Jemen: Kampane eskalerer, fleire er i nød

To barn står i forgrunnen og ser mot en kvinne som arbeider i tett vegetasjon, med fjellandskap i bakgrunnen. Kvinnen holder en pose og strekker hånden inn i buskene.

Den humanitære krisa i Jemen veks. FN melder at over halvparten av innbyggjarane i landet er i akutt fare for matmangel, og opptrappinga av krigen gjer at endå fleire må flykte.

Eldre kvinne i lilla hodeplagg og svart kjole plukker grønne planter i et jordbruksområde og holder en rød pose i hånden.

Uten matvarehjelp må Saeedah Mohammed (65) leite etter blad for å stagge svolten.

FNs naudhjelpsfond, Central Emergency Response Fund (CERF), har løyvd 9 millionar amerikanske dollar til livreddande innsats i landet. Dette kjem i tillegg til ei løyving på 10 millionar dollar i august, som tilsaman tilsvarer om lag 180 millionar kroner. 

Sidan 1. august har meir enn 128 000 menneske måtte flykte frå heimane sine fordi kamphandlingane i landet har auka. Berre i sist veke flykta over 30 000.  

Krisa veks samstundes som den internasjonale støtta har gått mykje ned dei siste åra.   

  • 18,2 millionar menneske, det vil seia halvparten av alle innbyggjarane i Jemen er i akutt fare for ikkje ha nok mat.   
  • Av denne halvparten er 5,5 millionar i ein så alvorleg situasjon at matmangelen truar helsa og livsgrunnlaget.   
  • Over 2,2 millionar barn under fem år står i fare for akutt underernæring.  
  • 1,3 millionar gravide og ammande kvinner står i fare for akutt underernæring.  

Løyvingane frå FNs naudhjelpsfond skal betre den livreddande innsatsen til FN og partnarane i områda der behova er størst. Pengane skal mellom anna gå til kontantstøtte, behandling av akutt underernæring, helsehjelp og tiltak for vatn, sanitær og hygiene (WASH).   

Eskalering av konflikten  

Jemen er rekna for å vere den nest største humanitære krisa i verda etter Sudan.  

Årsaka til krisa er den langvarige konflikten mellom styresmaktene i Jemen og opprørarar frå Houthi-rørsla som har eskalert i det siste. Houthiane er støtta av Iran, og dei har også gått til åtak på fleire mål i nabolandet Saudi Arabia.  

Visepresidenten i Jemen åtvarar mot faren frå Houthi-militsen og ba generalforsamlinga i FN om hjelp til å slå dei tilbake. 

Houthiane kontrollerer delar av kysten mot Rødehavet, og har sidan 2023 gjennomført ei rekke åtak mot skip i området. Dette har ført til auka uro for verdshandelen.  

Eskaleringa av krigen har ført til store behov for husly og vann- og sanitærtenester for dei som har flykta.   

Noreg er ein av dei største givarane

Nødhjelpsfondet til Verdas matvareprogran (WFP) førebur seg nå på å støtte 1,5 millionar mennesker ekstra med mat.   

I tillegg har WHO utløyst 490 000 amerikanske dollar, om lag 4,6 millionar kroner, frå Contingency Fund for Emergencies (CFE) til den akutte helseresponsen i Jemen. Midla skal mellom anna bidra til traume- og akuttbehandling, førebuing og respons på utbrot av sjukdom og koordinering av innsatsen i konfliktområde. Noreg er den største givaren til fondet i 2026. 

Noreg er også ein av dei største bidragsytarane til FNs nødhjelpsfond og finansierer om lag ti prosent av fondet.  

Portrett av en voksen mann i hvit skjorte og mørke bukser, stående foran en mørk, abstrakt bakgrunn. Han ser rett mot kameraet med den ene hånden i lommen.
Fleksibel finansiering er avgjerande for at hjelpa kan nå fram til menneske med dei største behova når det hastar.
Martin Samuelsen
Seksjonsleiar for humanitær innsats

FNs globale nødhjelpsfond blir brukt både ved nye katastrofar og i langvarige kriser som får for lite støtte. Fondet gjer det mogleg å setje i gang livreddande innsats utan å måtte vente på nye rundar med finansiering.  

Publisert 18.08.2026
Publisert 18.08.2026
Oppdatert 25.09.2026
Oppdatert 25.09.2026