Berekraftsmåla: Hovudmål og delmål

Det er Utenriksdepartementet som står for oversettelsen av mål og delmål under.

FNs bærekraftsmål består av 17 mål og 169 delmål. Se alle i norsk oversettelse.

Mål 1. Utrydde alle former for fattigdom i heile verda

1.1 Innan 2030 utrydde all ekstrem fattigdom, for tida målt til under 1,90 dollar om dagen å leve for

1.2 Innan 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar, minst halvere delen menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom

1.3 Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar, medrekna minimumsstandardar, og innan 2030 nå dei fleste fattige og sårbare

1.4 Innan 2030 sikre at alle kvinner og menn, særleg fattige og sårbare personar, har lik rett til økonomiske ressursar og dessutan tilgang til grunnleggjande tenester, eigarskap til og kontroll over jord og anna form for eigedom, arv, naturressursar, eigna teknologi og finansielle tenester, medrekna mikrofinansiering

1.5 Innan 2030 byggje opp motstandskrafta til fattige og personar i utsette situasjonar, slik at dei blir mindre utsette for og sårbare overfor klimarelaterte ekstreme hendingar og andre økonomiske, sosiale og miljømessige påkjenningar og katastrofar

1.a Sikre ei betydeleg mobilisering av ressursar frå mange ulike kjelder, mellom anna gjennom auka utviklingssamarbeid, for å gje utviklingslanda, særleg dei minst utvikla landa, tilstrekkelege og føreseielege verkemiddel til å gjennomføre program og politikk med sikte på å utrydde alle former for fattigdom

1.b Opprette gode politiske rammeverk på nasjonalt, regionalt og internasjonalt nivå basert på utviklingsstrategiar som gagnar dei fattige og tek vare på kjønnsperspektivet, med sikte på å framskunde investeringar i fattigdomsnedkjempande tiltak

Mål 2. Utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk

2.1 Innan 2030 utrydde svolt og sikre alle menneske, særleg fattige og personar i utsette situasjonar, mellom anna spedbarn, tilgang til trygg, ernæringsmessig fullgod og tilstrekkeleg mat heile året


2.2 Innan 2030 utrydde alle former for feilernæring, og innan 2025 nå dei internasjonalt avtalte måla som gjeld veksthemming og avmagring hos barn under fem år, og dessutan ta vare på ernæringsbehova til unge jenter, gravide, ammande mødrer og eldre personar

2.3 Innan 2030 doble produktiviteten og inntektene til småskalaprodusentar i landbruket, særleg kvinner, urfolk, drivarar av familiebruk, husdyrnomadar og fiskarar, mellom anna gjennom sikker og lik tilgang til jord, andre produksjonsressursar og innsatsmiddel, kunnskap, finansielle tenester, marknader og moglegheiter for verdiauke og dessutan sysselsetjing utanfor landbruket

2.4 Innan 2030 sikre at det finst berekraftige system for matproduksjon, og innføre robuste landbruksmetodar som gjev auka produktivitet og produksjon, bidreg til å halde oppe økosystema, styrkjer evna til tilpassing til klimaendringar, ekstremvêr, tørke, overfløymingar og andre katastrofar, og som gradvis fører til betre jordkvalitet

2.5 Innan 2020 halde oppe det genetiske mangfaldet av frø, kulturplantar og husdyr og dessutan nærskylde ville artar, mellom anna gjennom veldrivne og rikhaldige frø- og plantelager nasjonalt, regionalt og internasjonalt, og fremje tilgang til og ei rettferdig og likeleg fordeling av dei goda som følgjer av bruk av genressursar og tilhøyrande tradisjonell kunnskap, i tråd med internasjonal semje

2.a Auke investeringane, mellom anna gjennom betre internasjonalt samarbeid, i infrastruktur på landsbygda, forsking og rettleiingstenester innanfor landbruket, teknologiutvikling og skiping av genbankar for plantar og husdyr, med sikte på å forbetre produksjonskapasiteten i landbruket i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa

2.b Korrigere og hindre handelsavgrensingar og -vridingar på landbruksmarknadene i verda, mellom anna gjennom ei parallell avvikling av alle former for eksportsubsidiar på landbruksvarer og alle eksporttiltak med tilsvarande verknad, i samsvar med mandatet for Doha-runden

2.c Vedta tiltak for å sikre at marknadene for matvarer og biprodukta deira verkar etter føremålet sitt, og leggje til rette for rask tilgang til marknadsinformasjon, mellom anna om matreservar, for å bidra til å avgrense ekstreme svingingar i matvareprisane

Mål 3. Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder

3.1 Innan 2030 redusere mødredøyelegheita i verda til under 70 per 100 000 levandefødde

3.2 Innan 2030 få slutt på dødsfall som kan forhindrast blant nyfødde og barn under fem år, med eit felles mål for alle land om å redusere døyelegheita blant nyfødde til høgst 12 per 1 000 levandefødde og blant barn under fem år til høgst 25 per 1 000 levandefødde

