Kronikk: Eit dystert år for spåmenn

– Blir Jens Stoltenberg sentralbanksjef?

Av Bård Vegar Solhjell, direktør Norad.

Det var spørsmål nummer 3 i den faste nyttårsspalta «Årets profet» i Dagsavisen i fjor. Det er berre eit knapt år sidan, men kjennest som fleire tiår tilbake i tid, i alle fall fem, seks år.  Gjensynet med spørsmåla om talet på tropenetter og reduksjon av bestandmålet for ulv i 2022 får oss til å tenke: Å himmel, for ei sorglaus tid!

Når ein veit svaret, er det sjølvsagt etterpåklokskap i reinaste form å ta fram att ein gjetteleik med ja og nei om framtida. Det er likevel smått sjokkerande å sjå kor lukkeleg uvitande vi var om det som skulle hende i 2022!

Putins grufulle overfall på Ukraina. Stigande prisar og inflasjon. Forsyningskrise og manglande innsatsvarer. Folk som ikkje har råd til oppvarming og mat.

Vi ante at det var noko. Russland hadde samla troppane langs grensa til Ukraina og straumen var på veg opp. Men desember 2021 glei roleg vidare. Ingen tenkte den absurde tanken at neste år vil både Sverige og Finland søke om medlemskap i NATO.

Tar eg dette blikket bakover for å fortelje at det er umogleg å planlegge noko? At vi berre må lene oss tilbake og ta imot sjokka etter kvart som dei kjem?

Nei, tvert imot. Erfaringane frå dette året syner oss kor viktig det er å tenke langsiktig, og investere i det som kan førebygge uventa hendingar og redusere risiko.

Lettare sagt enn gjort? Ja. Det er meir spennande å opne ein ny veg enn å vedlikehalde vegen vi har, lettare å tenke på neste veke enn neste tiår. Men samstundes sit førebygging og planlegging djupt festa i oss. Frå folkeeventyra kjenner vi haren som kvar vinter lovar seg sjølv: Lever eg til sommaren skal eg bygge eit hus. Men, når sommaren kjem spring han vidare og seier: Hus i kvar busk, hus i kvar busk!

Vi veit at vinteren kjem.

Noko er heilt opplagt. Sjølv om himmelen er lyseblå, er det viktig å ha eit sterkt forsvar. Sjølv om alle er friske, kan det bli bruk for vaksinar. Velferdsstaten er eit gigantisk førebyggingsprosjekt. Vi betaler for brannvern, politi, sjukehus og barnevern sjølv når vi ikkje brukar tenestene. Vi førebygger.

Arbeidet mitt i Norad er ei investering i global førebygging. Vi skal nå FNs berekraftsmål, men òg førebygge globale utfordringar som klimaendringar, tap av natur og aukande fattigdom.

Vi har allereie sett att klimaendringane fører til katastrofale overraskingar. Tørke, skogbrannar, orkanar og flaumar. Ofte på stadar som ikkje har opplevd slike vêrfenomen tidlegare. I Noreg opplever vi òg konsekvensar av klimaendringane, som ras, styrtregn, halvtomme vassmagasin og elver som aldri før har hatt så lav vasstand. I det store og heile eit meir dramatisk vêr. Og dette er berre byrjinga om vi ikkje gjer meir.

Tap av natur får mykje meir merksemd no enn for få år sidan, og vi har fått på plass ein global naturavtale. Vi er avhengige av naturen for nesten alt – mat, medisinar, energi og klede, og fleire såkalla økosystemtenester. Å førebygge tap av natur er ei langsiktig investering i oss sjølve.

Å få ned talet på menneske som lever i fattigdom er eit mål i seg sjølv, men førebygger òg risikoen for uventa og uønskte hendingar i verda. Konfliktar oppstår oftare der det er kamp om mat og levelege kår. Smittsame sjukdommar, og med det pandemiar, spreier seg lettare i område med lite mat, svak helse og dårleg helsestell. Koronapandemien har ført til at talet på fattige i verda har auka for første gong sidan 1998. Mange mista jobbane sine og fekk økonomiske vanskar på grunn av pandemien. No lever 9,2 prosent av menneska i verda i ekstrem fattigdom.

Det er nok å ta tak i, og svaret ligg i forpliktande internasjonalt samarbeid. Det dreiar seg om klima, fattigdom og ikkje minst motstandskraft. Angrepet på Ukraina i februar i år synte oss at himmelen slett ikkje var lyseblå og pandemien synte oss at alle kunne bli sjuke.

Eg har høyrt om folk som unngår nyheiter i dette Herrens år 2022. Fordi det berre gjer dei engstelege og deprimerte. Til dei vil eg anbefale «Verdens Beste Nyheter» frå ungdomsorganisasjonen Changemaker i Kirkens Nødhjelp. Der kan du lese om at sjukdommen raude hundar (Rubella), ein sjukdom som er særleg farleg for gravide kvinner, er i sterk tilbakegang. Frå 94 277 tilfelle i 2012 til 10 194 tilfelle i 2020. I desse nyheitene kan du òg lese at tre av fire vaksne på jorda no har sin eigen bankkonto. Det er eit stort framsteg. Eigen bankkonto vil seie at pengane dine er trygge og at du kan søke om lån viss du vil satse på noko. Dessutan er det ei oppmuntring at sjiraffen vender attende. Talet på sjiraffar aukar. Bestanden er no 20 prosent høgare enn ein trudde i 2015. Det skjer positive ting.

Men kva vart svaret på det siste spørsmålet under politikk/samfunn i «Årets profet» for 2022:

– Får Trygve Slagsvold Vedum meir enn 20 000 følgarar på TikTok? Svaret er at han ikkje er på TikTok, men at videoane av han har fått meir enn 8 millionar treff. Ikkje verst.

Og med det ønsker eg alle som les Dagsavisen ei god jul og eit godt nytt år. Sidan det er bursdagen min, takkar eg òg for gratulasjonane!

Kronikken er også publisert i Dagsavisen 22.12.2022.

Publisert 22.12.2022
Sist oppdatert 22.12.2022