Dette støtter den norske helsebistanden

Ghanesisk kvinne i sykehusuniform

Noreg arbeider for å styrkje helsesystem i låginntektsland, slik at fleire får tilgang på grunnleggande helsetenester. Satsinga skjer gjennom langsiktig samarbeid med nasjonale styresmakter, multilaterale organisasjonar og sivilsamfunn, med særleg vekt på Afrika sør for Sahara.

Kva går norsk helsebistand til?

Helseporteføljen til Norad har som mål å styrke nasjonale helsesystem og sikre betre tilgang til grunnleggande helsetenester for alle. Ein sentral del av dette arbeidet er å støtte universell helsedekning (UHC), slik at ingen skal måtte bere uhaldbare kostnader for naudsynt helsehjelp.

Store og grensekryssande helseutfordringar gjer internasjonalt samarbeid nødvendig. Ein heilt sentral del av norsk helsebistand går difor gjennom globale initiativ og multilaterale organisasjonar, som samarbeider internasjonalt om felles utfordringar innanfor helsefeltet.

Kven samarbeider Norad med?

Norsk helsebistand er retta mot låg- og mellominntektsland, særleg i Afrika sør for Sahara.​ Støtta går gjennom multilaterale organisasjonar som Verdas helseorganisasjon (WHO) og Verdsbanken, og globale fond som vaksinealliansen Gavi, Det globale fondet for nedkjemping av hiv, tuberkulose og malaria (GF), CEPI (koalisjonen for innovativ pandemiberedskap) og Pandemifondet. I tillegg støttast sivilsamfunnsorganisasjonar og direkte samarbeid mellom faginstitusjonar i Noreg og utviklingsland.    

Til dømes bidreg Folkehelseinstituttet (FHI) og Universitetet i Oslo (UiO) til å styrke helsesystem i fleire land. UiO har utvikla og rulla ut eit digitalt helseinformasjonssystem (DHIS2) som er i bruk i over 90 utviklingsland. FHI bidreg til å styrke folkehelsefunksjonar i Palestina, Nepal, Etiopia, Malawi, Ghana og Uganda, og gjennom den afrikanske smittevernsorganisasjon Africa CDC.

I tillegg til å gje tilgang til grunnleggande helsetenester, er nasjonale helsesystem nøkkelen i effektiv førebygging og respons på utbrot av smittsame sjukdomar.

Les meir om norsk støtte til utvikling av nasjonale overvakingssystem, og evne til å reagera effektivt på utbrot. 

Ein meir strategisk bruk av norske bistandspengar

Helsebistanden er organisert som ein portefølje. Porteføljestyring skal sikre ein kunnskapsbasert og strategisk bruk av norske bistandspengar, for å oppnå måla i utviklingspolitikken.

Les meir om korleis Norad arbeider med porteføljestyring.

Publisert i går
Publisert i går
Oppdatert i går
Oppdatert i går