3.3 Innan 2030 stanse epidemiane av AIDS, tuberkulose, malaria og neglisjerte tropiske sjukdomar og dessutan nedkjempe hepatitt, vassborne og andre smittsame sjukdomar

3.4 Innan 2030 redusere prematur døyelegheit som kjem av ikkje-smittsame sjukdomar med ein tredel gjennom førebygging og behandling, og fremje mental helse og livskvalitet

3.5 Styrkje førebygging og behandling av misbruk, mellom anna av narkotiske stoff og skadeleg bruk av alkohol

3.6 Innan 2020 halvere talet på dødsfall og skadar i verda som kjem av trafikkulykker

3.7 Innan 2030 sikre ålmenn tilgang til tenester knytte til seksuell og reproduktiv helse, medrekna familieplanlegging og tilhøyrande informasjon og opplæring, og sikre at reproduktiv helse blir innarbeidd i nasjonale strategiar og program

3.8 Oppnå ålmenn dekning av helsetenester, medrekna vern mot økonomisk risiko, og ålmenn tilgang til grunnleggjande og gode helsetenester og dessutan trygge, verksame og nødvendige medisinar og vaksinar av god kvalitet og til ein overkomeleg pris

3.9 Innan 2030 betydeleg redusere talet på dødsfall og sjukdomstilfelle som kjem av farlege kjemikalium og forureina luft, vatn og jord

3.a Styrkje gjennomføringa av rammekonvensjonen til Verdas helseorganisasjon om førebygging av tobakksskadar i alle land

3.b Stø forsking om og utvikling av vaksinar og medisinar mot smittsame og ikkje-smittsame sjukdomar som primært rammar
utviklingsland, sørgje for tilgang til nødvendige medisinar og vaksinar til ein overkomeleg pris, i samsvar med Doha-erklæringa om TRIPS-avtalen og folkehelse, som stadfestar retten utviklingslanda har til fullt ut å nytte avgjerdene i avtalen om handelsrelaterte aspekt ved immaterielle rettar om tilgangen til å verne om folkehelsa og særleg til å sørgje for tilgang til medisinar for alle

3.c Oppnå betydeleg betre finansiering av helsetenester og auka rekruttering, utvikling og opplæring av helsepersonell i utviklingsland og dessutan arbeide for at slikt personell blir verande i landa, særleg i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar

3.d Styrkje kapasiteten i alle land, særleg i utviklingsland, for tidlegvarsling, risikoavgrensing og handtering av nasjonale og globale helserisikoar

Mål 4. Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle

4.1 Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gje dei relevant og reelt læringsutbyte

4.2 Innan 2030 sikre alle jenter og gutar tilgang til god og tidleg omsorg og førskule, slik at dei er førebudde på å byrje i grunnskulen

4.3 Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, medrekna universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris

4.4 Innan 2030 oppnå ein betydeleg auke i talet på unge og vaksne med kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetjing, sømeleg arbeid og entreprenørskap

4.5 Innan 2030 avskaffe kjønnsforskjellar i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare personar, mellom dei personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar

4.6 Innan 2030 sikre at all ungdom og ein stor del vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne

4.7 Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning for berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremjing av ein freds- og ein ikkjevaldskultur, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og bidraget kulturen har til berekraftig utvikling

4.a Etablere og oppgradere utdanningstilbod som tek vare på omsynet til barn, personar med nedsett funksjonsevne og kjønnsforskjellar, og sikrar trygge, ikkje-valdelege, inkluderande og effektive læringsomgjevnader for alle

4.b Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke, på verdsbasis, i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gje dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, i utvikla land og i andre utviklingsland

4.c Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar

Mål 5. Oppnå likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner

5.1 Gjere slutt på alle former for diskriminering av jenter og kvinner i heile verda

5.2 Avskaffe alle former for vald mot alle jenter og kvinner, både i offentleg og privat sfære, medrekna menneskehandel, seksuell og anna form for utnytting

5.3 Avskaffe all skadeleg praksis, til dømes barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap og dessutan kvinneleg omskjering

5.4 Erkjenne og verdsetje ubetalt omsorgs- og hushaldsarbeid gjennom yting av offentlege tenester, infrastruktur og sosialpolitikk og dessutan fremjing av delt ansvar i hushaldet og familien, alt etter kva som passar i det enkelte landet

5.5 Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå i avgjerdsprosessane i det politiske, økonomiske og offentlege liv

5.6 Sikre ålmenn tilgang til seksuell og reproduktiv helse og dessutan reproduktive rettar, som avtalt i samsvar med handlingsprogrammet frå den internasjonale konferansen om befolkning og utvikling, handlingsplanen frå Beijing og avgjerdsdokumenta frå dei respektive tilsynskonferansane deira

