– Pride er ikkje ei feiring, det er eit opprør

Olena Shevchenko (t.v.) og Olena Hanich (t.h.)
Korleis er det å stå opp for grunnleggjande menneskerettar i eit land som er under angrep? Norad møtte to ukrainske menneskerettsforkjemparar som, med støtte frå Noreg, arbeider for at rettane til skeive ikkje skal setjast på vent under krigen.
– Sjølv i situasjonar eg vil kalle håplause, finn folk ein måte å drive aktivisme på, vere synlege og løfte stemmene sine, sier Olena Hanich. Ho og kollegaen Olena Shevchenko var i Noreg for å dele erfaringar frå arbeidet for skeives rettar i Ukraina.

Deltakarar markerte Pride i Kyiv og marsjerte gjennom sentrum 14. juni 2025. Samstundes heldt høgrekonservative aktivistar ei motdemonstrasjon.
Dei får støtte frå Nansen-programmet for Ukraina, via Den norske Helsingforskomiteen. Programmet skal styrkje tryggleik, dokumentasjon og rettsvern for skeive i Ukraina.
Nokre veker før Pride-markeringa skal fylle gatene i Oslo med regnbogeflagg, møttest vi til eit intervju hos Norad.
Olena Shevchenko

Shevchenko er ein av Ukrainas mest profilerte menneskerettsforkjemparar og leiande aktivist for LHBTIQ+rettar. Ho er medgrunnleggar og leiar av organisasjonen Insight som jobbar for skeives rettar.
Kan du fortelje korleis Pride blir markert i Ukraina?
– Det er ikkje det same som i Noreg, dessverre. Pride er ikkje ei feiring, det er framleis eit opprør. Det er ein kamp for kvart steg du tek i sentrum av Kyiv. I praksis ser paraden slik ut: Det er mykje politi rundt oss, og vi har berre 10–15 minutt i gatene før høgreekstreme kjem og prøver å stoppe paraden med vald. Paraden er ein demonstrasjon.
Eg er glad for at så mange i Ukraina, ikkje berre folk frå LHBTIQ+miljøet, men også heterofile allierte, vel å kome. Fleire og fleire kvart år går ut for å verne om fridom og rettane til alle.
Du har jobba som aktivist lenge. Korleis har den fullskala invasjonen påverka arbeidet ditt?
– Vi står midt i ein hybrid krig og mange menneske har døydd – blant dei mange LHBTIQ+personar. Vi kjempar overalt i Ukraina for landet vårt og menneskerettane våre.
– Krigen gir også høve til å vise at vi no beveger oss bort frå russiske konservative verdiar. Vi forsvarar fridomen til alle, og det hjelper LHBTIQ+miljøet å bli meir synleg.

Gjennom fleire år har Shevchenko arbeida for å styrkje rettsvern og tryggleik for skeive, transpersonar og andre marginaliserte grupper – også under krevjande forhold i krigstid.
Er det noko som gir deg håp?
– Sjølvsagt. Kvar dag i livet mitt tenkjer eg at det finst håp, sjølv om situasjonen er komplisert og vanskeleg. Kvar gong eg møter nye folk som kjem til samfunnssenteret vårt, eller når vi vinn ei rettssak, eller når folk kjem bort til meg i butikken og seier: «Eg såg deg, takk for arbeidet ditt», da finst håpet.
Kva vil du seie til folk i Noreg?
– Kampen vår er også dykkar kamp. Vern om retten til å vere høglydt, til å kunne gå ut i gatene og seie at du er ueinig i noko, eller berre uttrykkje deg sjølv. Dersom du nokon gong blir nekta den retten, vil det kome andre sanksjonar og restriksjonar. Så sjølvsagt må du verne om det. Dette er ein kamp, ikkje ei feiring, også i Noreg.
Olena Hanich

Hanich er ein ukrainsk LHBTIQ+aktivist og prosjektkoordinator for Eastern European Coalition for LGBT+ Equality. Ho har i ei årrekkje vore ei sentral stemme i kampen for skeive sine rettar i Ukraina.
Kva motiverer deg til å stå opp for menneskerettar slik du gjer?
– Når eg ser at folk framleis har håp i augo,og framleis har idear trass dei vanskelege omstenda dei lever i, blir eg inspirerert og det gir meg håp.
– Sjølv i situasjonar eg ville kalla håplause, finn folk ein måte å drive aktivisme på, vere synlege og løfte stemmene sine.
Korleis har krigen endra måten du jobbar på?
– LHBTIQ+organisasjonar dreiv ikkje så mykje med humanitært arbeid før den fullskala invasjonen. Februar 2022 endra alt seg på berre nokre dagar. Organisasjonar som jobba med menneskerettar, samfunnsbygging og påverknadsarbeid, gjekk straks over til humanitær støtte.
– Samstundes kjempar vi framleis for rettane våre, vi driv framleis påverknadsarbeid, og samfunnsbygging. No kombinerer vi det berre med humanitær hjelp òg.
Har det å vere ei minoritetsgruppe gjort arbeidet dykkar enklare eller vanskelegare?
– Eg vil seie at under krig er minoritetar dei gruppene som blir hardest råka, spesielt når det gjeld kjensla av isolasjon. Så på nokre måtar svekka det oss litt, men samstundes vart vi som gruppe meir samla og meir støttande overfor kvarandre. For no forstår vi ikkje berre kor sårbare vi er i gruppa, men også kor sårbare menneska rundt oss er. Og det er noko som bind oss saman.

Olena Hanich har i ei årrekkje vore ei sentral stemme i kampen for skeive sine rettar i Ukraina og Aust-Europa.
Skal du delta i Pride i Ukraina denne våren?
– Ja, eg planlegg det. Pride er ein demonstrasjon for å minne staten, regjeringa og tenestepersonane våre om at vi er her. Vi er også Ukraina. Vi er verdige tryggleik og vi er verdige å bli anerkjende.
Har du eit bodskap til folk i Noreg?
– Eg vil seie: Ver varsam med rettane dine. Følg nøye med på kva som skjer rundt deg, og dersom du merkar at noko går gale, snakk om det. Ikkje tenk at rettane dine varer evig. Sjå kor dramatisk situasjonen i Georgia har endra seg dei siste tre åra.
Ingenting er garantert. Snakk høgt. Be loud!
– Pride er ikkje ei feiring, det er eit opprør, seier Olena Shevchenko.