Foto: Nadia Frantsen

Kronikk: Krise? Eg skal gje deg krise

Straumkrise? Eg skal vise deg ei verkeleg straumkrise. 700 millionar menneske som ikkje har straum. Priskrise? Ei verkeleg priskrise er dei meir enn 800 millionar som går til sengs svoltne fordi dei ikkje har råd til mat. Det er på tide vi rettar blikket mot den dramatiske tilbakegongen som no rammar utviklingsland. (Kronikk)

Av Bård Vegar Solhjell, direktør i Norad

Kva er ei krise? Covid19 med sine globale konsekvensar, ja. At straumen vert mykje dyrare så mange menneske og bedriftar slit med å betale? Kanskje det. At det tok lang tid å få pass før sommaren - passkrise? Vel..

Ei verkeleg krise
La meg ta deg med til ei verkeleg krise. At det det knapt finst mat, og at du ikkje har pengar til å kjøpe. Om lag 828 millionar personar er i følgje Verdas matvareprogram i den situasjonen no. Eller at du ikkje har tilgang på straum, uansett situasjon. Det er situasjonen til opp mot 700 millionar menneske globalt. Eller at det ikkje finst skulegong til barna dine. Framleis er det om lag 60 millionar barn som ikkje får gå på skulen.

I mange tiår har situasjonen i fattige land likevel gått i rett retning. Ekstrem fattigdom er redusert frå 36% av verdas folk å slutten av 80-talet, til under 10% før Covid-pandemien. Eit fantastisk framsteg. Barnedødelegheit er halvert sidan år 2000, og langt fleire har tilgang til utdanning og elektrisitet.

No har det snudd. Etter ein generasjon med framgang, opplever utviklingsland no kraftig sosial og økonomisk tilbakegong. Det er på tide vi rettar blikket mot det.

Global tilbakegong
Det er i ferd med å bli godt dokumentert. Same dag som Dronning Elisabeth II gjekk bort lanserte FNs Utviklingsprogram, UNDP, sin årlege rapport for menneskeleg utvikling. Rapporten har sidan 1990 målt korleis det går med sosial og økonomisk utvikling i verda. Årets rapport for viser at for første gang sidan FN begynte å måle har menneskelig utvikling gått tilbake, for andre år på rad. Førre veke kom Verdsbanken med nye tal for utviklinga i global fattigdom, som viser mykje av det same. Verdsbanken konkluderer no med at vi ikkje vil nå målet om å utrydde ekstrem fattigdom innan 2030.

Vi er i ein global tilbakegong.  Og: tilbakegongen er mest dramatisk i allereie fattige land. Så kva skjer?

For det første hadde utviklingsland sin framgong bremsa opp allereie før koronaen trefte verda. For dei fattigaste landa vart takta i fattigdomsreduksjonen meir enn halvert på 2010-talet, matusikkerheit gjekk ned og vi såg fleire væpna konfliktar som hindrar vekst og framgang.

For det andre kom pandemien. Pandemisjokket var det største tilbakeslaget sidan andre verdskrigen, med ein nedgang på nesten seks prosent i global vekst. Medan rike land er på veg til å hente inn det tapte, har ikkje dei fattige landa dei same utsiktene. Vi risikerer at utfallet vert varig auka skilnadar mellom fattige og rike land.

For det tredje har Russlands angrep på Ukraina blitt eit angrep på fattige land. Prisane på matvarer har eksplodert. Ein kraftig vekst i matusikkerheit viser seg i utsette regionar som Afrikas horn og Midtausten, og fleire land har opplevd opprør og sosial uro som følgje av høge matprisar. I Norad fryktar vi at dårlege avlingar på grunn av tørke, kombinert med høgare prisar, kan gje alvorlege sveltkatastrofer det neste året. FN åtvarar allereie mot «den største svoltkrisa i verda nokon sinne».

For det fjerde kjem den sakte og snikande utfordringa, klimakrisa. Dei globale klimaendringane merkast mest i dei varmaste områda i verda, frå Sahel-regionen i Afrika og inn i Midtausten og Sør-Asia. Klimaendringane merkast i høgare temperaturar og meir ekstremvêr, men også i endra regnmønster og meir tørke som igjen rammar produktiviteten i landbruket. Verdsbanken har anslått at klimaendringar åleine vil føre om lag 100 millionar menneske ut i ekstrem fattigdom. Det ironiske – og urettvise – er at klimaendringane særleg rammar land med små eigne utslepp.

Sjølv vert eg enno meir uroa av å sjå på prognosar for det som kan kome. At den økonomiske veksten ikkje kjem tilbake i dei fattigaste landa på fleire år enno. Det betyr at fattigdomen vil halde fram med å auke, på grunn av den store folketalsveksten. Med denne auken i fattigdom kjem ei rekke sosiale konsekvensar, trendar som også har snudd: Fleire blir smitta av sjukdomar som tuberkulose og AIDS, færre barn får skulegong og barneekteskap går opp. Internasjonale målingar for sosiale og politiske rettar viser også, ja, tilbakegong.

Det er ei krise. Ei verkeleg krise.

Tid for eit globalt utsyn
Eg er den første til å innsjå at dette ikkje er ein fest av ein artikkel. Det er då heller ikkje meininga. Meininga er å seie det som det er. Å la fakta ha makta. Eg har hatt hundrevis av engasjerte innlegg om at verda eigentleg er ein suksess som gjer stor framgang. No er det tid for engasjerte innlegg om korleis vi kan slå tilbake den dramatiske globale situasjonen.

Situasjonen i utviklingsland får lite merksemd, sjølv om den er dramatisk verre enn hos oss. Då Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim var på afrikansk toppmøte om klimatilpasning nyleg, var ho ein av tre europeiske statsrådar som deltok. Til trass for at den Afrikanske Union hadde lagt toppmøtet til Rotterdam i Nederland, for å sikre europeisk deltaking!

Det er for lite fokus på det globale sør, for lite debatt om korleis det kan påverke oss og for lite engasjement for vårt globale ansvar. Den indiske utanriksministeren uttrykte det før sommaren slik i eit intervju: «Europa må slutte å tru at Europas problem er verdas problem, medan verdas problem ikkje er Europas problem.» Det var diverre for treffande sagt.

Alle løysingar startar med å erkjenne og forstå. Der er vi ikkje. Ikkje norske medier eller norsk samfunnsdebatt. Det er tid for eit globalt utsyn, og å sette den dramatiske tilbakegongen i utviklingsland på dagsorden.

Kronikken er også publisert her på Altinget, 23.10.2022 

Publisert 24.10.2022
Sist oppdatert 24.10.2022