5.a Setje i verk reformer for å gje kvinner lik rett til økonomiske ressursar og dessutan tilgang til eigarskap til og kontroll over jord og anna form for eigedom, finansielle tenester, arv og naturressursar, i samsvar med nasjonal lovgjeving

5.b Styrkje bruken av tilpassa teknologi, særleg informasjons- og kommunikasjonsteknologi, for å styrkje stillinga for kvinner

5.c Vedta og styrkje god politikk og gjennomførbar lovgjeving for å fremje likestilling og styrkje stillinga for jenter og kvinner på alle nivå

Mål 6. Sikre berekraftig vassforvalting og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle

6.1 Innan 2030 sørgje for ålmenn og likeverdig tilgang til trygt drikkevatn til ein overkomeleg pris for alle

6.2 Innan 2030 sørgje for tilgang til tilstrekkelege og likeverdige sanitær-, hygiene- og toalettforhold for alle, med særleg vekt på behova til jenter og kvinner og dessutan personar i utsette situasjonar

6.3 Innan 2030 sørgje for betre vasskvalitet ved å redusere forureining, avskaffe avfallsdumping og mest mogleg avgrense utslepp av farlege kjemikalium og materiale, halvere delen ubehandla spillvatn og i vesentleg grad auke gjenvinning og trygg ombruk på verdsbasis

6.4 Innan 2030 betydeleg betre utnyttinga av vatn i alle sektorar, og sikre berekraftig uttak av og tilgang til ferskvatn for å handtere skort på vatn og i vesentleg grad redusere talet på personar som blir ramma av vassmangel

6.5 Innan 2030 gjennomføre ei integrert forvalting av vassressursar på alle nivå, mellom anna gjennom samarbeid over landegrensene der det er aktuelt

6.6 Innan 2020 verne og rette opp igjen vassrelaterte økosystem, medrekna fjell, skogar, våtmarker, elvar, vassførande bergartar og innsjøar

6.a Innan 2030 utvide det internasjonale samarbeidet og stø oppbygging av kapasitet i utviklingsland når det gjeld verksemd og program knytte til vass- og sanitærforhold, mellom anna teknologi for vassoppsamling, avsalting, effektiv bruk av vassressursar, behandling av avløpsvatn, gjenvinning og ombruk

6.b Stø og styrkje medverknad frå lokalsamfunn for å betre forvaltinga av vass- og sanitærforhold

Mål 7. Sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til ein overkomeleg pris

7.1 Innan 2030 sikre ålmenn tilgang til pålitelege og moderne energitenester til ein overkomeleg pris

7.2 Innan 2030 betydeleg auke delen fornybar energi i det samla energiforbruket i verda

7.3 Innan 2030 doble energieffektivitetsraten på verdsbasis

7.a Innan 2030 styrkje det internasjonale samarbeidet for å lette tilgangen til forsking og teknologi på området rein energi, medrekna fornybar energi, energieffektivisering og ein avansert og reinare teknologi for fossilt brensel, og dessutan fremje investeringar i energiinfrastruktur og teknologi for rein energi

7.b Innan 2030 byggje ut infrastruktur og oppgradere teknologi for å tilby moderne og berekraftige energitenester til alle innbyggjarar i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med dei respektive støtteprogramma i landa

Mål 8. Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og sømeleg arbeid for alle

8.1 Halde oppe ein økonomisk vekst per innbyggjar som er i samsvar med forholda i dei respektive landa, og med ein vekst i bruttonasjonalproduktet på minst sju prosent per år i dei minst utvikla landa

8.2 Auke den økonomiske produktiviteten gjennom diversifisering, teknologisk modernisering og innovasjon, mellom anna med vekt på lønsame og arbeidsintensive sektorar

8.3 Fremje ein utviklingsretta politikk som stør produktiv verksemd, skiping av sømelege arbeidsplassar, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon, og stimulere til formalisering av og vekst i talet svært små, små og mellomstore bedrifter, mellom anna ved å sørgje for tilgang til finansielle tenester

8.4 Til og med 2030 gradvis å betre utnyttinga av globale ressursar innanfor forbruk og produksjon, og arbeide for å oppheve koplinga mellom økonomisk vekst og miljøøydeleggingar, i samsvar med det tiårige handlingsprogrammet for berekraftig forbruk og produksjon, der dei utvikla landa går føre

8.5 Innan 2030 oppnå full og produktiv sysselsetjing og sømeleg arbeid for alle kvinner og menn, mellom dei ungdom og personar med nedsett funksjonsevne, og oppnå lik løn for likt arbeid

8.6 Innan 2020 betydeleg redusere delen unge som verken er i arbeid eller under utdanning eller opplæring

8.7 Treffe omgåande og effektive tiltak for å avskaffe tvangsarbeid, få slutt på moderne slaveri og menneskehandel og sikre at dei verste formene for barnearbeid blir forbodne og blir avskaffa, medrekna rekruttering og bruk av barnesoldatar, og dessutan avskaffe alle former for barnearbeid innan 2025

