Norads årsrapport 2024
Se og last ned
Om publikasjonen
Tittel: | NORADS ÅRSRAPPORT 2023 |
Utgitt: | April 2025 |
Type: | Årsrapport |
Utført av: | Norad |
Antall sider: | 101 |
NB! Publikasjonen er KUN tilgjengelig elektronisk og kan ikke bestilles på papir
Leiaren si fråsegn
2024 var eit dramatisk år internasjonalt, med store oppgåver for internasjonal og norsk bistand. I Norad er vi stolte av at vi, på oppdrag frå Utanriksdepartementet og Klima[1]og miljødepartementet, kunne bidra til den norske innsatsen. For oss var det også nok eit år med store oppgåver, store endringar og god og effektiv drift.
I 2024 forvalta Norad fleire midlar enn nokon gong før. Utfordringane er store, og for å løyse oppgåvene har vi lagt mykje arbeid i å effektivisere og sørgje for at vi får mest mogleg ut av kvar bistandskrone. Norad har vist evne til å tilpasse seg og møte utfordringar med solid kunnskap og ei målretta innsats som gjev synlege resultat.
Norad har teke over nye, store forvaltingsoppgåver frå Utanriksdepartementet. Vi forvaltar no mesteparten av norsk naudhjelp og har fått auka ansvar for norsk innsats innan menneskerettar. I tillegg har vi fått utvida ansvarsområdet vårt til å inkludere bistand til Europa og Sentral-Asia, og dermed teke på oss oppgåver i nye geografiske område. Vi tok òg over systemansvaret for bistandsforvaltinga, og har no ansvar for all bistands- og forvaltingsfagleg rådgjeving til Utanriksdepartementet, norske ambassadar som forvaltar bistandsmidlar og Klima- og miljødepartementet for klima- og skogsatsinga.
Heilt sentralt i arbeidet vårt i 2024 sto Nansen-programmet for Ukraina, med 9,2 milliardar kroner utbetalt i sivil støtte gjennom 70 avtalar med 56 partnarar. Programmet har bidrege til energiforsyning, auka tilgang til utdanning for barn i konfliktområde, støtte til helse- og medisinske tenester for millionar av menneske, energi, og humanitær hjelp til dei mest sårbare.
Norad har sett fart i arbeidet med porteføljestyring, som det viktigaste verktøyet for å auke både effektiviteten og effekten av bistand. Målet har vore å sikre at prosjekta er basert på solid evidens og klåre, kunnskapsbaserte strategiar. Dette styrker Norad si evne til å vere i forkant, både med fagleg rådgjeving, men òg som eit viktig verktøy for å gjere gode val av partnarar og innsatsar.
Les hele beretningen i årsrapporten.