Decennium horribile

Det skulle bli dei glade 20-åra, the roaring twenties. I staden trur sjølv ein optimist som meg at verda kan stå overfor det store tilbakeslaget – eit decennium horribile. Det er tid for internasjonalt samarbeid, nyskaping og partnarskap.

Av direktør Bård Vegar Solhjell, Norad. 

Mange trur alt var betre før, men det motsette er sant. Det meste var verre før. Det var fleire drap og fleire trafikkulukker, dårlegare skular og helsetilbod. Vi har det, stort sett, betre no enn før. Ser vi på det globale biletet er dette udiskutabelt sant. Tida frå andre verdskrigen og til i dag er ei einaste stor suksesshistorie for økonomiske og sosiale framgangen i verda.

I åra etter 1945 levde meir enn to tredjedelar av verdas folk i ekstrem fattigdom, så ein knapt hadde til det meste grunnleggande. Den store framgangen etter krigen endra det, og midt på 1980-talet var det snudd til at litt over ein tredjedel av verdas folk levde i ekstrem fattigdom. Framgangen auka på etter den kalde krigens slutt, og i 2020 var talet under ti prosent. Folk flest har gått frå å vere lut fattige til å ha så dei klarer seg. Slik har det også gått med andre indikatorar på om vi har det bra. Barnedødelegheit og mødredødelegheit er kraftig redusert. Helse, utdanning og tilgang på elektrisitet når langt fleire.

Dette har no snudd. Snart fire månader inn i Putins grufulle angrepskrig mot Ukraina, er det begynt å demre for meg som for mange andre: Alt blir ikkje «normalt» igjen. Ikkje sånn som vi tenkte det. På grunn av korona, krig og klima kan vi i staden vere ved starten av eit decennium horribile, eit tiår der fleire store tilbakeslag rammar oss samstundes.

La meg forklare kvifor:

Framgangen i mange utviklingsland hadde bremsa opp lenge før koronaen trefte verda vinteren 2020. Finanskrisa i 2008, kombinert med at mange utviklingsland sleit med å bygge institusjonar, kapital og næringsliv som gir varig vekst, skapte eit tilbakeslag. For dei fattigaste landa vart takta i fattigdomsreduksjonen meir enn halvert på 2010-talet. Veksten i BNP per innbyggar vart snudd frå solid vekst til nedgang.

Så kom pandemien og forverra ei allereie negativ utvikling. Dei økonomiske konsekvensane ramma økonomiane i fattige land raskt og hardt, gjennom nedstenging og smittefare. Pandemisjokket var det største tilbakeslaget sidan andre verdskrigen, med ein nedgang på nesten seks prosent i global vekst. Og skaden er langvarig: Medan dei rike landa vil ha henta inn det tapte i løpet av eit par år, har ikkje dei fattige landa dei same utsiktene. Økonomien har stagnert, og investeringar frå rike land går ned. Vi risikerer at utfallet vert varig og med auka skilnadar mellom fattige og rike land.

Ukraina-krigen har også påverka verdsøkonomien. Spesielt er konsekvensane for energi- og matprisar særs alvorlege for utviklingslanda. Den internasjonale matprisindeksen har heile våren ligge rekordhøgt etter at den auka med 12,6 prosent frå februar til mars. Fleire titals millionar menneske kan bli ramma av svelt. Den ekstreme fattigdomen – som gjorde eit hopp i pandemien – kan igjen auke. Det er no nesten 700 millionar menneske som lever på mindre enn 1,9 dollar om dagen. Svært mange menneske lever rett over grensa for det vi definerer som ekstremfattigdom , og talet på ekstremfattige kan difor stige raskt.

Dei høge matprisane merkast óg her heime. For folk som lever i ekstrem fattigdom er det eit spørsmål om liv og død. Dårlege avlingar på grunn av tørke, kombinert med høgare prisar, kan gje alvorlege sveltkatastrofer.

Vi veit også at faren for hyppigheita av sosial og politisk uro ofte stig når matprisane går opp. Det har vi sett døme på både på Sri Lanka og i fleire nord-afrikanske land. Det er også no eit sannsynleg utfall av Ukraina-krisa, langt unna sjølve krigen. Alt dette har også gjeve grobotn for meir autoritære regime og vi er inne i ei tid der demokratiet er på tilbakegang.

Dette kjem på toppen av den sakte og snikande utfordringa, klimakrisa. Dei globale klimaendringane merkast mest i dei varmaste områda i verda, frå Sahel-regionen i Afrika og inn i Midtausten og Sør-Asia. Klimaendringane merkast i høgare temperaturar og meir ekstremvêr, men også i endra regnmønster og meir tørke som igjen rammar produktiviteten i landbruket. Verdsbanken har anslått at klimaendringar åleine vil føre om lag 100 millionar menneske ut i ekstrem fattigdom. Det ironiske er sjølvsagt at det særleg rammar land med marginale eigne utslepp, både historisk og i dag.

Eg skriv ikkje dette for å gjere deg motlaus, berre for å gjere deg til realist. Talas tale no er at det blir fleire fattige i verda, og at dette ikkje ligg an til å snu det neste tiåret.

Og det er mykje som gir håp. Etter at verda så smått opna opp att har eg vore heldig og fått besøke ei rekke av Norad sine partnarar rundt om i verda. På ulike vis jobbar dei for å skape endring:

Martha Chizuma, leiar av Malawis Anti-korrupsjonsbyrå, har uredd kasta seg inn i kampen mot korrupsjon med livet som innsats. Nadim Ghanem jr driv familiebedrifta Miniplast utanfor Accra i Ghana som resirkulerer søppel til nye produkt. Og Adam Dicko frå Bamako - ungdomsrørsla AJCAD som ho leiar krev openheit og menneskerettar i Mali.

Og utallige andre.

I denne fasen må vi også bruke verktøykassa vi har for å bidra internasjonalt. I solidaritet, men også fordi det hjelper oss. Dei viktigaste problema vi no merkar konsekvensane av må løyast saman. Klimaendringane og ein global pandemi er dei fremste døma på problem vi ikkje kan handtere utan at alle deltar i løysinga. Globale utslepp må til null, og pandemien sluttar ikkje før heile verda er beskytta. Det er i vår beste interesse å bidra til at andre blir del av løysinga. Bistand er vårt viktigaste internasjonale bidrag til å nå klimamåla, redusere fattigdom og skape utvikling. Og det er vårt viktigaste bidrag til å nå globale mål.

I eit decennium horribile, blir bistand viktigare. Og felles løysingar på felles problem blir viktigare.

Saken er også publisert som kronikk i Dagbladet 4. juli 2022

 

Publisert 05.07.2022
Sist oppdatert 05.07.2022