8.8 Verne arbeidarrettar og fremje eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, medrekna arbeidsinnvandrarar og særleg kvinnelege innvandrarar, og dessutan arbeidstakarar i vanskelege arbeidsforhold

8.9 Innan 2030 utarbeide og setje i verk politikk for å fremje ei berekraftig turistnæring som skaper arbeidsplassar og fremjar lokal kultur og lokale produkt

8.10 Styrkje evna nasjonale finansinstitusjonar har til å stimulere til og utvide tilgangen til bank- og forsikringstenester og dessutan finansielle tenester for alle

8.a Auke støtta til handelsretta bistand («Aid for Trade») til utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, mellom anna gjennom eit betre integrert rammeverk for handelsrelatert fagleg bistand til dei minst utvikla landa

8.b Innan 2020 utvikle og setje i verk ein global strategi for sysselsetjing av ungdom, og gjennomføre Den internasjonale arbeidsorganisasjonen sin «Global Jobs Pact»

Mål 9. Byggje robust infrastruktur, fremje inkluderande og berekraftig industrialisering og bidra til innovasjon

9.1 Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, medrekna regional og grensekryssande infrastruktur, for å stø økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle

9.2 Fremje inkluderande og berekraftig industrialisering, og innan 2030 betydeleg auke næringslivet sin del av sysselsetjing og bruttonasjonalprodukt, i tråd med forholda i dei respektive landa, og doble denne delen i dei minst utvikla landa

9.3 Auke tilgangen til finansielle tenester, medrekna rimeleg kreditt, for små industribedrifter og andre bedrifter, særleg i utviklingsland, og styrkje integreringa til desse bedriftene i verdikjeder og marknader

9.4 Innan 2030 oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med ein meir effektiv bruk av ressursar og større bruk av reine og miljøvenlege teknologiformer og industriprosessar, der alle land gjer ein innsats etter eiga evne og kapasitet

9.5 Styrkje vitskapleg forsking, oppgradere den teknologiske evna og kapasiteten til næringslivssektorane i alle land, særleg utviklingsland, medrekna og innan 2030 ved å stimulere til innovasjon og ved ein betydeleg auke i talet på tilsette innanfor forskings- og utviklingsverksemd per million innbyggjarar, og dessutan ved å auke løyvingane til offentleg og privat forsking og utvikling

9.a Leggje til rette for ei berekraftig og robust utvikling av infrastrukturen i utviklingsland ved å auke den finansielle, teknologiske og faglege bistanden til afrikanske land, dei minst utvikla landa, kystlause utviklingsland og små utviklingsøystatar

9.b Stø nasjonal utvikling av teknologi, forsking og innovasjon i utviklingsland, medrekna ved å sikre politiske rammevilkår som mellom anna fremjar mangfald i næringslivet og gjev handelsvarer ein meirverdi

9.c Auke tilgangen til informasjons- og kommunikasjonsteknologi betydeleg, og arbeide for at dei minst utvikla landa får ålmenn og rimeleg tilgang til Internett innan 2020

Mål 10. Redusere forskjell i og mellom land

10.1 Innan 2030, og raskare enn for det nasjonale gjennomsnittet, oppnå ein gradvis og varig inntektsauke for dei fattigaste 40 prosent av befolkninga

10.2 Innan 2030 sørgje for å myndiggjere alle og fremje deira sosiale, økonomiske og politiske inkludering, utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller annan status

10.3 Sikre like moglegheiter og redusere forskjellsbehandling, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgjeving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet

10.4 Vedta politikk, særleg når det gjeld skattar og avgifter, løn og sosialomsorg, med sikte på å oppnå ei gradvis utjamning av forskjellar

10.5 Betre reguleringa av og tilsynet med globale finansmarknader og finansinstitusjonar, og styrkje gjennomføringa av regelverket

10.6 Sikre at utviklingslanda blir betre representerte og får større grad av medråderett i avgjerdsprosessane i globale finansinstitusjonar, slik at institusjonane blir meir velfungerande, truverdige, ansvarlege og legitime

10.7 Leggje til rette for migrasjon og mobilitet i ordna, trygge, regelmessige og ansvarlege former, mellom anna ved å gjennomføre ein planmessig og godt forvalta migrasjonspolitikk

10.a Gjennomføre prinsippet om særbehandling og differensiert behandling av utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, i samsvar med avtalar med Verdshandelsorganisasjonen

10.b Stimulere til offentleg utviklingsbistand og kapitalflyt, mellom anna direkte utanlandske investeringar, til statane der behovet er størst, særleg dei minst utvikla landa, afrikanske land, små utviklingsøystatar og kystlause utviklingsland, i samsvar med landa sine eigne planar og program

