Mål 10:
Mindre ulikhet

For mykje forskjell er dårleg økonomi

Spare- og lånegrupper i Niger har utvikla seg til ei rørsle som kjempar for kvinner sine politiske, økonomiske og sosiale rettar – og mindre forskjell.

Dei 85 rikaste personane i verda har like mykje pengar som den fattigaste halvparten av verda. Det er ikkje berre urettferdig, men kan skape konfliktar og hindre økonomisk utvikling.

Visste du at dei 85 rikaste personane i verda har like mykje pengar som heile den fattigaste halvparten av verda?

Forskjellane mellom fattige og rike har vorte større, sjølv i ei verd som har halvert global fattigdom.

Forskjellane mellom fattige og rike land har faktisk vorte mindre, men forskjellane internt i mange land har vorte mykje større.

Frå låginntekts- til mellominntektsland

På store delar av 1900-talet budde over 90 prosent av dei fattige menneska i verda i eit fattig land, også kalla låginntektsland. Dette biletet har endra seg dei siste åra. Fleire av desse landa har opplevd økonomisk vekst. Det har ført til at 73 prosent av dei fattige i verda no bur i det som heiter mellominntektsland. Eit land blir definert som mellominntektsland når brutto nasjonalinntekt (BNP) er på mellom cirka 8000 og 100 000 per person. Grensene er sette av Verdsbanken.

Men kvifor skal mellominntektsland jobbe med å jamne ut forskjellar når det dei ønskjer å oppnå, er sterk økonomisk vekst?

Noko forskjell kan vere sunt. Det kan fremje omstilling og vekst og motivere til innsats. Men nyare forsking viser at for høg forskjell svekkjer økonomisk vekst. Det har hatt innverknad på berekraftsmål nr. 10.

Meir enn berre urettferdig

Forskjellen er nemleg ikkje berre urettferdig, men også dårleg samfunnsøkonomi.

Ein rapport frå Det internasjonale pengefondet (IMF) konkluderer at økonomisk forskjell kan vere skadeleg for nasjonal vekst. Mellom anna kan økonomisk forskjell:

  • skape sosial uro
  • svekkje tilliten mellom menneske
  • forverre økonomiske kriser

For å redusere forskjell må ressursane i eit land fordelast rettferdig. Dei fattigare og marginaliserte gruppene må få lik tilgang til tenester som utdanning og helsehjelp. Det igjen føreset gode skattesystem. Då sikrar ein like moglegheiter for alle, uansett bakgrunn.

Ein del av berekraftsmål 10 for å avskaffe forskjellar er at dei fattigaste 40 prosent av befolkninga i verda skal oppnå ein større inntektsauke enn gjennomsnittet i befolkninga.

Vegen til økonomisk sjølvstende i Niger

Spare- og lånegrupper i Niger har utvikla seg til ei rørsle som kjempar for kvinner sine politiske, økonomiske og sosiale rettar – og mindre forskjell.

Gruppene vart utvikla av organisasjonen Care for over 30 år sidan og har gjeve fattige kvinner moglegheit til å skape sin eigen arbeidsplass. Gjennom jordbruk, handverk og småskala industriprodukt kan dei jobbe seg ut av fattigdom.

Kvinner som er med i spare- og lånegruppene, tek meir aktivt del i det politiske livet og avgjerder i lokalsamfunnet. Og dei har meir dei skulle sagt i familielivet. Med større økonomiske musklar opplever kvinnene mindre forskjell og urettferd.

 

Publisert 19.07.2024
Publisert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024
Oppdatert 19.07.2024