Nepal og Kina: Enorme hjelpebehov i katastrofeområda

 En mann i refleksvest og rød hjelm står på en steinmur og ser ut over et rasrammet område i Nepal. Rundt ham ligger gjørme, vannfylte grøfter, blå presenninger og bygninger, med fjell i bakgrunnen.

Flaumkatastrofen har tatt minst 1250 menneskeliv. 5600 menneske er framleis sakna. Noreg støttar det særs krevande hjelpearbeidet med 10 millionar kroner frå den humanitære reserven i tillegg til støtte gjennom nødhjelpsfonda til FN og Røde Kors.

Flaumen kom etter at ein isbre i Himalaya kollapsa  og sette store vassmassar i rørsle. Svære sørpeskred herja i dalane og raserte mange landsbyar. Hardast råka er distrikta Rasuwa og Nuwakot i Nepal, og Tibet i Kina. 

Styresmakter både i Kina og Nepal seier global oppvarming er årsaken til katastrofen. Noreg går inn i hjelpearbeidet med 10 millionar kroner frå reserven til flaumrespons. Dette er pengar som er løyvd i starten av året og kan brukast der dei trengst mest.  

Når ei krise råkar, er dei første timane og dagane avgjerande. Derfor må midla vera fleksible slik at hjelpa kjem i gang så fort som råd er, seier Martin Samuelsen, seksjonsleiar for humanitær innsats i Norad. 

Portrett av en voksen mann i hvit skjorte og rutete jakke, som ser rett i kamera. Bakgrunnen er uskarp og består av mørke, varme fargetoner.

Martin Samuelsen er seksjonsleiar for humanitær innsats i Norad.

Over 1250 menneske er stadfesta døde og omlag 5600 er sakna. Flodbølga kom svært brått og raserte bygningar, vegar, bruer, vasskraftanlegg og annan viktig infrastruktur. Det gjer at hjelpearbeidet er svært krevande. 

Internasjonalt hjelpearbeid

Hjelpearbeidet i Nepal blir leidd av nepalske styresmakter (NDRRMA), i samarbeid med FN, Nepal Røde Kors/IFRC og internasjonale organisasjonar.  

Den norske støtta frå den humanitære reserven går til: 

  • IFRCs nødhjelpsappell for flaumen i Nepal – 5 millionar kroner
    • Midla som går gjennom Nepal Røde Kors vil blant anna støtte husly, kontantstøtte, helse, husholdningsartiklar til nødhjelp, vatn, sanitær og hygiene, psykisk helsehjelp og psykososial støtte, og gjenoppretting av familiekontakt. 
  • IOMs innsats for husly og midlertidige husvære i Nepal – 5 millionar kroner
    • IOM deltar aktivt hjelpearbeidet som er leia av styresmaktene i Nepal. Det norske bidraget vil støtte husly og kontantstøtte til fordrevne og andre flaumramma hushald i i Rasuwa, Nuwakot og Dhading. IOM er FNs internasjonale organisasjon for migrasjon.  
Luftfoto av et tettsted der store områder er dekket av grå slam- og flommasser, med ødelagte bygninger langs elveløp på begge sider. Bildet viser omfattende flom- eller jordskredskader i et dalområde.

Flyfoto av hus gravlagde i slam etter flaumen i Devighat i Nuwakot-distriktet i Nepal, som starta 26. august 2026.

Store behov 

FN melder at rundt 84 000 menneske er i akutt mangel på reint vatn og tilfredsstillande sanitærforhold.  

Meir enn 32 000 barn har behov for beskyttelse etter katastrofen. 

På kinesisk side er det styresmaktene som leier arbeidet. FN-kontoret i Kina står klare til å hjelpe, men ingen internasjonale humanitære aktørar arbeider direkte i dei råka områda på kinesisk side. 

Noreg støttar arbeidet gjennom dei internasjonale krisefonda til Røde Kors (DREF) og FN (CERF) i tillegg til 10 millionar frå den humanitære reserven. Desse ordningane er laga forå kunne reagere raskt når katastrofar rammar.  

  • DREF har løyvd 1 million sveitsiske franc. Det tilsvarer om lag 11,6 millionar kroner.  
  • CERF har løyvd 2,5 millionar amerikanske dollar. Det tilsvarer om lag 23,3 millionar kroner.  

Noreg er ein av dei største bidragsytarane til DREF og står for om lag sju prosent av finansieringa. Noreg er òg ein av dei største givarane til CERF og finansierer om lag ti prosent av fondet.   

En dame i røde klær står foran en stor vegg dekket med bilder og oppslag av savnede mennesker. Veggen er tett fylt med portretter og tekstark i ulike størrelser.

Ein vegg med fotografi av sakna personar på eit sjukehus i Kathmandu 30. august 2026.

Sårbare samfunn 

Norad har ikkje øyremerka humanitære midlar i Nepal frå før. Men Nepal eit land med utbreidd fattigdom, store geografiske forskjellar og landet er sårbart for naturkatastrofar med nedsmeltinga av isbrear i Himalaya.  

Mange lokalsamfunn, særleg i fjellområdamanglar grunnleggjande tenester og infrastruktur også i normalsituasjon. Når ei slik katastrofe råkar, kan behova difor raskt bli store.  

Redd Barna er i Nepal og får norsk støtte. Dei driv bådelangsiktig utviklingsinnsats og humanitært arbeid. Redd Barna er blant anna aktive i å koordinere hjelpearbeidet.   

I følge FN er 29 skular er påvirka eller øydelagde av flaumen. 19.000 elevar frå skular i flaumområda mistar undervisning på uviss tid. Behovet for psykologisk oppfølging er stort. 

Publisert 28.08.2026
Publisert 28.08.2026
Oppdatert 04.09.2026
Oppdatert 04.09.2026