10.c Innan 2030 redusere transaksjonsgebyra til under tre prosent ved pengeoverføringar frå utflytta til heimlandet, og avskaffe overføringsordningar der gebyra overstig fem prosent

Mål 11. Gjere byar og busetjingar inkluderande, trygge, motstandsdyktige og berekraftige

11.1 Innan 2030 sikre ålmenn tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggjande tenester til ein overkomeleg pris, og betre forholda i slumområde

11.2 Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, lett tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkomeleg pris, og betre tryggleiken på vegane, særleg gjennom utbygging av offentlege transportmiddel og med særleg vekt på behova til personar i utsette situasjonar, kvinner, barn, personar med nedsett funksjonsevne og dessutan eldre

11.3 Innan 2030 oppnå ei meir inkluderande og berekraftig urbanisering med høve for ei integrert og berekraftig busetjingsplanlegging og -forvalting som gjev medråderett i alle land

11.4 Styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda

11.5 Innan 2030 oppnå ein betydeleg reduksjon i talet på dødsfall og talet på personar som blir ramma av katastrofar, medrekna vassrelaterte katastrofar, og dessutan i betydeleg grad minske dei direkte økonomiske tapa i det samla bruttonasjonalproduktet i verda som følgje av slike katastrofar, med vekt på vern av fattige og personar i utsette situasjonar

11.6 Innan 2030 redusere negative konsekvensar for miljøet i storbyane målt per innbyggjar, mellom anna ved å leggje særleg vekt på luftkvalitet og dessutan offentleg og anna form for avfallshandtering

11.7 Innan 2030 sørgje for ålmenn tilgang til trygge, inkluderande og lett tilgjengelege grøntområde og offentlege rom, særleg for kvinner, barn og eldre og dessutan personar med nedsett funksjonsevne

11.a Stø positive økonomiske, sosiale og miljømessige samband mellom byområde, omland og spreiddbygde område ved å styrkje nasjonale og regionale utviklingsplanar

11.b Innan 2020 oppnå ein betydeleg auke i talet på byar og busetjingar som vedtek og gjennomfører ein integrert politikk og plan med sikte på inkludering, betre ressursbruk, avgrensing av og tilpassing til klimaendringar og dessutan evne til å motstå og handtere katastrofar, og dessutan utvikle og setje i verk ei heilskapleg og altomfattande risikostyring i samband med katastrofar, i tråd med Sendai-rammeverket for katastrofeberedskap 2015–2030

11.c Hjelpe dei minst utvikla landa med å oppføre berekraftige og solide bygningar ved bruk av lokale materiale, mellom anna gjennom økonomisk og fagleg bistand

Mål 12. Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

12.1 Gjennomføre det tiårige handlingsprogrammet for berekraftig forbruk og produksjon, med deltaking frå alle land og der dei utvikla landa går føre, samtidig som det blir teke omsyn til utviklingsnivåa og moglegheitene til utviklingslanda

12.2 Innan 2030 oppnå ei berekraftig forvalting og effektiv bruk av naturressursar

12.3 Innan 2030 halvere delen matsvinn per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, medrekna svinn etter innhausting

12.4 Innan 2020, og i samsvar med internasjonalt vedtekne rammeverk, oppnå ei meir miljøvenleg forvalting av kjemikalium og alle former for avfall gjennom heile livssyklusen deira, og betydeleg redusere utslepp av kjemikalium og avfall til luft, vatn og jord for mest mogleg å avgrense skadeverknadene for helsa til menneske og for miljøet

12.5 Innan 2030 betydeleg redusere avfallsmengda gjennom forbod, reduksjon, gjenvinning og ombruk

12.6 Stimulere selskap, særleg store og fleirnasjonale selskap, til å innføre berekraftige arbeidsmetodar og integrere informasjon om berekraft i rapporteringsrutinane sine

12.7 Fremje berekraftige ordningar for offentlege innkjøp, i samsvar med politikken og prioriteringane i dei enkelte landa

12.8 Innan 2030 sikre at alle i heile verda har relevant informasjon om og er medvitne om ei berekraftig utvikling og ein livsstil som er i harmoni med naturen

12.a Stø utviklingslanda i arbeidet med å styrkje den vitskaplege og tekniske kapasiteten deira til gradvis å innføre meir berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

12.b Utvikle og innføre metodar for å overvake konsekvensane av ei berekraftig utvikling på ei turistnæring som er berekraftig, skaper arbeidsplassar og fremjar lokal kultur og lokale produkt

12.c Redusere ineffektive subsidiar til fossilt brensel ved å fjerne marknadsvridingar som oppmuntrar til overforbruk, i samsvar med forholda i dei enkelte landa, medrekna ved å leggje om skattar og avgifter og avvikle skadelege subsidiar der dei finst, slik at konsekvensane for miljøet blir avdekte, samtidig som det blir fullt ut teke omsyn til det særlege behovet og situasjonen til utviklingslanda og eventuelle skadelege konsekvensar for utviklinga deira blir avgrensa mest mogleg og på ein måte som vernar dei fattige og dei lokalsamfunna det gjeld

