Norad-konferansen 2024: Korleis slå tilbake mot anti-demokratiske krefter og brot på menneskerettar?

Sevgil Musaieva, prisvinnande ukrainsk journalist og redaktør; Carlos Manuel Rodriguez, direktør i Global Environment Facility (GEF) og tidlegare miljø- og energiminister i Costa Rica., Iyad El-Baghdadi, palestinsk-norsk aktivist og forfattar og Hindou Ibrahim, miljø- og urfolksaktivist frå Tsjad er blant dei som kjem til Norad-konferansen 1. februar.

Sentrale rettsforkjemparar frå Ukraina, Palestina, Afghanistan, Latin-Amerika og Afrika kjem til årets Norad-konferanse for å diskutere ei urovekkjande utvikling i verda. Kampen for demokrati og rettar er tema for Norad-konferansen Rights and Resistance 1. februar.

Demokratiutviklinga går i feil retning. Autoritære krefter vinn fram, og grunnleggjande menneskerettar er under hardt press. Norad har invitert sentrale demokratiforkjemparar, kvinneaktivistar, urfolk, klima- og miljøaktivistar, journalistar og forskarar frå heile verda til Oslo for å diskutere kva som må til for å snu den negative trenden.

– Temaet for Norad-konferansen i år er dessverre skremmande aktuelt. Verda over ser vi at grunnleggjande rettar blir truga. Samtidig må vi ikkje miste håpet. Det er viktig å stø dei modige menneska som tek til motmæle og mobiliserer til kamp mot autoritære krefter, seier Norad-direktør Bård Vegar Solhjell.

Etter fleire tiår med ei positiv demokratiutvikling, har trenden snudd. Dei siste seks åra har halvparten av landa i verda opplevd alvorlege demokratiske tilbakeslag. Ytringsfridomen blir strupt, og høvet til å organisere seg blir avgrensa. Konservative krefter vinn fram, medan kampen for kvinnerettar taper terreng. Og menneske som kjempar for miljøet og rettane til urfolk blir truga på livet.  Dette skjer i alle hjørne av verda.

Norad-konferansen Rights and Resistance vil belyse konsekvensane av tilbakegangen til demokratiet og stadig meir polariserte samfunn.  Kva skjer når sosiale medium og kunstig intelligens blir brukte som våpen i krigen om sanninga? Kva kan vi lære av dei som tør å vise motstand? Og kva rolle kan bistand og utviklingssamarbeid spele i kampen for å sikre folk sine grunnleggjande rettar rundt i verda?

Det blir presentasjon av ny forsking, føredrag, samtalar og debatt.

– Eg ser fram til ein svært relevant og innhaldsrik konferanse der vi skal gjere opp status og diskutere løysingar saman med rettsforkjemparar, journalistar, styresmakter, sivilsamfunnsaktørar og verdsleiande forskarar på feltet, seier Solhjell.

Desse møter du på Norad-konferansen Rights and Resistance 1. februar:

  • Sevgil Musaieva, prisvinnande ukrainsk journalist og redaktør i den uavhengige nettavisa Ukrainska Pravda; Ho vart tildelt Free Media Awards i 2023 og var i 2022 på topp 100-lista til Time Magazine over mest innverknadsrike personar.
  • Mustafa Nayyem, direktør i byrået for gjenoppbygging av infrastruktur i Ukraina. Nayyem kom sjølv til Ukraina som flyktning frå Afghanistan. Han var med på å sparke i gang Maidan-revolusjonen, og har no ansvaret for gjenoppbygging av Ukraina.
  • Iyad El-Baghdadi, palestinsk-norsk aktivist, grunnleggjar av the Kawaakibi Center. Forfattar av boka "The Middle East Crisis Factory" (Hurst 2021). Sat i fengsel i Dei sameinte arabiske emirata for deltakinga si i den arabiske våren. Er innvilga politisk asyl i Noreg.
  • Carlos Manuel Rodriguez, CEO, Global Environment Facility (GEF) og tonegjevande klima- og miljøforkjempar. Tidl. miljø- og energiminister i Costa Rica. Har delteke i klimaforhandlingane i FN i ulike roller sidan 1992. Vart kåra til ein av topp 100 leiarar i verda av Times Magazine i 2023.
  • Timothy Snyder, historikar og professor ved Yale. Forfattar av ei rekkje bøker om mellom anna holocaust, Russland og Ukraina.
  • Hindou Ibrahim, miljø- og urfolksaktivist frå Tsjad, og ei kraftfull og karismatisk stemme i kampen for urfolkrettar og bevaring av naturen.
  • Ayesha Wolasmal, konsulent med variert bakgrunn frå diplomatiet og internasjonalt utviklingssamarbeid. Ho har teke oppdrag for FN og andre organisasjonar i Afghanistan sidan 2007 og jobbar framleis i landet etter at Taliban tok over makta.
  • Winnie Byanyima direktør i UNAIDS, og ei sterk stemme for kvinnerettar i ei årrekkje. Tidl. parlamentsmedlem i Uganda, leiar av Oxfam, med meir.
  • Emmanuel Gyimah-Boadi, grunnleggjar og styreleiar i Afrobarometer – eit uavhengig, afrikansk forskingsnettverk som utfører haldningsundersøkingar blant afrikanarar om demokrati, styresett, økonomi og samfunn.
  • Anne Beathe Tvinnereim, utviklingsminister


Sjå Norad-konferansen i opptak her.

 
Publisert 09.01.2024
Publisert 09.01.2024
Oppdatert 25.07.2024
Oppdatert 25.07.2024