Humanitær innsats

Målet med norsk humanitær innsats er å redde liv, lindre naud og ta vare på menneskeverdet og menneskerettane i humanitære kriser.
Det humanitære imperativet ligg til grunn for alt vi gjer. Den er ei grunnleggande etisk plikt:
Når menneske er i alvorleg naud, skal vi hjelpe – så langt vi kan – uavhengig av kven dei er, kvar dei bur eller kva side dei står på.
Den humanitære innsatsen til Noreg skal vere basert på dei humanitære prinsippa og svare på akutte behov:
- Menneskeleg (humanitet) – redde liv, lindre naud og verne om menneskeverdet
- Upartisk – alle skal få hjelp uavhengig av etnisitet, religion, kjønn eller politisk standpunkt.
- Nøytral – ikkje ta stilling i konfliktar eller støtte politiske, militære eller ideologiske partar
- Uavhengig – hjelpa skal styrast etter behova til dei som er ramma, ikkje av politiske eller øknomiske interesser
Føremålet skal sjåast i samanheng med langsiktig utvikling og fredsinnsats for å sikre ein heilskapleg norsk innsats.
Noreg skal vere ein leiande humanitærpolitisk aktør og gjevar. Vi skal bidra til å forbetre det globale humanitære systemet. Vi vil arbeide for å styrke humanitær innsats og redusere finansieringsgapet gjennom effektivisering, innovasjon og meir lokalt styrt arbeid.
Noreg skal vere pådrivar for å styrke beredskapen før forventa kriser. Noreg skal bidra til tidleg gjenoppbygging og berekraftige løysingar i langvarige humanitære kriser, og vi skal velje samarbeidspartnarar som arbeider i tråd med desse føringane.
Nasjonale styresmakter har plikt til og ansvar for å verne og hjelpe eiga befolkning i humanitære kriser. Oppgåva for det internasjonale samfunnet og dei humanitære aktørane er å respondere der styresmaktene ikkje kan eller vil verne og hjelpe dei som har humanitære behov. Denne innsatsen skal utfylle og forsterke lokal innsats.
Ulike humanitære kriser krev ulik respons. Den humanitære innsatsen skal vere tilpassa behova til kriseramma menneske. Noreg skal arbeide for ei rettsbasert tilnærming der menneska som blir ramma av kriser, får større medverknad og blir inkluderte som deltakarar, ikkje berre som mottakarar av humanitær bistand.
Avgjerder om norsk humanitær støtte skal vere baserte på behov hos den ramma befolkninga, vurdering av lokal kapasitet, responsevna til humanitære organisasjonar, nærvær, tilgang og engasjement frå andre gjevarar.
Den norske innsatsen vil også skje i område som har særleg politisk prioritet og der innsatsen vår kan ha meirverdi.
For det meste vil Noreg kanalisere humanitær innsats gjennom FN, Raudekross-rørsla og humanitære sivilsamfunnsorganisasjonar. Partnarskapa skal vere likeverdige og sikre kompetanseutveksling med lokale organisasjonar. Vi skal gje partnarane våre stabile og trygge rammer, og samtidig stille krav til kvalitet og resultat.
Vi skal vise opne og vise vilje til å vurdere nye og effektive løysingar og teknologi for å betre den humanitære innsatsen. Miljø- og klimaomsyn skal bli betre integrerte i det humanitære arbeidet.
Den humanitære innsatsen må vidareutviklast gjennom kunnskap, læring, innovasjon og ved ei brei kontaktflate med dei det gjeld. Forskingsbasert kunnskap og dialog med fagmiljø, humanitære partnarar og andre land skal bidra til at norsk humanitær innsats er best mogleg tilpassa utfordringane i vår tid.
Kjønnsperspektivet skal leggjast til grunn i all innsats.
I samarbeid med andre skal Noreg prioritere å:
- Styrke vern mot skadeverknadene som kjem av militær maktbruk, vald og overgrep i væpna konfliktar og humanitære kriser.
- Fremje respekt for humanitærretten, flyktningeretten og menneskerettane.
- Kjempe mot svolt og arbeid for å hindre framtidige svoltkriser og humanitære konsekvensar av klimaendringar.
- Bidra til rask, fleksibel og påliteleg finansiering av humanitær innsats.