Humanitær innsats
Målet med norsk humanitær innsats er å redde liv, lindre naud og ta vare på menneskeverdigheita og rettar i humanitære kriser, i tråd med det humanitære imperativet. Noreg skal vere ein leiande humanitærpolitisk aktør og gjevar.
Den humanitære innsatsen til Noreg skal vere basert på dei humanitære prinsippa og svare på akutte behov. Føremålet skal vere tydeleg humanitært, men sjåast i samanheng med langsiktig utvikling og fredsinnsats for å sikre ein heilskapleg norsk innsats.
Noreg skal bidra til å forbetre det globale humanitære systemet. Noreg vil jobbe for å styrkje humanitær innsats og redusere finansieringsgapet gjennom effektivisering, innovasjon og styrkt lokal humanitær respons. Vi skal vere pådrivar for styrking av beredskap og handling i framkant av forventa kriser. Noreg skal bidra til tidleg gjenoppbygging og berekraftige løysingar i langvarige humanitære kriser, og vi skal velje samarbeidspartnarar som arbeider i tråd med desse føringane.
Nasjonale styresmakter har plikt til og ansvar for å verne og hjelpe eiga befolkning når ho blir ramma av ei humanitær krise. Oppgåva for det internasjonale samfunnet og dei humanitære aktørane er å respondere der styresmaktene ikkje kan eller vil verne og hjelpe dei som har humanitære behov. Denne innsatsen skal utfylle og styrkje lokal innsats.
Ulike humanitære kriser krev ulik respons. Den humanitære innsatsen skal vere tilpassa behova til kriseramma menneske. Noreg skal arbeide for ei rettsbasert tilnærming der menneska som blir ramma av kriser, får større medverknad og blir inkluderte som deltakarar, ikkje berre som mottakarar av humanitær bistand.
Avgjerder om norsk humanitær støtte skal vere baserte på behov hos ramma befolkning, vurdering av lokal kapasitet, responsevna til humanitære organisasjonar, nærvær, tilgang og engasjement frå andre gjevarar. Avgjerdene til Noreg vil òg takast i lys av kva temaområde og landssituasjonar som har særleg prioritet frå norsk side, og der innsatsen vår kan ha meirverdi.
I all hovudsak vil dei humanitære midlane til Noreg bli kanaliserte gjennom FN, Raudekross-rørsla og humanitære sivilsamfunnsorganisasjonar. Partnarskapa skal vere likeverdige og sikre kompetanseutveksling med lokale organisasjonar. Vi skal gje partnarane våre føreseielegheit og fleksibilitet og samtidig stille krav til kvalitet og resultat.
Noreg skal vise openheit og vilje til å vurdere nye og effektive løysingar og teknologi for å styrkje den humanitære innsatsen. Vi skal fremje grøn humanitær respons slik at miljø- og klimaomsyn blir betre integrerte i det humanitære arbeidet.
Den humanitære innsatsen må vidareutviklast gjennom kunnskap, læring, innovasjon og ved ei brei kontaktflate med ulike aktørar og grupper det vedkjem. Forskingsbasert kunnskap og dialog med fagmiljø, humanitære partnarar og andre land skal bidra til at norsk humanitær innsats er best mogleg tilpassa utfordringane i vår tid.
Hovudmål for norsk humanitær innsats:
Den humanitære innsatsen skal redde liv, lindre naud og ta vare på menneskeverdigheita og rettar i væpna konfliktar og humanitære kriser.
Menneske i naud skal få nødvendig vern og assistanse i tråd med dei humanitære prinsippa. Utviklings-, klima-, freds- og humanitær innsats skal sjåast i samanheng for å redusere humanitære behov.
Vi skal vere pådrivar for lokalt leidd respons, innovasjon og reform. Kjønnsperspektivet skal leggjast til grunn i all innsats.
I samarbeid med andre skal Noreg prioritere å:
- styrkje vern mot skadeverknadene som kjem av militær maktbruk, vald og overgrep i væpna konfliktar og humanitære kriser.
- fremje respekt for humanitærretten, flyktningeretten og menneskerettane.
- kjempe mot svolt og arbeid for å hindre framtidige svoltkriser og humanitære konsekvensar av klimaendringar.
- bidra til rask, fleksibel og føreseieleg finansiering av humanitær innsats.
Kontakt
For meir informasjon, kontakt Avdeling for humanitær og helhetlig innsats.