Mål 13. Handle omgåande for å kjempe mot klimaendringane og konsekvensane av dei*

13.1 Styrkje evna til å stå imot og tilpasse seg klimarelaterte farar og naturkatastrofar i alle land

13.2 Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå

13.3 Styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å motverke, tilpasse seg og redusere konsekvensane av klimaendringar og evna deira til tidleg varsling, og dessutan styrkje kunnskapen og medvitsgjeringa om dette

13.a Gjennomføre forpliktingane som dei utvikla landa som er part i FN sin rammekonvensjon om klimaendring, har teke på seg for å nå målet om i fellesskap og innan 2020 å skaffe 100 milliardar dollar per år frå alle kjelder for å møte behovet til utviklingslanda for å innføre føremålstenlege klimatiltak og gjennomføre dei på ein open måte, og fullt ut å operasjonalisere Det grøne klimafondet ved at fondet snarast mogleg blir tilført kapital

13.b Fremje ordningar for å styrkje evna til effektiv planlegging og forvalting knytt til klimaendringar i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar, mellom anna med vekt på kvinner og ungdom og dessutan lokale og marginaliserte samfunn

* I erkjenninga av at FN sin rammekonvensjon om klimaendring er det viktigaste internasjonale og mellomstatlege forumet for forhandlingar om globale tiltak mot klimaendringar.

Mål 14. Verne og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling

14.1 Innan 2025 forhindre og i stor grad redusere alle former for havforureining, særleg frå landbasert verksemd, medrekna forureining som kjem av marin forsøpling og næringsstoff

14.2 Innan 2020 forvalte og verne økosystema i havet og langs kysten på ein berekraftig måte for å unngå omfattande skadeverknader, mellom anna ved å styrkje motstandsevna til systema og setje i verk gjenopprettande tiltak for å gjere hava sunne og produktive

14.3 Mest mogleg avgrense og handtere konsekvensane av havforsuring, mellom anna gjennom auka vitskapleg samarbeid på alle nivå

14.4 Innan 2020 innføre effektive tiltak for å regulere hausting og få slutt på overfiske, ulovleg, urapportert og uregulert fiske og dessutan øydeleggjande fiskemetodar, og setje i verk vitskapleg baserte forvaltingsplanar for at fiskebestandane snarast mogleg kan rettast minst opp att til eit nivå som kan gje best mogleg berekraftig avkasting ut frå det biologiske særtrekket til bestandane

14.5 Innan 2020 verne minst ti prosent av kyst- og havområda, i samsvar med nasjonal rett og folkeretten og på grunnlag av den beste vitskaplege kunnskapen som er tilgjengeleg

14.6 Innan 2020 forby visse former for fiskerisubsidiar som bidreg til overkapasitet og overfiske, avskaffe subsidiar som bidreg til ulovleg, urapportert og uregulert fiske og dessutan unngå å innføre nye tilsvarande subsidiar, og samtidig erkjenne at ei føremålstenleg og effektiv særbehandling og differensiert behandling av utviklingslanda og dei minst utvikla landa bør vere ein integrert del av Verdshandelsorganisasjonen sine forhandlingar om fiskerisubsidiar

14.7 Innan 2030 auke dei økonomiske fordelane for små utviklingsøystatar og dei minst utvikla landa som følgje av ein berekraftig bruk av marine ressursar, mellom anna gjennom berekraftig forvalting av fiskeri, akvakultur og turistnæringa

14.a Styrkje vitskapleg kunnskap, byggje opp forskingskapasitet og overføre marin teknologi, og samtidig ta omsyn til kriterium og retningslinjer frå Den mellomstatlege oseanografiske kommisjonen for overføring av marin teknologi, med sikte på å betre tilstanden i havet og auke bidraget frå det marine artsmangfaldet til utviklinga i utviklingslanda, særleg i små utviklingsøystatar og dei minst utvikla landa

14.b Gje fiskarar som driv småskala fiske med enkle reiskapar, tilgang til marine ressursar og marknader

14.c Auke bevaringa og ein berekraftig bruk av hava og havressursane ved å gjennomføre folkerettslege avgjerder slik dei er nedfelte i FN sin havrettskonvensjon, som utgjer rettsgrunnlaget for bevaring og berekraftig bruk av havet og havressursane, slik det òg kjem fram av punkt 158 i FN-rapporten «The Future We Want»

Mål 15. Verne, rette opp igjen og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvalting, kjempe mot ørkenspreiing, stanse og reversere landdegradering og dessutan stanse tap av artsmangfald

