Nytt evalueringsprogram 2022-2024

Avdeling for evaluering i Norad lanserer no eit nytt evalueringsprogram for perioden 2022-2024.

Dekkjer mangfaldet i det norske utviklingsamarbeidet

Evalueringane i programmet dekkjer mangfaldet i det norske utviklingssamarbeidet. Klima, miljø og matsikkerheit, humanitær bistand, fredsinnsats, rettigheiter og inkludering samt støtte gjennom FN systemet er tema for fleire av dei komande evalueringane.

Viktig å vere relevant

Utviklingssamarbeidet står overfor omfattande utfordingar og det er eit mål at evalueringsprogrammet skal vere oppdatert og relevant slik at evalueringsfunna kan bidra til læring og brukast i vedtaksprosessar som kan betre norsk utviklingssamarbeid. Fungerande evalueringsdirektør Siv J. Lillestøl legg vekt på at det må gjerast meir av det som fungerer, samtidig som ein må ta nødvendige grep dersom noko ikkje fungerer. I tillegg har vi og gjennom evalueringsarbeidet vårt eit ansvar for å bidra til å ansvarleggjere dei som forvaltar norske bistandsmidlar, seier Lillestøl.

Ny instruks for evaluering i norsk bistandsforvaltning

Vi lanserer evalueringsprogrammet litt seinare i år enn tidlegare. Det skyldast at den nye instruksen og den  tilhøyrande evalueringsstrategien med retningslinjer frå Utanriksdepartementet og Klima og miljødepartementet som regulerer det uavhengige  evalueringsarbeidet  i regi av vår avdeling, først måtte på plass for å klarleggje ansvaret og arbeidsoppgåvene til avdelinga deriblant ansvaret for å utarbeide evalueringsprogrammet,  forklarer Lillestøl.

Vi er godt fornøgd med at revidert instruks no er på plass og at uavhengigheita til evalueringsarbeidet gjennom denne er ivaretatt. Den nye instruksen har fokus på at evalueringsarbeidet skal vere relevant, av god kvalitet og at det skal bidra til læring i forvaltninga. Dette er viktige stikkord for eit godt og nyttig evalueringsarbeid, seier Lillestøl, og påpeiker samtidig at bruk og læring er eit delt ansvar i bistandsforvaltninga.

Vår avdeling kan gjennom evalueringsarbeidet legge til rette for læring. Blant anna gjennom å sikre relevante evalueringar av god kvalitet og gjennom å involvere forvaltninga i evalueringsprosessen. Bistandsforvaltinga har på si side, eit ansvar for å sikre at evalueringane blir brukt som del av kunnskapsgrunnlaget når vedtak blir fatta. Dette inkluderer og å skape insentiv for bruk og ein kultur for læring i forvaltninga, seier Lillestøl. Ho avsluttar med å påpeke at avdelinga er svært fornøgd med det nye evalueringsprogrammet og har trua på  at evalueringane kan bidra til god politikkutforming og betre bistand i ei tid som er i stadig endring.

 

 

 

Publisert 11.05.2022
Sist oppdatert 11.05.2022