduksjonen sin – nesten utelukkande frå vasskraft – frå 30 MW i 1970 til 2 600 MW i 2023. Straumnettet er òg bygd ut betydeleg, og dessutan desentraliserte løysingar der netta ikkje kjem fram, som inneber at befolkninga i Nepal har imponerande 95 prosent tilgang til straum. Noreg har bidrege til auken i produksjon gjennom kapasitetsbygging, utvikling av lovverk og støtte til ulike fasar til utbygginga av enkelte vasskraftverk.

I løpet av dei siste 60 åra har norsk bistand bidrege til:

  • at over 10 000 studentar har fått opplæring på Butwal Technical Institute, eit opplæringssenter med norsk støtte frå oppstart. Noreg har òg bidrege til at over 3 200 studentar har fått utdanning innan ingeniørstudium ved Universitetet i Kathmandu.
  • at over 300 000 personar har fått straumtilgang i områda rundt dei norsk-støtta vasskraftverka Tinau, Andhi Khola, Jhimruk og Khimti
  • at 6 millionar menneske har fått tilgang til straum frå mininett, frittståande solcellesystem eller reine kokeomnar

Norsk bistand har òg bidrege til etablering av rammevilkår som har gjort det mogleg med investeringar på over 2 mrd. USD innan fornybar energiproduksjon.

Resultata er gjord moglege med ein samarbeidspartnar og energisektor som var villig til å prioritere energiproduksjon og tilgang over tid. Etter kvart har eit heilt energisystem med nasjonal forankring vakse fram. Nepal har i dag internasjonalt anerkjende fagmiljø innan vasskraft.

Dhan Khadka med det trådlause nett-oppsettet til familien.

Tilkopling: Dhan Khadka med det trådlause nett-oppsettet til familien.

Foto: Espen Røst
 

Geiter, bier og wifi

I distrikta er 72 prosent av husa tilkopla det nasjonale straumnettet. Familien Khadka er småbønder og bur oppe i fjellsida i ein liten landsby i Gokuganga kommune i området som er elektrifisert ved hjelp av norsk støtte. Dei lever av dyrehald og dyrking av ris og korn. Familien har geiter, bier og trådlaust internett. Dei har nyleg òg gått til innkjøp av induksjonskokeplate. Tidlegare brukte familien open eld innandørs for å førebu måltid, men no skal det kokast og steikast ved hjelp av straum.

- Elektrisitet er symbolet på utvikling og det moderne samfunnet. Vi kan lade mobiltelefonar, sjå TV og bruke internett, og no kan vi òg lage mat med straum, fortel Dhan Bahadur Khadka.

Gita fortel at ho håper at det tek kortare til å koke vatn, frå no av. Med ei induksjonsplate kan dei setje på ei stoppeklokke i staden for å passe elden. Då kan ho gjere andre ting, og slepp all røyken inne.

Nytt kjøkenutstyr: Gita med den nyinnkjøpte induksjonsplata si. Til venstre synest omnen som vart brukt før, til høgre synest induksjonsplata som er i bruk for første gong.

Nytt kjøkenutstyr: Gita med den nyinnkjøpte induksjonsplata si. Til venstre synest omnen som vart brukt før, til høgre synest induksjonsplata som er i bruk for første gong.

Foto: Espen Røst
 
To generasjonar: Bestemor Som og barnebarnet Pramod, side om side.

To generasjonar: Bestemor Som og barnebarnet Pramod, side om side.

Foto: Espen Røst

Tilgang på straum gjer forskjell

Det lokale sjukehuset, Gokulganga landsbysjukehus, betener nesten 60 000 innbyggjarar og opna i april 2020. Sjukehuset har 16 senger, eit laboratorium for å gjere testar, røntgenlaboratorium og oksygenmaskiner. Lege Adarash Yadav fortel at det nye sjukehuset er nærare pasientane, og for dei kan det handle om liv eller død når alternativet er dårlege vegar som på enkelte tider av året er uframkomelege på grunn av ras eller flaum.

--Med straum kan vi tilby oksygentilførsel dag og natt. Alternativet er å frakte oksygentankar opp, som både er dyrt og nokre gonger ikkje når fram i det heile.

Når det verkeleg gjeld: Adarash Yadav står med pasientar tilkopla oksygenmaskiner. Fleire av pasientane har KOLS eller lungebetennelse, og tilgang på straum gjer stor forskjell.