15.1 Innan 2020 sikre bevaring, gjenoppretting og berekraftig bruk av ferskvassbaserte økosystem og tenester som nyttar seg av desse økosystema, på land og i innlandsområde, særleg skogar, våtmarker, fjell og tørre område, i samsvar med forpliktingar i samsvar med internasjonale avtalar

15.2 Innan 2020 fremje gjennomføring av ei berekraftig forvalting av all slags skog, stanse avskoging, rette opp igjen skogtap og i betydeleg grad auke skoggjenreising og nyplanting på globalt nivå

15.3 Innan 2030 kjempe mot forørking, rette opp igjen landtap og matjord, medrekna landområde som er ramma av forørking, tørke og overfløymingar, og arbeid for ei verd utan landdegradering

15.4 Innan 2030 sikre bevaring av økosystem i fjellområde, medrekna dei biologiske mangfalda deira, slik at dei skal bli betre i stand til å yte viktige bidrag til ei berekraftig utvikling

15.5 Setje i verk omgåande og omfattande tiltak for å redusere øydelegginga av habitat, stanse tap av biologisk mangfald og innan 2020 verne truga artar og forhindre at dei døyr ut

15.6 Fremje ei rettferdig og likeleg deling av fordelane knytte til bruk av genressursar, og fremje ein føremålstenleg tilgang til slike ressursar i tråd med internasjonale avtalar

15.7 Treffe strakstiltak for å stanse krypskyting og ulovleg handel med verna plante- og dyreartar og handtere både tilbods- og etterspørselsida ved handelen med ulovlege produkt frå viltlevande dyr

15.8 Innan 2020 innføre tiltak for å unngå innføring og spreiing av framande artar og for i stor grad å redusere påverknaden til framande artar på land- og vassbaserte økosystem, og dessutan kontrollere eller utrydde prioriterte miljøframande artar

15.9 Innan 2020 innarbeide prinsipp om økosystem og biologisk mangfald i nasjonale og lokale planleggings- og utviklingsprosessar, strategiar for fattigdomsreduksjon og dessutan rekneskapar

15.a Skaffe til vegar og oppnå ein stor auke i finansielle ressursar frå alle kjelder med sikte på bevaring og berekraftig bruk av biologisk mangfald og økosystem

15.b Skaffe til vegar betydelege ressursar frå alle kjelder og på alle nivå for å finansiere ei berekraftig skogforvalting, og sørgje for verkemiddel eigna til å fremje slik forvalting i utviklingslanda, mellom anna for bevaring og nyplanting av skog

15.c Auke den globale støtta til tiltak for å kjempe mot krypskyting og ulovleg handel med verna artar, mellom anna ved å styrkje evna lokalsamfunna har til å nytte dei moglegheitene som finst for å halde oppe eit berekraftig livsgrunnlag

Mål 16. Fremje fredelege og inkluderande samfunn med sikte på berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvern for alle og byggje velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

16.1 Oppnå ein betydeleg reduksjon i alle former for vald og delen valdsrelaterte dødsfall i heile verda

16.2 Stanse overgrep, utnytting, menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn

16.3 Fremje rettsstaten nasjonalt og internasjonalt, og sikre lik tilgang til rettsvern for alle

16.4 Innan 2030 oppnå ein betydeleg reduksjon av ulovlege finans- og våpenstraumar, gjere det enklare å spore opp og returnere stolne eigedelar og dessutan kjempe mot alle former for organisert kriminalitet

16.5 Oppnå ein betydeleg reduksjon i alle former for korrupsjon og bestikkingar

16.6 Utvikle velfungerande, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå

16.7 Sikre lydhøyre, inkluderande, medbestemmande og representative avgjerdsprosessar på alle nivå

16.8 Utvide og styrkje deltakinga til utviklingslanda i institusjonar for global styring

16.9 Innan 2030 sikre juridisk identitet for alle, medrekna fødselsregistrering

16.10 Sikre ålmenn tilgang til informasjon og verne grunnleggjande fridomar, i samsvar med nasjonal lovgjeving og internasjonale avtalar

16.a Styrkje relevante nasjonale institusjonar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid, med sikte på å byggje kapasitet på alle nivå, og særleg i utviklingsland, for å førebyggje vald og kjempe mot terrorisme og kriminalitet

16.b Fremje og handheve ikkje-diskriminerande lover og politikk for berekraftig utvikling

Mål 17. Styrkje gjennomføringsmidla og fornye globale partnarskap for berekraftig utvikling

Finans

17.1 Styrkje mobiliseringa av nasjonale ressursar, mellom anna gjennom internasjonal støtte til utviklingsland, med sikte på å betre evna landa har til å krevje inn skattar og andre avgifter

