Norads årsrapport 2023

Om publikasjonen

  • Utgitt: mars 2024
  • Serie: --
  • Type: Årsrapport
  • Utført av: Norad
  • Bestilt av: --
  • Land: --
  • Tema: --
  • Antall sider: 77
  • Serienummer: --
  • ISBN: 978-82-8369-197-9
  • ISSN: --
NB! Publikasjonen er KUN tilgjengelig elektronisk og kan ikke bestilles på papir

Leiaren si fråsegn

Krig, konflikt og klimakrise prega 2023. Men i møte med desse finst det menneske med gode idear, løysingar, og innsatsar. Norad si rolle er å bidra til å løfte fram dei beste av desse for saman å nå berekraftsmåla.

2023 var eit rekordår for Norad. Direktoratet har aldri før har forvalta større midlar, frå 17,6 til nær 26 milliardar frå året før. I mars vedtok Stortinget Nansen programmet for Ukraina, ein pakke på 75 milliardar kroner over fem år til militære og sivile formål som følgje av Russlands åtakskrig mot Ukraina. Norad fekk ansvaret for forvaltinga av den sivile delen av programmet – det største bistandsprogrammet i norsk historie. Gjennom ei ny avdeling og tett kontakt med Utanriks departementet og andre aktørar sikrar me at midlane treff behova best mogleg. Samstundes vedkjem krigen i Ukraina oss alle, òg land Norad har jobba med over tid. Gjennom Sør-pakka investerte Norad i 2023 1,5 milliardar kroner for å dempe konsekvensane av angrepskrigen mot Ukraina i utviklingsland.

Innsatsar som "Sør-pakka" syner kor store utfordringane er. Verdas matvareprogram skildrar 2023 som nok eit år med ein global svolt- og feilernæringskrise. Meir enn 333 millionar menneske lev i akutt matutryggleik og veit ikkje når dei kan få sitt neste måltid. Det er 200 millionar fleire enn før covid-19 pandemien. Kampen mot svolt er ei hovudprioritering i regjeringa sin strategi for auka mattryggleik og sjølvforsyning globalt på kort og lang sikt.

Likevel er finansieringsgapet for å nå berekraftsmåla stort, og offentlege midlar aleine strekk ikkje til. Det er difor viktig at Norad og andre  utviklingsaktørar legg endå betre til rette for investeringar frå privat sektor. Her er potensialet enormt og lite utnytta. Eit døme er behovet for meir kapital og risikoavlasting i landbrukssektoren. For å mobilisere private kjelder har Noreg og USA saman bidrege med etableringa av eit nytt fond, FASA fondet, verd 700 millionar kronar for å styrke små og mellomstore landbruksverksemder i Afrika sør for Sahara. Det er gjennom slike ordningar at ein kan gå frå å nå tusenar, til å nå millionar av sluttbrukarar.

Les hele beretningen i årsrapporten.

Publisert 21.04.2023
Sist oppdatert 05.04.2024