Afrika har store uutnytta energikjelder, særleg sol. Ein reknar med at Afrika har 40 prosent av det globale potensialet for solenergi, men berre 1 prosent av den installerte kapasiteten i verda.
Foto: Norad

Kronikk: The real straumkrise – og løysinga

Kva er eigentleg ei straumkrise. Er det at straumen er dyr, eller at du ikkje har tilgang til straum – null elektrisitet?

Av Bård Vegar Solhjell, Direktør i Norad

Vi står midt i ei norsk straumpriskrise, som vi alle kan sjå på straumrekninga og lese om i media kvar einaste dag. Prisnivået vi har i Sør-Noreg er ekstremt høgt, og det kan vare. Det er alvorleg om ein har trong økonomi, ikkje minst i kombinasjon med prisvekst på mat og andre varer, og det er tøft for delar av næringslivet som har energi som viktig innsatsfaktor.

Samtidig; vi har straum. Vi har ein veldriven stat med store inntekter, som dekker 80 prosent av rekninga over 70 øre (og snart er det 90 %). Og som vurderer straumstøtte til næringslivet.

Så la meg gi deg ei verkeleg straumkrise. Du har ikkje straum. Aldri. Ikkje til å lage mat, ikkje til kjøleskap, ikkje til å lade mobilen. Du tener truleg under 20 kroner dagen, men hadde du råd, var uansett ikkje straum å få. For det er ikkje nett. Du lever – bokstaveleg talt – i mørkret, og du og familien og den lokale butikken er utestengt frå å ta steget inn i den moderne verda. For i den moderne verda treng du elektrisitet.

Det er krise. Straumkrise. Denne krisa angår om lag 600 millionar afrikanarar. I Afrika sør for Sahara vil det seie at om lag 43 % er utan tilgang til elektrisitet.

Vi i Norad, direktoratet for utviklingssamarbeid, har som oppdrag å forvalte ca 20 mrd. norske bistandskroner på oppdrag av Utanriksdepartementet og Klima- og Miljødepartementet. Målet er å avskaffe fattigdom, vi skal sette pengar i arbeid for å bidra til målet. Mellom dei viktigaste verkemidla for å nå målet er å bygge ut fornybar energi. Energi er avgjerande viktig for å gi familiar elektrisitet, for å bygge ut eit næringsliv som kan skape jobbar – og for å nedkjempe klimaendringane. Det Internasjonale energibyrået (IEA) anslår at energibruken vil doblast på det afrikanske kontinentet til 2040. Om det blir mest kol, er det katastrofalt for klimaet – om det er mest fornybart, kan det vere ei fantastisk historie om utvikling.

For å gjere arbeidet vårt godt treng vi eit oppdatert kunnskapsgrunnlag. Det var bakgrunnen for at Norad delfinansierte IEA sin rapport «Africa Energy Outlook 2022». Den viser kor utfordrande situasjonen er:

Overlappande kriser har ført til ein skarp auke i ekstrem-fattigdom i Afrika sør for Sahara. Blant anna er det 4 prosent fleire menneske som lever utan elektrisitet no enn i 2019. Energibyrået meiner at rimeleg, fornybar energi til alle i Afrika er ein omgåande og absolutt prioritet. 900 millionar afrikanarar har ikkje tilgang til reine kokeomnar. Dei samlar ved og lagar mat på helsefarlege røykfylte omnar. Det fører til over 300.000 for tidlege dødsfall i året. Dette er ein av de store skamplettane i verda i dag.

Og så viser den kor realistisk og billig løysinga er!

Dersom ein klarer å skaffe straum til 90 millionar menneske i Afrika i året, vil målet om full dekning vere nådd i 2030. Dette vil koste 25 milliardar dollar årleg, for tida er det om lag 250 mrd. kroner.

Det kan høyrast mykje ut, men det er eigentleg småpengar.

Det er om lag like mange oljepengar som vi bruker i eit norsk statsbudsjett kvart år. Eller om lag 1/7 av all global bistand. Elon Musk ville kjøpe Twitter for 44 milliardar dollar, og Amazon hadde ei omsetning på 116 milliardar dollar i første kvartal i år. Eller for å samanlikne med energi. Fleire av dei største energi-prosjekta i verda, ikkje minst i LNG (flytande naturgass), har aleine kosta meir enn 25 mrd dollar.

Det er ikkje dyrt. Særleg ikkje når det kan vere eit kjempeløft for ein heil verdsdel.

Nøkkelen ligg i auka investeringar frå kommersiell sektor. Afrika har store uutnytta energikjelder, særleg sol. Ein reknar med at Afrika har 40 prosent av det globale potensialet for solenergi, men berre 1 prosent av den installerte kapasiteten i verda. Storbritannia, den regnfulle og grå øya uti havet, produserer faktisk meir solenergi enn heile Afrika. Det er ikkje til å fatte.

Det er mykje investeringsvillig kapital i verda, men problemet for afrikanske land er at denne kapitalen ikkje kjem Afrika til gode, så lenge rammevilkåra for investorar ikkje er tilfredsstillande. Kommersielle aktørar opplever risikoen for investeringar på det afrikanske kontinentet som for stor. Denne svært krevjande marknaden prega av krig og konflikt som mange private aktørar vegrar seg for å gå inn i.

Bistanden kan bidra med å redusere risiko ved bruk av garantiar, det vil seie at vi støttar delar av den ekstra kostnaden det kan ha å investere i ein meir risikabel marknad. Ei investert bistandskrone i garantiar kan gi tjuegongen tilbake i private investeringar. Under klimatoppmøtet i Glasgow i november lanserte utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim auka støtte til internasjonale garantiinstitusjonar. Det er snakk om skreddarsydde garantiforsikringar til ein samla verdi av inntil 1,5 milliardar kroner.

Men etter mi meining viser analysen til IEA også noko meir grunnleggande. I tillegg til å bruke bistand til å utløyse investeringar, må vi arbeide med å redusere årsaka til den høge risikoen. Og den sentrale årsaka er svake institusjonar.

Derfor arbeider vi i Norad med å sikre eit betre fungerande juridisk rammeverk, styrke system for bank, finans og revisjon – der målet er å redusere korrupsjon. Dette hjelper til å mobilisere nye investeringar, men er også heilt nødvendige føresetnader for utviklinga av landa sine eigne levekår og næringsliv. Eit godt fungerande statsapparat er ein av fleire botnplankar for gode liv og god business. Regjeringa sitt nye bistandsprogram «Energi for Utvikling» vil styrke statsapparatet innanfor fornybar energi.

Det er krevjande tider for oss, i Noreg. Det ville vere unorsk om vi i ei sånn tid skulle gløyme at det er endå meir krevjande tider for andre. Dei 600 millionar menneska i Afrika sør for Sahara som må ha meir straum. Til lys i heimane, til industri, til avkjølte forsyningslinjer for landbruksprodukt. I det heile tatt: for å gi menneske betre liv.

Kronikken er også publisert i Dagsavisen 18.08.2022

Publisert 29.08.2022
Sist oppdatert 29.08.2022