Meir hjelp til Nord-Etiopia 

En bil merket med Den internasjonale Røde Kors-komiteens emblem kjører bak en pickup på en asfaltert vei som svinger oppover. To personer står ved autovernet lenger fremme.

Konflikten i Nord-Etiopia har blitt verre. Fleire menneske treng hjelp. Noregs Røde Kors og NRC Flyktninghjelpen bruker difor til saman 13 millionar kroner frå avtalane sine med Norad til å hjelpe fleire i området. 

Sidan slutten av september har nye kampar særleg ramma regionane Tigray, Amhara og Afar. Til saman bur det omlag 30 millionar menneske i desse områda.  

Bakgrunnen for dei nye kampane er at fredsavtalen frå november 2022, som avslutta den to år lange krigen i Tigray, ikkje løyste alle konfliktane mellom styresmaktene i Etiopia og leiinga i Tigray-regionen.  

Utsikt over bygninger og en gate gjennom knuste vinduer i et skadet rom. Bygningsrester dekker gulvet, og løse ledninger henger fra taket.

Eit knust vindauge i Tigray TV, kringkastaren til regionalstyresmaktene, etter eit droneangrep i Mekelle i Etiopia 27. september 2026.

Mellom anna står spørsmål om kontroll over omstridde område, tryggleik og tilbakevending for menneske som vart drivne på flukt, framleis uløyste. 

No har fleire har måtta flykte frå heimane sine. Det har blitt vanskelegare å få helsehjelp, og mange treng vern mot vald og overgrep.  

Mange hadde det vanskeleg frå før, etter tidlegare konfliktar og kriser knytte til klimaet.  

Sjukehusa manglar tilsette, medisinar og utstyr. Kampane gjer det òg vanskeleg å få fram livsviktige forsyningar. Verdshelseorganisasjonen (WHO) åtvarar om at helsetenestene kan bryte saman.  

– Den nye konflikten rammar menneske som allereie har det svært vanskeleg. Fleksible midlar frå Norad gjer at organisasjonane raskt kan endre innsatsen og hjelpe dei som treng det mest, seier Martin Samuelsen, leiar for seksjon for humanitær innsats i Norad.  

En mann i rutete blazer og hvit skjorte står foran en vegg med blå og grå partier og ser mot kameraet.

Martin Samuelsen er leiar for seksjon for humanitær innsats i Norad. 

Meir helsehjelp  

Norges Røde Kors bruker 3 millionar kroner til helsehjelp i Afar, Tigray og Amhara. Arbeidet skjer saman med Etiopisk Røde Kors.   

Pengane går mellom anna til ambulansar, helsepersonell, frivillige og opplæring av 30  akuttmedisinske 30 team. Organisasjonen skal òg førebyggje malaria og kolera og oppdage sjukdommane tidleg.  

Målet er å hjelpe 100 000 menneske.  

– Den auka konflikten i Amhara, Tigray og Afar har gjort behovet for akutt helsehjelp endå større. Saman med Etiopisk Røde Kors skal vi styrkje ambulansetenestene og dei grunnleggjande helsetilboda, slik at menneske som er råka av konflikten, får tilgang til livsviktige helsetenester, seier Jørgen Haldorsen, avdelingsleiar for internasjonal avdeling i Norges Røde Kors. 

Hjelp til menneske på flukt  

NRC Flyktninghjelpen bruker 10 millionar kroner til hjelp i Afar og Tigray. Pengane skal mellom anna gi folk:  

  • reint vatn, toalett og betre hygiene  
  • skulegang  
  • vern mot vald og overgrep  
  • juridisk hjelp  
  • kontantstøtte  

Målet er å hjelpe rundt 61 600 menneske. Av desse er nokre internt fordrivne, andre  er flyktningar frå andre land,  menneske som har vendt heim, eller personar i lokalsamfunn som tek imot menneske på flukt.  

Flyktninghjelpen har allereie gitt kontantstøtte til over 3 500 menneske fordi behova har auka. Til dette har organisasjonen brukt pengar frå eksisterande avtalar.  

 – Med støtte frå dei fleksible midlane til Norad kan vi raskt levere naudhjelp i dei områda som er hardast råka, og støtte sivilbefolkninga med det dei treng mest i den akutte fasen. Vi skal sørgje for at dei får dekt dei grunnleggjande behova sine, og samstundes sikre betre vern for menneske som er drivne på flukt, seier Isaac Ooko, landdirektør for NRC Flyktninghjelpen i Etiopia. 

Norsk støtte til Etiopia  

Den samla norske humanitære støtta til Etiopia er no på rundt 84 millionar kroner. I tillegg kjem støtte gjennom FNs nødhjelpsfond (CERF) og katastrofefondet til Raude Kross-rørsla (DREF).  

CERF har nyleg sett av 8,5 millionar amerikanske dollar til hjelp i Nord-Etiopia. Målet er å hjelpe rundt 202 700 menneske med mellom anna vatn, toalett, ernæring, vern og ein mellombels stad å bu. Noreg står for om lag 10 prosent av finansieringa til CERF. 

DREF har sett av om lag 8,5 millionar kroner til ein seks månader lang innsats mot  tørke i Etiopia. Etter fleire sesongar med lite regn er over 3,5 millionar menneske ramma av tørke i Oromia, Amhara og Tigray. Innsatsen skal hjelpe 50 000 menneske med mellom anna kontanstøtte, helsehjelp, vatn og sanitærtenester.

Noreg finansierar rundt 7 prosent av budsjettet til DREF. 

Publisert i dag
Publisert i dag
Oppdatert i dag
Oppdatert i dag