17.2 Sjå til at dei utvikla landa fullt ut gjennomfører dei offisielle bistandsforpliktingane sine (ODA) overfor utviklingslanda, mellom anna forpliktinga som mange av dei har teke på seg til å gje 0,7 prosent av ODA/BNI i bistand til utviklingsland og 0,15–0,20 prosent av ODA/BNI til dei minst utvikla landa; ytarar av ODA blir oppmoda til å vurdere å gje minst 0,20 prosent av ODA/BNI i bistand til dei minst utvikla landa

17.3 Mobilisere ytterlegare finansielle ressursar til utviklingslanda frå fleire kjelder

17.4 Hjelpe utviklingslanda i å oppnå langsiktige og berekraftige gjeldsvilkår gjennom ein samordna politikk for å fremje gjeldsfinansiering, gjeldslette eller omstrukturering av gjeld, og behandle utanlandsgjelda til dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa på ein måte som reduserer gjeldsrelatert naud

17.5 Vedta og gjennomføre investeringsfremjande ordningar for dei minst utvikla landa

Teknologi

17.6 Betre tilgangen til og styrkje samarbeidet mellom nord og sør, sør og sør og det triangulære samarbeidet regionalt og internasjonalt om vitskap, teknologi og innovasjon, og forbetre kunnskapsdelinga på gjensidig avtalte vilkår, mellom anna gjennom betre samordning av eksisterande ordningar, særleg på FN-nivå, og gjennom ei global ordning for tilgjengeleggjering av teknologi

17.7 Fremje utvikling, overføring, spreiing og formidling av miljøvenleg teknologi til utviklingsland på fordelaktige vilkår, mellom anna på ikkje-marknadsmessige vilkår eller på vilkår som på annan måte er gunstigare enn det andre land får, etter gjensidige avtalar

17.8 Fullt ut setje i gang teknologibanken og ordninga for kapasitetsoppbygging innanfor vitskap, teknologi og innovasjon for dei minst utvikla landa innan 2017, og auke bruken av tilpassa teknologi, særleg informasjons- og kommunikasjonsteknologi

Kapasitetsbygging

17.9 Auke den internasjonale støtta til gjennomføring av ei effektiv og målretta kapasitetsoppbygging i utviklingsland og dermed stø nasjonale planar for gjennomføring av alle berekraftsmåla, mellom anna gjennom samarbeid mellom nord og sør, sør og sør og triangulært

Handel

17.10 Fremje eit ålment, regelbasert, ope, ikkje-diskriminerande og likeverdig multilateralt handelssystem underlagt Verdshandelsorganisasjonen, mellom anna ved å sluttføre forhandlingane under Doha-runden til organisasjonen

17.11 Betydeleg auke eksporten til utviklingslanda, særleg med sikte på å doble dei minst utvikla landa sin del av eksporten i verda innan 2020

17.12 I praksis gje alle dei minst utvikla landa tilbørleg og varig avgifts- og kvotefri marknadstilgang, i samsvar med avgjerder i Verdshandelsorganisasjonen, mellom anna ved å sikre at det blir nytta klare og enkle preferanseopphavsreglar på importvarer frå dei minst utvikla landa, og bidra til å lette marknadstilgangen

Systemiske spørsmål

Politisk og institusjonell samstemt handling

17.13 Styrkje stabiliteten i makroøkonomien i verda, mellom anna gjennom politisk samordning og samstemt handling

17.14 Oppnå ein meir samstemt politikk for berekraftig utvikling

17.15 Respektere det politiske handlingsrommet og leiarskapet i kvart land med omsyn til å etablere og gjennomføre eigen politikk for fattigdomsnedkjemping og berekraftig utvikling

Partnarskap mellom fleire interessentar

17.16 Styrkje det globale partnarskapet for berekraftig utvikling, som blir følgt opp av partnarskap mellom fleire interessentar med sikte på å mobilisere og dele kunnskap, ekspertise, teknologi og finansielle ressursar for å bidra til at alle land, særleg utviklingslanda, når berekraftsmåla

17.17 Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og private og i det sivile samfunnet, på grunnlag av erfaringane og ressursstrategiane til partnarskapa

Data, overvaking og ansvarlegheit

17.18 Innan 2020 auke støtta til kapasitetsoppbygging i utviklingsland, også i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar, for i betydeleg grad å betre tilgangen på pålitelege og aktuelle data av høg kvalitet fordelt etter inntekt, kjønn, alder, rase, etnisitet, migrasjonsstatus, funksjonsevne, geografisk plassering og andre kjenneteikn som er relevante i nasjonal samanheng

17.19 Innan 2030 byggje vidare på eksisterande initiativ for å utarbeide metodar for å måle den framgangen som blir gjord i retning av berekraftig utvikling, og som utfyller bruttonasjonalproduktet, og dessutan stø kapasitetsoppbygginga utviklingslanda gjer på statistikkområdet

Kjelde: Utanriksdepartementet

Publisert 01.05.2024
Publisert 01.05.2024
Oppdatert 01.05.2024
Oppdatert 01.05.2024