Vi speler bingo med livsgrunnlaget vårt

Dei siste ti åra har Noreg og Guyana hatt eit klima- og skogpartnarskap og landet har utvikla eit av dei beste systema for skogovervaking.
Når vi varmar opp atmosfæren, skaper vi ekstremvêr som øydelegg livsgrunnlaget for millionar av menneske
Klimaendringane er den største trugselen i vår tid. Det er dei aller fleste forskarane i verda samde om. Temperaturen på kloden stig, isbrear smeltar – og omfanget av ekstremvêr aukar.
Ein fuktigare atmosfære betyr meir ekstremvêr
Høgare temperaturar fører til at vatn fordampar raskare frå jorda. Det kan bety lange tørkeperiodar om sommaren når avlingane treng vatn. Samtidig fører det til ein fuktigare atmosfære som igjen betyr meir ekstremnedbør i bolkar, heller ikkje det bra for avlingar. Høgare luftfukt vil òg auke sannsynet for andre typar ekstremvêr, som til dømes orkanar.
I tillegg vil auka temperatur smelta isbrear, og dermed vil havnivået- og temperaturen stige. Vi veit at det kan føre til overfløyming, men ein mindre kjend konsekvens er at auka temperatur i havet betyr hyppigare og kraftigare stormfloder. For sivilisasjonar som lever av og i nærleiken av havet, kan dette vere katastrofalt.
Det vi veit, er at mykje negativt vil skje
Dessutan vil den globale oppvarminga ha konsekvensar som det er vanskeleg å predikere nøyaktig. Men sannsynlegvis vil det bety meir helseproblem, dårlegare tilgang på mat og vatn, konfliktar og flyktningar, økonomisk forskjell, tap av naturmangfald og skadar på infrastruktur og bygningar.
Når to naboland er avhengige av same elv, men ho tørkar ut i eitt av landa, vil det kunne oppstå konflikt over naturressursane? Vil varmare hav endre retninga på Golfstraumen? I så fall blir Noreg og resten av Nord-Europa ikkje buande i ...
At vi ikkje kan predikere nøyaktig kva som vil skje, er inga orsaking. For såpass veit vi: Denne typen klimabingo har vi ikkje råd til!
Fattige land blir hardast ramma
Ekstremvêr rammar fattige land hardast, og samtidig har fattige land dårlegare evne, både når det gjeld økonomi og infrastruktur, til å handtere overfløyming, flodbølgjer, tørke og andre naturkatastrofar.
For å unngå slike konsekvensar må vi avgrense auken av gjennomsnittstemperaturen til 1,5 °C innan 2030. Vi må kutte i klimagassutsleppa våre, og det må satsast meir på fornybar energi. Ikkje minst må vi verne skogane og regnskogane i verda, som absorberer store mengder karbon (CO2) frå atmosfæren – dei heile naturlege karbonfangarane i verda.
Satellittovervaking reddar regnskogen i Guyana
85 prosent av Guyana er dekt av skog. Dei siste ti åra har Noreg og Guyana hatt eit klima- og skogpartnarskap, og landet har utvikla eit av dei beste systema for skogovervaking.
Målingar viser at avskoginga i Guyana er særs låg samanlikna med andre land. Låg avskoging reduserer klimagassutslepp fordi trea bind CO2. Skogovervakingssystemet er basert på satellitteknologi, målingar i felt og statistiske metodar.
Satellittovervakinga har òg avslørt ulovleg gullgruveverksemd, som er eit stort problem i denne delen av Amazonas. Gullgravarane står for minst 10 prosent av avskoginga i Amazonas og slepper ut mange tonn med kvikksølv rett i elva. Noreg gjev bistand for å få ein slutt på dette.