Eit betre liv for slumbuarane

Ekstrem fattigdom i byer er annerledes enn den på landsbygda. I Addis Ababa har norske Marie Nielsen startet en bedrift i 2015, som i dag har over 50 ansatte og samler inn tonnevis med papp og papir hver eneste dag
Urbanisering og befolkningsvekst i fattige land fører til at slumområda i dei store byane veks ukontrollert. Derfor har berekraftig byutvikling vorte ei av dei 17 viktigaste arbeidsoppgåvene i verda.
I 1950 var dei fleste av dei største byane i verda i rike land. I dag er det motsett. Nesten alle dei største byane er i fattige land, og nesten halvparten av befolkninga på jorda bur i byar.
Byane er sentrum for mykje kreativitet, innovasjon, kultur, vitskap og møte mellom menneske og ulike kulturar. Samtidig står byane for 75 prosent av alle klimagassutslepp, og store slumområde hindrar gode levekår. I 2021 bur meir enn éin milliard menneske i slumområde i byane i verda. Dei manglar ein trygg stad å bu, tilgang til helsetenester, reint vatn og gode sanitærforhold.
Veks raskare enn eiga utvikling
Fattigdom og naud på landsbygda, krig, konflikt og draumen om eit betre liv i storbyen har ført til mykje ukontrollert migrasjon i mange land. Kombinert med befolkningsvekst og dårleg byplanlegging gjer dette at byar eser utover og blir lite effektive.
Styresmaktene slit med å byggje skular, vegar, vatn og kloakk i takt med behovet. Og det blir vanskeleg å oppnå ei sunn økonomisk utvikling. Miljøproblema hopar seg opp, og fattigdomen aukar.
Når megabyar har fått utvikle seg ukontrollert og slumområda vakse seg store, er det enormt vanskeleg og dyrt å bokstaveleg talt rydde opp i problema.
Fattigdom i byen og på landsbygda er ikkje det same
Grensa i FN for absolutt fattigdom er sett til 1,90 dollar dagen. Men det er forskjell på det å vere fattig i byen og fattig på landsbygda.
I byane er dei fattige nøydde til å kjøpe så å seie alt dei treng: Vatn, mat, transport og tak over hovudet. På landsbygda er overlevingsstrategien til dei fattigaste størst mogleg grad av sjølvberging.
Når du kan dyrke din eigen mat, hente vatn i elva og sanke brensel, strekkjer pengane lenger enn om ein skal brødfø familien sin i byen.
Tiltak for betre byar
Tusenårsmåla var dei førre offisielle FN-måla. Dei slo fast at verda måtte betre forholda for 100 millionar menneske i slummen. Det lykkast ein med. Meir enn 200 millionar menneske i slummen fekk tilgang til reint vatn, sanitære forhold og betre hus, ifølgje FN. Men utfordringane er framleis enorme.
Berekraftsmåla i FN framhevar mellom anna følgjande tiltak for meir berekraftige byar:
- betre offentleg transport
 - meir omsyn til barn, kvinner og folk med redusert funksjonsevne i trafikken
 - sikre grøne lunger
 - betre luftkvaliteten og avfallshandteringa i byane
 
Sortering av søppel i hovudstaden i Etiopia
Addis Abeba er ein moderne storby med 8 millionar menneske, nybygde skyskraparar og mykje søppel. Avfallshandtering er viktig i ein moderne storby.
Norske Marie Nielsen starta ei bedrift i 2015, som i dag har over 50 tilsette og samlar inn tonnevis med papp og papir kvar einaste dag i hovudstaden i Etiopia. Tusenvis av papirinnsamlarar tener pengar på satsinga. Noreg gjev oppstartsstøtte til sosiale gründerar som Marie.
For å byggje eit avfallssystem i Addis Abeba har dei jobba aktivt med byadministrasjonen og bidrege til organiseringa av ein berekraftig by. I berekraftig business går samfunnsbidrag og god butikk hand i hand.