Når det verkeleg gjeld: Adarash Yadav står med pasientar tilkopla oksygenmaskiner. Fleire av pasientane har KOLS eller lungebetennelse, og tilgang på straum gjer stor forskjell.

Foto: Espen Røst

Norske fotavtrykk i Nepal

Noreg har støtta utbygging av vasskraftverka Tinau, Andhi Khola, Upper Tamakoshi, Jhimruk og Khimti. Fleire av vasskraftverka har brukt delar frå norske kraftverk, som har vorte brukte om att og reparerte. Det aller første kraftverket, Tinau, på 1 MW, stod ferdig i 1978 og er framleis i drift etter 45 år. Det siste ferdigstilte vasskraftverket med norsk støtte, Upper Tamakoshi, har utsikt til Himalayafjella på over 7 000 m på ein god dag og ein produksjonskapasitet på 456 MW. Kraftverket stod ferdig i 2021 og Noreg finansierte forstudien for kraftverket, som sidan fekk finansiering utan donorstøtte eller utanlandsk kapital.

Frå eldste til yngste kraftverk

nngangen til Tinau vasskraftverk: Tinau generer framleis straum til rundt 1 000 straumkundar i området.

nngangen til Tinau vasskraftverk: Tinau generer framleis straum til rundt 1 000 straumkundar i området.

Foto: Espen Røst
Gjenbruk: Norske maskiner vart reparerte, pakka og frakta heile vegen til Nepal. Desse maskinene er frå Norsk elektrisk & Brown boveri Kristiania.

Gjenbruk: Norske maskiner vart reparerte, pakka og frakta heile vegen til Nepal. Desse maskinene er frå Norsk elektrisk & Brown boveri Kristiania.

Foto: Espen Røst
Storskala: Upper Tamakoshi bruker eit fall på 822 meter og har to basseng for vassinntak.

Storskala: Upper Tamakoshi bruker eit fall på 822 meter og har to basseng for vassinntak.

Foto: Espen Røst
Sediment: Bassenget i Upper Tamakoshi er tømt og blir for hand reinsa for sediment, som er ei spesiell utfordring i elvane i Nepal. Issmelting gjer at vatnet tek med seg rusk og småstein gjennom anlegget.

Sediment: Bassenget i Upper Tamakoshi er tømt og blir for hand reinsa for sediment, som er ei spesiell utfordring i elvane i Nepal. Issmelting gjer at vatnet tek med seg rusk og småstein gjennom anlegget.

Foto: Espen Røst

Første partnarland for nytt energiprogram: Energi for utvikling

Lang satsing på straum har gjeve resultat, men Nepal har framleis utfordringar. Ambisjonane for stadig utbygging og elektrifisering er høge, samtidig som vasskraftverka må tilpassast klimaendringar og issmelting, og personforbruket av straum bør auke. Noreg og Nepal har mykje til felles, som høge fjell som skaper gode potensial for vasskraft og erfaringar med sektoren.

Etter ei kartlegging gjennomført av Norad, Miljødirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har Utanriksdepartementet gjeve tilslutning til å starte opp eit nytt energiprogram --  Energi for utvikling. Nepal blir første partnarland for programmet, som byggjer kapasitet innan fornybar energi hos offentlege styresmakter gjennom institusjonssamarbeid med norske aktørar.

Rapporten om 60 års energisamarbeid kan lesast her.

Nytt kapittel: Nepal har utfordringar mellom anna med å auke personforbruket av straum. Biletet viser Som Kumari og Gita Kadhka. Gita fortel at dei har råd til å lage måltid til seg sjølve på den nye induksjonsomnen, men dyrefôret må framleis koke over eld. Nepal har lågt personforbruk av straum, trass i at 95 prosent av befolkninga har tilkopling.

Nytt kapittel: Nepal har utfordringar mellom anna med å auke personforbruket av straum. Biletet viser Som Kumari og Gita Kadhka. Gita fortel at dei har råd til å lage måltid til seg sjølve på den nye induksjonsomnen, men dyrefôret må framleis koke over eld. Nepal har lågt personforbruk av straum, trass i at 95 prosent av befolkninga har tilkopling.

Foto: Espen Røst
 

 

Publisert 04.07.2023
Publisert 04.07.2023
Oppdatert 08.10.2024
Oppdatert 08.10.2024