Menneskerettar for alle
Menneskerettane er universelle, absolutte og ufråvikelege. Dei gjeld for alle menneske, uansett kven dei er og kvar dei bur. Situasjonen for menneskerettar og demokrati er i dag prega av tilbakegang på fleire område. Dei negative trendane kan likevel utfordrast og motverkast gjennom målretta innsats på landsnivå og gjennom internasjonale system.
Kva
Støtta frå Norad skal bidra til målretta innsats for å fremje menneskerettar og grunnleggjande demokratiske prinsipp og institusjonar på landsnivå, i samarbeid med nasjonale, regionale og globale aktørar. Innsatsen skal bidra til å styrkje internasjonale system for å fremje og verne menneskerettar, demokrati og rettsstat, og forbetre etterlevinga av internasjonale menneskerettsforpliktingar i utviklingsland. Dette omfattar tilgang til rettsvern for alle og bygging av velfungerande, inkluderande og ansvarlege institusjonar på alle nivå.
Støtte til menneskerettsforsvararar er ei langvarig prioritering i norsk utanriks- og utviklingspolitikk. Menneskerettsforsvararar er personar eller grupper som arbeider for å fremje menneskerettane med fredelege middel. Det inkluderer både sivile og politiske rettar og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Menneskerettsforsvararar er ein sentral del av eit levande sivilt samfunn og bidreg til inkluderande, fredelege og demokratiske samfunn.
Retten til å kunne ytre seg fritt og ha fri tilgang til informasjon er ein grunnleggjande menneskerett og avgjerande for eit levande demokrati der alle borgarar fritt kan utveksle synspunkt og idear. Norsk utviklingssamarbeid stør derfor innsats for å fremje ytringsfridom og frie medium, og for å verne journalistar, skribentar og andre utsette ytrarar. Dette inkluderer fremjing og vern av kulturelle rettar og frie kunstnariske ytringar. Ytringsfridom er eit mål i seg sjølv, men er òg ein føresetnad for å nå måla i berekraftsagendaen.
Trus- eller livssynsfridom inneber retten til tanke-, samvits- og religionsfridom. Han vernar einskildindividet, ikkje ideologiar eller religionar, og ikkje-diskriminering og fridom frå tvang og skadeleg praksis står sentralt. Retten til trus- eller livssynsfridom må ein sjå i nær samanheng med andre menneskerettar og speler ei stor rolle i arbeidet Noreg gjer for å verkeleggjere berekraftsmåla i FN. Dette inkluderer innsats mot innskrenking av trus- eller livssynsfridomen og fremjing av menneskerettane til trus- og livssynsminoritetar.
Eit land er ikkje verkeleg fritt og demokratisk dersom ikkje dei grunnleggjande menneskerettane til innbyggjarane om å få vere den dei er, er sikra. Derfor inkluderer det norske utviklingssamarbeidet målretta innsats for å kjempe mot diskriminering og forfølging av seksuelle minoritetar og kjønnsminoritetar. Å vareta skeive sine levekår og menneskerettar i utviklingssamarbeidet er viktig. Kapasiteten og handlingsrommet sivilsamfunnsorganisasjonar har til å fremje inkludering og menneskerettar for skeive, skal styrkjast.
Om lag 15 prosent av befolkninga i verda har nedsett funksjonsevne. Noreg skal vere ein pådrivar for inkludering av menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne i det internasjonale utviklingssamarbeidet. Innsatsen skal fremje likestilling for alle og utjamning av forskjellar, og bidra til gjennomføring av FN-konvensjonen om menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne. Innsatsen omfattar både arbeid for systemendring og endringar på lokalt nivå.
Norsk bistand skal òg bidra til innsats for styrking av arbeidstakarrettar gjennom tiltak som fremjar gjennomføring av internasjonale arbeidsstandardar, eit likestilt arbeidsliv, trepartssamarbeid og vern av fagforeiningsrepresentantar.
Kvifor
FN og Verdserklæringa om menneskerettar og det tilhøyrande konvensjonsapparatet vart til i kjølvatnet av to verdskrigar der millionar av menneske hadde mista livet. Det internasjonale rammeverket som menneskerettane utgjer i dag, set dermed grenser for kva ei statsmakt kan gjere mot si eiga befolkning og definerer kva forpliktingar staten skal ha overfor borgarane sine.
Dagens rammevilkår for internasjonalt arbeid for menneskerettar og demokrati er krevjande. Talet på menneske som lever i autoritære regime aukar, kritiske stemmer og motstand blir fjerna og grunnleggjande menneskerettar blir ikkje respekterte. I mange land blir demokratiske institusjonar og prosessar undergravne, og polarisering, feilinformasjon og propaganda er framståande verkemiddel. Dei negative trendane kan likevel utfordrast og motverkast gjennom målretta innsats på landnivå og gjennom internasjonale system. Kompetanse kan utviklast, kapasitet kan styrkjast og vern kan gjevast til dei som er involverte i menneskerettsarbeidet.
Korleis/kvar
Innsatsen for menneskerettar og demokrati går føre seg i fleire delar av verda og i samarbeid med eit breitt spekter av aktørar på både globalt, regionalt og nasjonalt nivå. Norad stør mellom anna forskingsinstitusjonar, multilaterale aktørar og norske og internasjonale sivilsamfunnsorganisasjonar som samarbeider nært med nasjonale og lokale partnarar. Arbeidet inkluderer normativt arbeid inn mot FN-systemet, styrking av relevante institusjonar på nasjonalt nivå, kompetanseheving, forsking, vern av menneskerettsforsvararar og fremjing av menneskerettane til grupper i sårbare situasjonar.
Lenkjer
- Muligheter for alle – menneskerettighetene som mål og middel i utenriks- og utviklingspolitikken: Meld. St. 10 (2014-2015) - regjeringen.no
- Strategi for ytringsfrihet i utenriks- og utviklingspolitikken: Strategi for ytringsfrihet i utenriks- og utviklingspolitikken - regjeringen.no
- Strategi for inkludering av personer med nedsatt funksjonsevne i utviklingspolitikken (2022-2025): Likestilling for alle - regjeringen.no
- Veileder for utenrikstjenestens innsats for menneskerettighetsforsvarere: Oppdatert veileder for utenrikstjenestens innsats for menneskerettighetsforsvarere - regjeringen.no
- Veileder for utenrikstjenestens arbeid med tros- og livssynsfrihet: Ny veileder for utenrikstjenestens arbeid med tros- og livssynsfrihet - regjeringen.no
- Handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfold (2023-2026): Regjeringens handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfold (2023–2026) - regjeringen.no
- Handlingsplanen for kvinners rettigheter og likestilling: En rettferdig verden er en likestilt verden - regjeringen.no
Kontakt
For meir informasjon, vennligst kontakt Seksjon for menneskerettigheter og sivilt samfunn